Hovedsiden

Liten annonse








    Knotten skal operere om åtte veker

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, May 19, 2026 KL:13:09)
    skiskyttar karoline knotten fortel til nrk at ho skal opererer blindtarmen om åtte veker. knotten vart sjuk under verdscupen i holmenkollen og etter kvart blei det oppdaga ein infisert og sprokken blindtarm. ho seier at ho vart overraska over at operasjonen ikkje skjedde med ein gong. – at min har vore der i to månader er litt rart. men det er jo mange grunnar til det. kanskje at den ligg litt høgt oppe. eg er ikkje lege, men eg har lært mykje om det og eg forstår det ikkje heilt, seier knotten til nrk. ho forklarar vidare at ein ventar på at hevelsen skal gå ned før operasjonen finn stad. knotten forventar å kunne trene for fult igjen tre veker etter operasjonen. ho seier at uvissa før man fann årsaka til magesmerta var verst og at ho i periodar har vore redd. – det er jo faktisk mykje betre enn å gå rundt og lure. man blir jo litt redd, men det trur eg man alltid er. når du sit på sjukehussenga der med mamma din på sida, som er lei seg og stressa, så er jo ikkje det noko gøy heller.






















    Tok grep før Sheeran-konsert – må så nytt gras

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 30, 2025 KL:11:09)
    ullevaal stadion må så nytt gras på nasjonalanlegget etter dei to konsertane til artisten ed sheeran i helga. leiar for fotball i ullevaal stadion, carl bernhard svenke, seier at det heile var planlagt på førehand. – vi tok av graset før konsertane slik at det ikkje skulle råtne under platene som blei lagt over. vi startar å så ny matte denne veka, seier svenke til nrk. ed sheeran spelte for ein stappfull stadion to dagar på rad. 74.000 billettar blei til saman selt til konsertane. spørsmålet er no om bana er klar til noregs viktige vm-kvalifiseringskamp mot moldova i september. – tidslinja vår er at bana blir klar til trening her for landslaget den 3. september, dagen før privatkampen mot finland. vi treng den tida, seier svenke. 9. september møter landslaget moldova i vm-kvaliken i oslo. på spørsmål om ullevaal stadion vil arrangere liknande konsertar i framtida svarar svenke: – sidan vi la ny matte i fjor, og at dette er første gang, kan eg svare om to-tre månader. vår intensjon er at det skal passe i kalenderen til fotballen, og at det er rett artist. vi sit alle igjen med eit positivt inntrykk, men det er fotballen som er premissgjevar her, seier svenke.










Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »