Sport

Liten annonse
    Warholm vurderer å trekkje seg
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 7. august 2020 KL:11.53)
    Karsten Warholm vurderer sin deltaking i Diamond League-stemnet i Monaco neste helg, etter at fyrstedømet på torsdag fekk status som eit «raudt land» av Folkehelseinstituttet. – Slik situasjonen er no så treng vi tid. Vi er i ei vurderingsfase, og har ikkje meir informasjon om saka no, skriv Warholm sin agent, Kristine Haddal i ein SMS til NRK. Til arrangøren av stemnet har Warholm sjølv sagt at Monaco blir eit høgdepunkt for han denne sesongen. Det norske friidrettsforbundet seier til NRK at dei ikkje vil forby norske utøvarar å reise til stemnet. – Vi ber berre utøvarane om å tenkje seg nøye om før dei bestemmer seg for å reise ut av landet, seier toppidrettssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, til NRK. Helseminister Bent Høie seier til NRK at utøvarane må i karantene, der dei ikkje kan vere i kontakt med andre, etter reise til raude land. – Deltaking i stemner må dei vurdere sjølve, men generelt fråråder vi reiser til raude land, seier han.

Ord sky bassert på artikkel: 559757
Warholm - vurderer - trekkje - Karsten - deltaking - Diamond - stemnet - fyrstedømet - torsdag - Folkehelseinstituttet - situasjonen - vurderingsfase - informasjon - Kristine - arrangøren - høgdepunkt - sesongen - friidrettsforbundet - utøvarar - utøvarane - bestemmer - toppidrettssjefen - Slokvik - Helseminister - karantene - kontakt - Deltaking - stemner - generelt - fråråder -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »