Hovedsiden

Liten annonse
    Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 3. juni 2025 KL:17.51)
    kven som kvalifiserer seg til vm i 2026 avheng stort av fredagens kamp på ullevaal. vinnaren av gruppa går direkte til vm i usa, canada og mexico. – det er ein viktig kamp. me møter vår tøffaste motstandar. me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa giovanni di lorenzo da han møtte pressen før italia møter noreg. napoli-spelaren fortel at italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er noregs farlegaste våpen. – me er klar over dei gode spelarane noreg har. som haaland, ødegaard og sørloth. det er kvalitetsspelarar. noreg fekk ein draumestart på vm-kvalifiseringa ved å slå moldova og israel på bortebane. italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter noreg. kampen på fredag kan du høyre på nrk sport frå 20.15. kampstart er 20.45.


    Bizet Ildhusøy lagde straffe da Chelsea og Reiten vann FA-cupen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 18. mai 2025 KL:16.32)
    celin bizet ildhusøy blei blant syndarane da chelsea og guro reiten vann 3–0 mot manchester united i fa-cupfinalen. like før pause kom ein ball ut i returrommet. erin cuthbert tok med seg ballen og bizet ildhusøy strekte ut ein fot og felte ho. trass i protestar frå den norske spelaren var ikkje dommaren i tvil. sandy baltimore sette inn 1–0. på tribunen kunne ein sjå tennisstjerna serena williams feire målet saman med dottera og mannen alexia ohanian som eig ein andel av chelsea. i andre omgang heada catarina macario inn kampens andre mål. på overtid la baltimore på til 3–0. ingrid terland starta også kampen for manchester united. lisa naalsund blei bytta inn for raudtrøyene. på overtid fekk også guro reiten nokre minuttar på banen.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »