Hovedsiden

Liten annonse
    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 27. april 2025 KL:21.14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

    Bryne sjokkopna i Bergen – Brann snudde etter straffescoring

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 27. april 2025 KL:18.57)
    bryne hadde ikkje vunne ein bortekamp i eliteserien sidan 2002. 23 år etter at dei audmjuka bergensarane på sjølvaste 16-mai såg det lenge ut som historia skulle gjenta seg. men på overtid får brann straffe og snudde kampen til 3–2 siger etter scoring av niklas castro. bryne sjokkopna i vestlandshovudstaden, då duarte moreira tok jærbuene opp til 0–1 alt etter åtte minutt. nicklas strunck skyt frå 16-meteren, ein ball mathias dyngeland i brann-målet må gi retur på. moreira får ei enkel oppgåve med å sette den returen i buret. men det skulle bli verre for heimepublikumet i regnvêret på brann stadion. før kvarteret er spelt varta dyngeland opp med nok ein gåvebakke av ein retur. der står alfred scriven som sørger for at gjestane leiar 0–2. etter sidebyte blir bård finne bytta inn og 30-åringen brukar ikkje lang tid på å gi bergensarane nytt håp, då han smeller reduseringa i mål frå 10 meter. felix horn myhre utlikna for bergensarane eit kvarter før full tid, før brann på overtid snudde det heile og sikra seg tre poeng. med det toppar bergensarane tabellen i eliteserien etter fem rundar med 12 poeng.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hattrick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 25. april 2025 KL:20.55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hattrick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hat-trick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 25. april 2025 KL:20.55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hat-trick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »