Hovedsiden

Liten annonse
    Pogacar tok sin tredje strake monument-siger – Tobias Halland Johannessen imponerte

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 26. april 2026 KL:15.51)
    ingen kunne stoppe tadej pogacar under liège – bastogne – liège søndag, ofte omtalt som sesongens hardaste eindagsritt. – det er ein atombombe som skjer no opp côte de la redoute, kom det frå tv 2 kommentator mads kaggestad. det var då tadej pogacar rykka ifrå feltet, 34 kilometer frå mål. og med seg fekk han 19-åringen paul seixas. ungguten var på bakhjula ei god stund, men når det stod att 14 kilometer klarte han ikkje henge på den slovenske verdseinaren. dette var pogacar sin tredje strake siger i rittet, fjerde totalt. det var knytt store forventningar til tobias halland johannessen, som før start drøymde om ein topplassering. – topp ti hadde vore veldig stort, og ligg ein topp 10 kan alt skje, sa han til nrk. halland johannessen var med heile vegen inn i kampen om ein topplassering, men kom seg ikkje fram i spurten. han enda på 9. plass. – det er by far det beste eindagsrittet, kom det frå christian paasche om nordmannens prestasjon. det er den nest beste norske plasseringa i rittet gjennom historia. berre tredjeplassen til dag erik pedersen frå 1986 er betre.

    Absurde scener då verdseliten samla seg ein sist gong

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:14.53)
    årets showrenn i mosjøen gjekk av stabelen laurdag. den mindre kjende bysprinten svingar seg gjennom dei smale, flate gatene i sentrum av metropolen mosjøen, til stor glede for dei frammøtte. og når nærmare 50 løparar frå verdseliten i langrenn, kombinert og skiskyting stilte til start, vart det også duka for kaos. og aller mest kaos vart det når dei som ikkje kvalifiserte seg direkte frå kvartfinalen til semifinalen fekk ein ny sjanse i ein massestart. – det å komme først ut her er ein kjempefordel her da, sa kommentator på hbo max, jan christian bjørn. 22 menn starta likt i ei løype der det knapt går an å passere i. dei bakarste har i prinsippet ingen moglegheit for avansement. men dette er show. – det er stort, smart å rykke ned her og gå vidare, sa oskar opstad vike etter ha vunne 22-mannssprinten, der berre førsteplassen gjekk vidare til finalen. der klarte han ikkje å hevde seg. julie myhre vann i kvinneklassen. johannes høsflot klæbo vann herreklassen. – det er det hardaste startfeltet vi har hatt i mosjøen nokon gang, trur eg. det var så brutalt, sa klæbo til hbo max etterpå.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »