Sport

Liten annonse
    Bøkko legg opp etter VM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 26. februar 2020 KL:13.26)
    Skøyteløpar Håvard Bøkko har bestemt seg for å legge opp. Det fortalde han sjølv på ein pressekonferanse onsdag. Aftenposten omtalte saka fyrst. Han skal gå allround-VM i Vikingskipet til helga og det blir hans aller siste konkurranse. – Eg har tenkt på dette meisterskapet sidan OL, det har vore målet lenge. Eg hadde ynskt å kunne vere blant medaljekandidatane, men det er litt usannsynleg nå. Eg håpar å gjere tre gode løp og oppleve Vikingskipet for siste gong med skøyter på beina, seier ein tydeleg prega Bøkko. 33-åringen frå Hol har ei lang merittliste bak seg. Han har eitt gull og ein bronse frå OL. Gullet kom på lagtempo i Pyeongchang, medan bronsemedaljen tok han i Vancouver på 1500 meter åtte år tidlegare. I 2011 i Inzell tok han sitt einaste gull i VM, også det på 1500 meter. Han har også åtte sølv frå VM i allround og enkeltdistansar. Bøkko gjorde comeback før OL-sesongen i 2018 etter eit kvileår utanfor skøytesporten. I år har han slite med å finne toppforma.

Ord sky bassert på artikkel: 510788
Skøyteløpar - bestemt - fortalde - pressekonferanse - Aftenposten - omtalte - allround - Vikingskipet - konkurranse - meisterskapet - medaljekandidatane - usannsynleg - oppleve - skøyter - tydeleg - åringen - merittliste - lagtempo - Pyeongchang - bronsemedaljen - Vancouver - tidlegare - einaste - enkeltdistansar - comeback - sesongen - kvileår - utanfor - skøytesporten - toppforma -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »