Hovedsiden

Liten annonse
    sigeren glapp for abrahamsen få kilometer før mål – spurthåp i bakken

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 23. juli 2025 KL:17.14)
    Det såg lenge lyst ut for Jonas Abrahamsen som var i brot i om lag 150 av 160 kilometer av den 17. etappen av Tour de France. I lag med Quentin Pacher, Mathieu Burgaudeau og Vincenzo Albanese, hamna Uno-X-ryttaren i brot frå start. Då det var 11 kilometer att, rykte Abrahamsen også frå dei tre andre. Men blei henta inn av hovudfeltet tre kilometer før mål. – Eg hadde eit lite håp, sjølvsagt vanskeleg når det er mange lag som prøver å køyre deg inn. Viss du ikkje prøver, så vinn du heller ikkje. Eg har ein siger og det var det eg prøvde. Nokon gonger feilar du og andre gonger vinn du, seier Abrahamsen til TV 2 etter målgang. Stian Fredheim, blei så Uno-X sitt håp mot etappesiger – men datt i bakken få meter før mål. – Nei, der gjekk Fredheim ned, det er mange som har blitt hindra, seier NRKs sykkelkommentator Ole Kristian Stoltenberg. – Følte eg sat fint, men dei datt framfor meg, seier Stian Fredheim til TV 2. Han kjem ut fallet med smerter i hofta og skuldra. Jonathan Milan blei nok ein gong sterkast, og var fyrst over målstreken etter ein høgdramatisk avslutning. Etappen som gjekk frå Bollène til Valence, var mogleg den aller siste sjansen for spurtarane i rittet – etter endringane på sluttetappen i Paris. Trass i tysdagens kollaps, fullførte Tobias Halland Johannessen etappen. Det er ingen endringar i topp 10 i samandraget – Johannessen held seg på ein 8. plass.

    sigeren glapp for abrahamsen få kilometer før måll – spurthåp i bakken

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 23. juli 2025 KL:17.14)
    Det såg lenge lyst ut for Abrahamsen som var i brot i om lag 150 av 160 milometer av den 17. etappen av Tour de France. I lag med Quentin Pacher, Mathieu Burgaudeau og Vincenzo Albanese, hamna Jonas Abrahamsen i brot frå start av onsdagens etappe. Då det var 11 kilometer att av den 160 kilometer lange etappen, rykte Abrahamsen også frå dei tre andre. – Veldig smart laust av Plogen, seier TV 2-ekspert Mads Kaggestad etter Abrahamsen sitt solorykk. Abrahamsen blei henta inn av hovudfeltet tre kilometer før mål.

    Nicolai Budkov Kjær møtte hard motstand – ute av Swedish Open

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 16. juli 2025 KL:20.27)
    nicolai budkov kjær er ute av atp-turneringa swedish open i båstad, sverige. 18-åringen kjempa for ein kvartfinale i atp 250-turneringa, men møtte hard motstand. argentinske sebastián báez er ranka som nummer 37 i verda, medan kjær er på 298. plass. det såg lenge lyst ut. bygdøy-mannen vann det fyrste settet overlegent, men argentinaren svarte med same mynt i andre sett. då kjær kunne serve inn sigeren på ein 5–4 leiing i det avgjerande settet, braut báez. etter ein jamn kamp på grusen i sverige, vann báez til slutt med settsifra 3-6, 6-2, 7–5. turneringa i båstad er nordmannen sin fyrste atp-turnering, og difor karrierebeste for 18-åringen frå bygdøy.

    Casper Ruud vidare i Swiss Open – fyrste siger etter kneskaden

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 16. juli 2025 KL:17.10)
    casper ruud er klar for kvartfinalen i atp-turneringa swiss open i gstaad. ruud vann etter to tøffe sett mot sveitsiske dominic stricker. snarøya-mannen vann med settsifra 7-5, 7–6 (8-6). det er den fyrste turneringa etter at han fekk ein kneskade i mai, og forsvann ut av andre runde i grand slam-turneringa, roland-garros. 26-åringen måtte også stå over wimbledon. – eg er glad for å vere tilbake! sa ruud etter sigeren. han har vunne turneringa to gonger tidlegare, i 2021 og 2022.

    Slo tilbake etter pipekonsert

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (mandag 30. juni 2025 KL:20.56)
    eit frustrert publikum buet og sende brann i garderoben med pipekonsert mot sandefjord i pausen, men då joachim soltvedt scora i sluttminutta og sikra tre poeng var nok alt tilgitt. – denne kampen her må vi lære litt av. det er ein dårleg kamp av oss, sa matchvinnaren til tv 2 etter kamp. brann klatrar med sigeren måndag forbi rosenborg og opp på sølvplass i eliteserien. laget ligg sju poeng bak serieleiar viking. trass at «vi vinnar serien i år» til tider runga over brann stadion, var det tydleg eit skuffa heimepublikum som sende laga i garderoben til pause. – dei kan pipe viss dei vil. vi gjere vårt beste. vi prøver og vinne og så er vi ikkje heilt skarpe nok framfor mål. vi har iallfall lukka igjen og så har vi ein omgang igjen, så alt kan skje, sa felix horn myhre til tv 2 i pausen. brann-trenar freyr alexandersson fekk spørsmål om pipekonserten var fortent. – det synst eg ikkje, men folk må ha sine haldningar, svarte islendingen til tv 2. pipekonserten frå dei over 15.000 tilskodarane var ikkje til å misforstå. heller ikkje gjestane frå sandefjord varta opp med festfotball i første del av kampen. gjestane fekk eit mål annullert i første omgang for offside.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »