Hovedsiden

Liten annonse
    Ruud knust av rivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 18. april 2025 KL:14.46)
    holger rune vant soleklart 6-4, 6–2 i kvartfinalen mot casper ruud i barcelona. – ruud kjem ikkje opp på sitt beste nivå. det blir for mykje feil med forehand, seier tennisekspert i tv 2, christer francke. ruud har møtt dansken sju gonger tidlegare og har berre tapt ein gong, men det fekk rune gjort noko med på fredag. – det betyr mykje. eg spelte ein veldig god kamp i dag. eg har stor respekt for casper. han er ein veldig god spelar, så eg er veldig fornøgd med å slå han i dag. seier rune etter kampen. det blei ein frykteleg start på kampen for nordmannen som er regjerande meister i grusturneringa i barcelona. holger rune fekk det meste til å sitte til å begynne med og leia heile 4–0. men ruud vakna undervegs og klarte å bryte serven til rune, men dårlege starten blei skjebnesvanger og rune klarte å halde forspranget inn og serva inn 6–4 i det første settet. – holger rune fortener å vinne det her opningssettet, synest eg, seier tenniskommentator i tv 2, sverre krogh sundbø. tungt går det også i starten av det andre settet og rune bryt to gonger og går opp i ein 4-1-leiing. – han blir slått i stykkar, seier krogh sundbø etter at rune vinn eit poeng og pressar ruud.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »