Hovedsiden

Liten annonse
    rundspelte i ein halvtime – så skjerpa united seg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 30. desember 2024 KL:22.52)
    Allereie etter 20 minutt låg Manchester United under 2–0 heime mot Newcastle – og det kunne ha vore endå meir. Alexander Isak og Joelinton scora begge på headingar etter fine angrep. Både Isak of Anthony Gordon hadde i same periode gode sjansar – utan utteljing. Uansett var United oppe i 18 baklengs i desember, noko som ifølgje BBC ikkje hadde skjedd sidan mars 1964. – Amorim må begynne å lure på kva lag han har tatt over her, sa Viaplay-kommentator Andreas Toft. Newcastle køyrde på vidare. Isak fekk eit mål annullert og Sandro Tonali hamra ballen i stonga. Då hadde Ruben Amorim fått nok. Etter 33 minutt vart Joshua Zirkzee tatt av bana og erstatta av Kobbie Mainoo. – Eg forsvarer det bytet. Amorim måtte gjere noko, meinte Viaplay-eksperten Nils Johan Semb. Etter bytet skjerpa United seg kraftig, og kom til fleire store sjansar utover i kampen. Men Newcastle heldt unna og vann det underhaldande oppgjeret 2–0.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »