Hovedsiden

Liten annonse


    Hushovd om siste etappe i Arctic Race of Norway: – Ein ellevill etappe

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 10. august 2025 KL:09.58)
    Søndag skal sykkelrittet Arctic Race of Norway avslutte i Tromsø med ein etappe på 135,3 km i åtte rundar rundt på Tromsøya. Den meritterte syklisten Thor Hushovd er sjef for sykkellaget Uno-X Mobility. – Det kjem til å bli ein ellevill etappe. Det er kamp i teten mellom britiske Tom Pidcock og Corbin Strong frå New Zealand. Den er ikkje avgjort. Og så er det masse ryttarar bak, seier han til NRK. Han nemner tromsøværingen Andreas Leknessund si avslutning i Arctic Race of Norway i Trondheim i 2022. Då angreip han, og vann rittet. – Dagens etappe i Tromsø er teknisk krevjande. Det er ikkje berre opp og ned, men masse svingar. Det gjer det vanskeleg å kontrollere, meiner Hushovd. – Kven er favoritten? – Han er så lokal som ein kan få det, og heiter Andreas Leknessund, seier Hushovd til NRK.




    Amerikansk stjerne kan miste VM etter fiaskoløp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 2. august 2025 KL:23.50)
    Bronsevinnaren på 1500-meter frå fjorårets OL, Yared Nuguse, kan miste VM etter at han blei nummer fem i eit uttaksløp. Nuguse deltok i det amerikanske VM-uttaket der han blei slått av mellom andre Ethan Strand og OL-vinnar Cole Hocker. Dei tre beste plasseringane kvalifiserer seg til verdsmeisterskapet i Tokyo. Nuguse kjem seg derfor berre til VM dersom nokon trekkjer seg. Det var Jonah Koech som overraska og vann løpet. Nuguse fekk bronse på 1500-meter under leikane i Paris, medan Jakob Ingebrigtsen sprang inn til fjerdeplass.

    Leif Gunnar Smerud tar over trenarjobben i SK Brann Kvinner

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 1. august 2025 KL:08.58)
    Leif Gunnar Smerud blir etter alt å dømme arvtakaren til Martin Ho i løpet av dagen, bekrefter klubben. – Det er berre småting som gjenstår, og om alt klaffar i dag så trer han inn i stillinga med ein gong, opplyser medieansvarleg Mette Hammersland til NRK. Leif Gunnar Smerud landar på Bergen lufthamn i dag klokka ni. Smerud hadde eit kort opphald som hovudtrenar for kvinnelaget til Crystal Palace i engelsk toppfotball i vår. Tidlegare, frå 2014 til 2023 var han hovudtrenar for det norske U21-herrelandslaget. Stavanger-mannen fekk ein del mediemerksemd då han tredde inn som hovudtrenar for «Nødlandslaget» i Nations League i 2020.






    Maktet ikke å forsvare tittelen - Ruud slått ut av Swiss Open

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. juli 2025 KL:15.26)
    Casper Ruud røk ut av Swiss Open etter tap mot argentinske Juan Manuel Cerundolo i Gstaad. 26-åringen fra Snarøya tapte 2-6 i det første settet, men slo tilbake og vant det neste 6-1. I det avgjørende settet ville det seg ikke helt. Cerundolo ble for sterk og vant 6-3 og sikret seg dermed avansementet. Snarøya-mannen var førsteseedet i Gstaad og hoppet over åpningsrunden. Onsdag slo han ut hjemmehåpet Dominic Stricker i strake sett. Det var hans første kamp siden slutten av mai. Knetrøbbel var årsaken til Ruuds avbrekk. I denne perioden falt han ut av topp ti på verdensrankingen, der han i dag er nummer 13. I fjor vant nordmannen ATP 250-turneringen etter 2-1 i sett mot Matteo Berrettini. (NRK/NTB)

    Sebastian Sebulonsen fortset karrieren i Tyskland – signerte for Köln

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. juli 2025 KL:12.05)
    Høgrebacken Sebastian Sebulonsen (25) forlèt Brøndby og skal spele for Köln i tysk Bundesliga dei neste åra. Det bekreftar Köln i sine medium. Sebulonsen har signert ein kontrakt ut 2028-sesongen. – Eg er veldig glad for å vere her. Lagkameratane mine, som allereie har spelt i Tyskland, har berre sagt gode ting som klubben, seier han. Köln vann 2. Bundesliga og rykte opp til øvste nivå i Tyskland førre sesong. (NTB)

    Løyser Rubikskuben på ni sekund

    Kilde: NRK - Innenriks | Publisert: (tirsdag 15. juli 2025 KL:13.53)
    Dei fargerike kubane frå 1980-talet har gått i gløymeboka for dei fleste, men for fleire barn og unge er dette ein oppslukande fritidssyssel - og sport. Dei beste treng berre nokre få sekund til å løyse kubane.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »