Hovedsiden

Liten annonse
    snudde manchester-derbyet på tampen: – ein enorm augneblink

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 15. desember 2024 KL:19.29)
    to seine mål sørga for at manchester united tok alle tre poenga i søndagens byderby borte mot manchester city. fem minutt før slutt fekk manchester united straffe då amad diallo vart felt. bruno fernandes sette ballen sikkert i mål. i det 90. minutt ordna diallo sjølv 2–1 på lekkert vis. – ein enorm augneblink for ruben amorim, sa viaplay-ekspert tor ole skullerud. det såg lenge ut som alle poenga skulle bli igjen i den lyseblå delen av byen. josko gvardiol sende heimelaget i leiinga etter 36 minutt. han heada city presist i leiinga etter eit innlegg frå kevin de bruyne. phil foden kunne ha dobla leiinga før pause, men united-keeper andré onana redda fint. manchester united skapte fint lite før pause, men kom til store sjansar både ved bruno fernandes og amad diallo utover i 2. omgang. og på tampen vart det altså fernandes og diallo som scora dei avgjerande måla. erling braut haaland spelte heile kampen for city, utan å få til spesielt mykje. begge manchester-laga har vore i svak form den siste tida. før oppgjeret hadde manchester city berre vunne éin av sine ti siste kampar – alle turneringar inkludert. manchester united har vunne to av to kampar i europaligaen etter at ruben amorim tok over. i serien hadde united under amorim fire poeng på fire kampar – før søndagens byderby.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »