Hovedsiden

Liten annonse
    Casper Ruud vidare i Swiss Open – fyrste siger etter kneskaden

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (onsdag 16. juli 2025 KL:17.10)
    casper ruud er klar for kvartfinalen i atp-turneringa swiss open i gstaad. ruud vann etter to tøffe sett mot sveitsiske dominic stricker. snarøya-mannen vann med settsifra 7-5, 7–6 (8-6). det er den fyrste turneringa etter at han fekk ein kneskade i mai, og forsvann ut av andre runde i grand slam-turneringa, roland-garros. 26-åringen måtte også stå over wimbledon. – eg er glad for å vere tilbake! sa ruud etter sigeren. han har vunne turneringa to gonger tidlegare, i 2021 og 2022.

    tidlegare sandefjord-trener marti cifuentes tek over leicester

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 15. juli 2025 KL:19.19)
    Marti Cifuentes (43) har fått jobben med å leie Leicester tilbake til Premier League. For under fem år sidan var han i Sandefjord. Spanjolen tek over Leicester-ansvaret etter Ruud van Nistelrooy, som blei med vidare etter nedrykket til nivå to. – Det er ei stor ære å bli utnemnd til manager for Leicester City. Dette er ein fantastisk klubb med ein stolt historie, seier Cifuentes. Han fekk mykje ros for trenarjobben han gjorde i Sandefjord frå 2018 til 2020. Klubben rykka ned frå Eliteserien i hans fyrste år, men gjekk rett opp att sesongen etter og imponerte i comebacket. Cifuentes har sidan vore i danske Aab, svenske Hammarby og engelske Queens Park Rangers. (NTB)

    Brann-spelar blir lånt ut til Stabæk

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 15. juli 2025 KL:18.26)
    brann-back martin hellan (21) blir etter halvanna år i bergen lånt ut til stabæk i 1. divisjon ut sesongen. der håpar han å få meir speletid. – eg håpar å få spele masse kampar og kome meg i ordentleg i kampform att, seier hellan i eit utsegn frå brann. hellan har tidlegare vore i stabæk-akademiet, og blei kjøpt av brann 2023 etter ein sesong i kongsvinger. tida i brann har vore prega av skader, og han har vore mykje på sidelinja. stabæk ligg på ein 14. plass i 1. divisjon etter 13 kampar spelt denne sesongen. (ntb)



    Nordmann til topps i fransk meisterskap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (onsdag 2. juli 2025 KL:10.30)
    kevin horgmo (25) frå åmot i buskerud blei i helga fransk meister i motocross i klassen mx-1. 25-åringen bur i frankrike og konkurrerer for det franske profflaget honda sr motoblouz. horgmo vann dei tre første heata i serien på seks, og trass i at han skada seg på trening før siste runde, klarte nordmannen å vinne samanlagt til slutt. i vm denne sesongen har horgmo vore mellom dei ti beste, men han måtte stå over to vm-løp, etter at han fekk skuldra ut av ledd tidlegare i vår. mor gro horgmo opplyser til nrk at det er planen at han skal operere etter sesongen. dette er femte gong skuldra gjekk ut av ledd.





    Gennaro Gattuso klar som ny trenar for Italias herrelandslag

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 15. juni 2025 KL:15.43)
    den tidlegare milan-kjempa gennaro gattuso (47) overtek som ny trenar for italias herrelandslag i fotball etter luciano spalletti. det bekreftar italias fotballforbund søndag. – gattuso er eit symbol for italiensk fotball. den blå drakta er som hud for han, seier fotballpresident gabriele gravina. trenarstillinga stod ledig etter at italia starta vm-kvalifiseringa med eit 0-3-tap mot noreg 6. juni. luciano spalletti fekk sparken som trenar etter tapet, men fekk leie italia til 2–0 siger over moldova sist måndag. 47 år gamle gattuso blei løysinga for italias hardt prøvande herrelandslag. sidan 2013 har gattuso vore trenar for sion, palermo, ofi, milan, napoli, valencia, marseille og hajduk split. (ntb)

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »