Hovedsiden

Liten annonse
    Ny andreplass for Westvold Hansen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 2. februar 2025 KL:14.48)
    gyda westvold hansen vart nummer to i den tredje konkurransen i den såkalla seefeld-trippelen. ho enda 1 minutt og 24 sekund bak nathalie armbruster frå tyskland. dei to var også høvesvis nummer éin og to i hopprennet. også laurdag vart westvold hansen nummer to til saman. ida marie hagen fekk ikkje delta søndag, sidan ho vart diskvalifisert etter hoppdelen laurdag. tyske armbruster vann også den såkalla seefeld-trippen totalt.

    Riiber best i sitt siste Seefeld-hopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 2. februar 2025 KL:11.31)
    jarl magnus riiber hoppa 106 meter i det tredje rennet i seefeld-trippelen, og går dermed ut først i langrennet seinare søndag. riiber går ut seks 16 sekund framfor thomas rettenegger frå austerrike. laurdag hoppa riiber heile 108 meter, men tapte spurten mot jens lurås oftebro i langrennet. fredag var det derimot riiber som vann i seefeld, i same veke som han annonserte at han legg opp etter sesongen – grunna diverse helseutfordringar. – det er ei god kjensle å seie farvel til seefeld på denne måten. det er siste gongen eg hoppar her, sa riiber til eurovision sport etter hoppet søndag. lurås oftebro enda på sjetteplass i hopprennet. han går ut 58 sekund bak riiber, som tidlegare har vunne den såkalla seefeld-trippelen tre gonger.

    Dobbelt norsk i Seefeld

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 1. februar 2025 KL:15.08)
    jens lurås oftebro gjekk til topps i kombinertrennet i seefeld laurdag, etter spurtduell mot lagkamerat jarl magnus riiber. – å vinne i seefeld betyr alltid mykje, så eg er veldig nøgd, sa lurås oftebro til fis etter rennet. vinzenz geiger frå tyskland tok tredjeplassen. laurdagens langrenn var på 7,5 kilometer. konkurransen gjekk etter det såkalla kompakt-prinsippet, altså at løparane gjekk ut med seks sekunds mellomrom – etter plassering (og ikkje poeng) i hopprennet. jarl magnus riiber hoppa desidert lengst, men gjekk dermed berre ut seks sekund framfor nestemann. riiber vann fredagens renn, som var det første i den såkalla seefeld-trippelen, som blir avslutta søndag. det skjedde same veke som riiber annonserte at han legg opp etter sesongen – grunna diverse helseutfordringar. jens lurås oftebro låg på femteplass etter hopprennet.

    Pallplass for Westvold Hansen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 1. februar 2025 KL:14.25)
    gyda westvold hansen vart nummer to i den andre konkurransen i helgas seefeld-trippel. ho låg også på andreplass etter hoppinga. nathalie armbruster frå tyskland vann 37,7 sekund framfor westvold hansen. laurdagens langrenn gjekk over fem kilometer. løparane starta etter den såkalla kompakt-metoden, med seks sekund mellom kvar utøvar. det var fredagens vinnar ida marie hagen som leia etter hoppinga laurdag, men ho vart diska.

    Kjempehopp av Riiber

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 1. februar 2025 KL:11.44)
    jarl magnus riiber hoppa 108 meter i helgas andre renn i seefeld. dermed går han ut i leiinga i langrennet som går seinare laurdag. – eg er veldig nøgd med hoppet, sa riiber til fis. sjølv om han hoppa klart lengst går han berre ut seks sekund framfor nestemann i langrennet. om poenga hadde telt hadde riiber hatt rundt eitt minutt leiing før langrennet, ifølgje eurovision sport. men dette er ei såkalla kompaktøving. johannes lamparter frå austerrike går ut som nummer to. jens lurås oftebro er nest beste nordmann på 5.-plass etter hoppdelen.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »