Hovedsiden

Liten annonse

































    Noregs raskaste har talt: Fremstad-Waldron og Rønningen tok NM-gull
    fremstår alvorlig | Skrevet av VG Siste nytt' title='Les mer detaljer om artikkelen: fallulykke på romerike: – fremstår alvorlig | Skrevet av VG Siste nytt'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 23, 2026 KL:20:16)
    Under opningsdagen av NM i Friidrett i Trondheim var det knytt stor spenning til sprintduellen og kven som eigentleg er Noreg sin raskaste mann. Feltet låg jamt ute frå startblokkene ein liten stund, men halvvegs i løpet sette Per Tinius Fremstad-Waldron inn eit ekstra gir, og tok sigeren med tida 10,35 på 100-meteren. Like bak kom Salum Ageze Kashafali inn på tida – Målet for denne sesongen er å kvalifisere til EM, så det er viktig å få ein god tid her, sa Fremstad-Waldron til NRK etter løpet. På kvinnenes 100 meter var det Helene Rønningen som stakk av med sigeren på tida 11,57. Dette er hennar fjerde NM-gull på distansen. Ein ekstra sterk opptur etter eit år ho sjølve har beskrive som brutalt. – Veldig deilig! Eg er veldig stolt over meg sjølv og at eg klarer å gjennomføre det veldig greitt, med tanke på at eg hadde ein elendig start, sa Rønningen til NRK Under Noregsmeisterskapen i fjor pådrog ho seg to beinbrot, då ho slengde seg over målstreken. – Korleis er det å få til dette her, når vi har det som skjedde i fjor friskt i minne? – Eg føler meg sterkt mentalt som klarer å kome tilbake igjen, sidan det blei såpass mykje trøbbel etterpå. Så eg er veldig stolt over at eg har kome i såpass god form og vinnar her i dag.







Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »