Hovedsiden

Liten annonse



    Viking snubla i Ålesund – må nøye seg med eitt poeng

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, July 26, 2026 KL:21:08)
    på color line stadion var det viking som opna best. allereie etter fire minutt var gjestene millimeter frå å ta leiinga, før første omgang utvikla seg til ein sjanserik affære med moglegheiter i begge endar. aalesund spelte seg etter kvart inn i kampen. heimelaget pressa viking tilbake på eiga banehalvdel og skapte fleire store sjansar, utan hell. viking måtte klare seg utan både zlatko tripic og henrik heggheim, som sona suspensjon. likevel var det siddisane som tok leiinga. rett før pause fekk viking frispark like utanfor 16-meteren til heimelaget. kristoffer askildsen sørga for scoring då han banka ballen heilt opp i det lengste krysset. heimelaget svarte derimot momentant i andre omgang. etter eit halvt minutt spelt dundra mathias christensen til på volley frå rundt 30 meter, og ballen susa i mål til 1–1. den andre omgangen heldt fram i same spor, med store sjansar til begge lag. ingen av laga klarte å finne det avgjerande målet, og oppgjeret enda med poengdeling. viking ligg dermed på ein andreplass på tabellen, med ein mindre kamp spelt enn tabelleiar bodø/glimt.



    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 3, 2026 KL:18:25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Ruud vann tiebreak-drama – vidare til kvartfinale i Madrid Open

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 28, 2026 KL:17:37)
    casper ruud er vidare til kvartfinalen i atp 1000-turneringa madrid open etter siger mot stefanos tsitsipas. det blei ein jamn kamp då tittelforsvarar ruud møtte den greske spelaren i åttedelsfinalen. det første settet gjekk til tsitsipas etter tiebreak (7-4). også det andre settet måtte avgjerast med tiebreak, men denne gongen var det ruud som var sterkast (7-2). – no er eg imponert casper ruud. det har eg vore mange gonger, men no er eg mektig imponert, sa tv 2s kommentator christian paasche i slutten av det siste settet. i det siste og avgjerande settet blei det igjen tiebreak, der var ruud igjen sterkast. ruus vann med settsifra 6-7 (4-7), 7-6 (7-2), 7-6 (7-3) etter 3 timar på den spanske grusen. i kvartfinalen ventar enten argentinar francisco cerundolo eller belgiske alexander blockx.

    Haaland-mål førte City til topps – Burnley rykker ned

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 22, 2026 KL:22:53)
    erling braut haaland og manchester city inntar tabelltoppen i premier league etter 0–1 seier borte mot burnley onsdag kveld. city har med det for alvor starta innspurten mot ein ny ligatittel, medan burnley sitt håp om å overleve i premier league er ute. søndag krympa city forspranget opp til arsenal, som har toppa tabellen i 200 dagar, til tre poeng. det etter at haaland sørga for 2–1 seier mot london-laget. mot botnlaget burnley onsdag låg alt til rette for at dei lyseblå kunne klatre heilt til topps med like mange poeng som arsenal. og erling braut haaland trengte berre fem minutt før han fann fram skotfoten og sette sitt mål nummer 24 for sesongen. jérémy doku spelar gjennom haaland, som får mykje bakrom. nordmannen spring i kjent stil i full fart mot mål. på iskaldt vis chippar han ballen i lengste hjørnet forbi martin dubravka i burnley-målet. – nå er scoringsracet i gang mellom manchester city og arsenal, sa viaplay-kommentator kasper wikestad. målforskjellen kan nemleg bli heilt avgjerande i kampen om ligatittelen om begge lag vinn sine resterande kampar. målforskjellen til dei to laga er lik, men city har scora fleire mål enn arsenal. ein frustrert pep guardiola måtte sjå sitt mannskap skape sjanse etter sjanse, men dei sleit med å få utteljing. haaland var nær scoring også etter sidebyte, men ballen gjekk i stolpen og ut. det er to år sidan sist city vann ligagullet i premier league. burnley sitt tap mot city onsdag gjere at laget ikkje kan sikre seg nok poeng til å behalde plassen i den øvste divisjonen i england.























    Ødegaard-målgivande da Arsenal knappa innpå Liverpool
    avgjerande | Skrevet av NRK - Innenriks' title='Les mer detaljer om artikkelen: stefan blei redda i snøstorm på fjellet – éin ting var avgjerande | Skrevet av NRK - Innenriks'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, March 16, 2025 KL:16:25)
    mikel merino leverte frå spissplass da han ble avgjerande for arsenal i 1-0-seieren over chelsea i premier league søndag. arsenal har no tolv poeng opp til liverpool på tabelltopp. rødtrøyene har stadig trøbbel med å mønstre en full angrepsrekke, og mot chelsea var det nok en gang midtbanemannen merino som bekledde spissplassen. 20 minutt inn i førsteomgangen gjorde han som bestilt da han smusset inn ødegaards corner frå første stolpe. det var nok til å sikre sigeren. keeper david raya var nær å tabbe seg ut før hvilen, men slapp med skrekken. etter pause leverte ødegaard et godt skot, men robert sánchez redda, og merino var også centimeter unna å bli tomålsscorar. det hadde likevel ingenting å si for arsenal, som satt igjen med alle tre poeng etter ferdigspelt kamp. gjestene måtte på sin side greie seg utan stjernespelar cole palmer i oppgjeret. det var første gang på nærmare eitt år hvor chelsea starta en premier league-kamp utan engelskmannen, ifølge opta. da røk de 0–5 for akkurat arsenal. arsenal står med ni fleire poeng enn chelsea etter 29 spilte serierundar. begge klubber er inne blant topp fire, men spesielt chelsea må vokte seg for å ikkje hamne utanfor champions league-plassane. (©ntb)





    Snudde Manchester-derbyet på tampen: – Ein enorm augneblink
    avgjerande | Skrevet av NRK - Innenriks' title='Les mer detaljer om artikkelen: stefan blei redda i snøstorm på fjellet – éin ting var avgjerande | Skrevet av NRK - Innenriks'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, December 15, 2024 KL:19:29)
    to seine mål sørga for at manchester united tok alle tre poenga i søndagens byderby borte mot manchester city. fem minutt før slutt fekk manchester united straffe då amad diallo vart felt. bruno fernandes sette ballen sikkert i mål. i det 90. minutt ordna diallo sjølv 2–1 på lekkert vis. – ein enorm augneblink for ruben amorim, sa viaplay-ekspert tor ole skullerud. det såg lenge ut som alle poenga skulle bli igjen i den lyseblå delen av byen. josko gvardiol sende heimelaget i leiinga etter 36 minutt. han heada city presist i leiinga etter eit innlegg frå kevin de bruyne. phil foden kunne ha dobla leiinga før pause, men united-keeper andré onana redda fint. manchester united skapte fint lite før pause, men kom til store sjansar både ved bruno fernandes og amad diallo utover i 2. omgang. og på tampen vart det altså fernandes og diallo som scora dei avgjerande måla. erling braut haaland spelte heile kampen for city, utan å få til spesielt mykje. begge manchester-laga har vore i svak form den siste tida. før oppgjeret hadde manchester city berre vunne éin av sine ti siste kampar – alle turneringar inkludert. manchester united har vunne to av to kampar i europaligaen etter at ruben amorim tok over. i serien hadde united under amorim fire poeng på fire kampar – før søndagens byderby.




Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »