Hovedsiden

Liten annonse
    viktig lyn-siger i botnoppgjeret mot glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 5. september 2025 KL:19.53)
    Lyn slo Bodø/Glimt 2–1 borte i toppseriekampen på fredag, og skaffa seg avstand til nedrykksstriden. Bortelaget tok leiinga 1–0 etter 26 minutt spelt på Aspmyra. Knappe to minutt etter fekk gjestane ein sjanse til å doble leiinga. Lyn blei tildelt straffe, men Jenny Røsholm Olsen skaut ballen rett i hanskane til målvakta. Minutta etter fekk begge lag fleire sjansar til å skåre, utan å få ballen i mål. I andre omgang klarte Olsen på Lyn endeleg å skåre – 2–0 til Lyn. Vertane fekk eit trøystemål då Claudia Cagnina skåra ti minutt etter. Kampen som var eit viktig oppgjer i botnen av Toppserie-tabellen, enda 2–1 til Lyn. Laga ligg som tabellnaboar med kort veg ned til nedrykkskvalifisering.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »