Sport

Liten annonse
    15 toppspelarar har søkt om å få delta i utbrytar-liga
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 26. april 2022 KL:11.16)
    Golfveteranen Phil Mickelson er ein av om lag 70 spelarar som har registrert seg for den saudiarabisk-funderte utbrytarligaen i golf. Namna på dei 70 er ikkje kjende, men Mickelsons agent stadfestar at Mickelson er blant dei. Den pengesterke turneringa har møtt motsand frå tradisjonsrike PGA, som er organisasjonen bak dagens turnering for dei beste golfarane i verda. PGA er redd den nye turneringa skal bli ein konkurrent med betre økonomi, og truar med å sanksjonere spelarane som deltek der. Men ifølgje ein talsmann for den nye turneringa, LIV Golf, skal 15 av dei som er blant topp 100 på verdsrankingen, vere blant dei som har meldt si interesse, skriv Sports Illustrated. LIV Golf skal ha si første turnering i London 9.-11. juni, veka før PGAs majorturnering US Championships. Der skal 48 spelarar starte. Deretter følgjer sju andre turneringar dette året.

Ord sky bassert på artikkel: 735553
toppspelarar - utbrytar - Golfveteranen - Mickelson - registrert - saudiarabisk - funderte - utbrytarligaen - Mickelsons - stadfestar - pengesterke - turneringa - motsand - tradisjonsrike - organisasjonen - golfarane - konkurrent - økonomi - sanksjonere - spelarane - ifølgje - talsmann - verdsrankingen - interesse - Illustrated - majorturnering - Championships - Deretter - følgjer - turneringar -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »