Hovedsiden

Liten annonse
    Viking snubla i Ålesund – må nøye seg med eitt poeng

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Idag. - (søndag 26. juli 2026 KL:21.08)
    på color line stadion var det viking som opna best. allereie etter fire minutt var gjestene millimeter frå å ta leiinga, før første omgang utvikla seg til ein sjanserik affære med moglegheiter i begge endar. aalesund spelte seg etter kvart inn i kampen. heimelaget pressa viking tilbake på eiga banehalvdel og skapte fleire store sjansar, utan hell. viking måtte klare seg utan både zlatko tripic og henrik heggheim, som sona suspensjon. likevel var det siddisane som tok leiinga. rett før pause fekk viking frispark like utanfor 16-meteren til heimelaget. kristoffer askildsen sørga for scoring då han banka ballen heilt opp i det lengste krysset. heimelaget svarte derimot momentant i andre omgang. etter eit halvt minutt spelt dundra mathias christensen til på volley frå rundt 30 meter, og ballen susa i mål til 1–1. den andre omgangen heldt fram i same spor, med store sjansar til begge lag. ingen av laga klarte å finne det avgjerande målet, og oppgjeret enda med poengdeling. viking ligg dermed på ein andreplass på tabellen, med ein mindre kamp spelt enn tabelleiar bodø/glimt.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »