Hovedsiden

Liten annonse








    Idretten ynskjer stønad til energisparande tiltak

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 22, 2025 KL:17:45)
    idretten ynskjer eigen pengestønad til energisparande tiltak. no krev idrettspresidenten at regjeringa kjem på banen. – vi ynskjer oss ein eigen ordning for idretten for å klare den omstillinga som blir kravd av oss, og som regjeringa ynskjer at noreg skal vere med på, seier zaineb al-samarai. eit nytt idrettsanlegg i tistedalen i halden kommune, har kosta meir enn forventa, på grunn av energisparande tiltak. dei ynskjer stønad for å dekkje dei elleve millionane som har gått over budsjettet. men har ikkje fått det. idrettspresidenten meiner idretten fell mellom to stolar. – enova har i stor grad fagleg fridom til å prioritere korleis dei tildeler midla, så lenge det går til grøn omstilling. det er viktig at stønaden skal gi eit fagleg og likeverdig grunnlag, og unngå at politikarar sit og detaljstyrer kven som får stønad, skriv klima og miljøminister andreas bjelland eriksen. på fredag skal idrettstoppane i møte med energikomiteen på stortinget. der skal dei ta opp sitt ynskje til neste års statsbudsjett. – eg vil gjerne jobbe saman med idretten for å informere enda betre om enovas ordningar og korleis frivilligheita kan søkje dette, legg eriksen til.

    Manchester United med etterlengtet opptur – seier etter straffemål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, August 30, 2025 KL:18:05)
    manchester united fikk en etterlengtet opptur etter 3–2-seier mot burnley lørdag. på stillinga 2–2 og en sjekk av var fikk rødtrøyene straffe på overtid. fra krittmerket var bruno fernandes sikker og sikret tre viktige poeng for manchester united. seieren lørdag var sesongens første for rúben amorims menn, som ligger på en foreløpig niendeplass på tabellen med fire poeng. nå venter to ukers landslagspause. i midtuka røk storlaget ut i 2. runde i ligacupen mot grimsby, som spiller på nivå fire. manchester united tok ledelsen like før halvtimen spilt etter selvmål fra burnleys josh cullen. lyle foster utlignet til 1–1 ti minutter ut i andre omgang, før bryan mbeumo sendte united tilbake i ledelsen knappe to minutter senere. burnleys jaidon anthony utlignet etter 67. minutt. så reddet fernandes tre poeng etter straffescoringa på overtid.




    Leif Gunnar Smerud tar over trenarjobben i SK Brann Kvinner

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 1, 2025 KL:08:58)
    leif gunnar smerud blir etter alt å dømme arvtakaren til martin ho i løpet av dagen, bekrefter klubben. – det er berre småting som gjenstår, og om alt klaffar i dag så trer han inn i stillinga med ein gong, opplyser medieansvarleg mette hammersland til nrk. leif gunnar smerud landar på bergen lufthamn i dag klokka ni. smerud hadde eit kort opphald som hovudtrenar for kvinnelaget til crystal palace i engelsk toppfotball i vår. tidlegare, frå 2014 til 2023 var han hovudtrenar for det norske u21-herrelandslaget. stavanger-mannen fekk ein del mediemerksemd då han tredde inn som hovudtrenar for «nødlandslaget» i nations league i 2020.


    Gennaro Gattuso klar som ny trenar for Italias herrelandslag

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, June 15, 2025 KL:15:43)
    den tidlegare milan-kjempa gennaro gattuso (47) overtek som ny trenar for italias herrelandslag i fotball etter luciano spalletti. det bekreftar italias fotballforbund søndag. – gattuso er eit symbol for italiensk fotball. den blå drakta er som hud for han, seier fotballpresident gabriele gravina. trenarstillinga stod ledig etter at italia starta vm-kvalifiseringa med eit 0-3-tap mot noreg 6. juni. luciano spalletti fekk sparken som trenar etter tapet, men fekk leie italia til 2–0 siger over moldova sist måndag. 47 år gamle gattuso blei løysinga for italias hardt prøvande herrelandslag. sidan 2013 har gattuso vore trenar for sion, palermo, ofi, milan, napoli, valencia, marseille og hajduk split. (ntb)

    Reiten vinn ligaen i England – sjette strake seriemeisterskap for Chelsea

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 30, 2025 KL:23:12)
    chelsea og guro reiten er nok ein gong seriemeister i england etter at dei onsdag kveld slo manchester united 1–0 på bortebane i superligaen. målet kom på eit hjørnespark, der lucy bronze var høgast inne i felte og kunne styre ballen i mål med hovudet, eit kvarter før full tid. guro reiten starta på benken for chelsea, men vart bytta inn like etter at london-laget hadde teke leiinga 1–0. dette er sjette gong på rad at blåtrøyene vinn serieligaen i england, sjølv om 2017-sesongen ikkje er ein offisiell tittel, då det vart spelt ein avkorta og ikkje full sesong. celin bizet ildhusøy var den einaste norske som var med i startoppstillinga for manchester united, medan elisabeth terland kom inn på bana etter 62 minutt. lise fjeldstad naalsund vart bytta inn på tampen av kampen. arsenal tapte tidlegare onsdag kveld 2–5 mot aston villa og hadde med det meir eller mindre skreve seg ut av tittelkampen. chelsea trengde berre eit poeng for å sikre seg tittelen mot united i kveld – to rundar før sesongslutt.




    Rekdal med krass pausekritikk: Poengdeling mot opprykksrivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 31, 2025 KL:20:53)
    det enda 2–2 då 1. divisjon braka i gang med to av opprykksfavorittane i aalesund og lillestrøm. aalesund-trenar kjetil rekdal likte ikkje det han såg frå laget før pause. – me har vore elendige, synest eg. me har vore pinglete på alt, tør ikkje spele sjølv. svake defensivt, eit veldig engsteleg aalesund-lag. viss me ikkje hevar oss, så kjem me til å tape, sa rekdal til tv 2 i pausen. første omgang var prega av mykje mål. tangotrøyene gjekk i leiinga etter fem minutt med scoring frå claudio braga. knappe ti minuttar seinare utlikna eric kitolano, men heimelaget gjekk opp i leiinga att med scoring frå david jóhannsson. like før pause sørgde thomas lehne olsen for at laga gjekk inn til pause på stillinga 2–2. rekdals menn fekk ein god start på annan omgangen ved å få tildelt eit straffespark, men mads hedenstad redda forsøket frå paul ngongo. – eg rekker å få opp foten der. det er sjølvsagt deilig det. poengdeling er vel for så vidt greitt, seier hedenstad til tv 2 etter kampen. det blei ikkje fleire mål i kampen og det enda 2–2. – viss du ser alt i alt så fortener me ikkje å vinne, såpass ærlege må me vere. me blei betre i andre omgang, men me er framleis eit stykke frå det nivået me bør vere på, seier rekdal. andre resultat i 1. divisjon: odd – skeid 2–1 start – sogndal 2–1 stabæk – hødd 1–1 egersunds ik – mjøndalen 3–2 kongsvinger – åsane 1–1 ranheim – lyn 0–3






    Enorm redning – likevel Villa-tap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, December 14, 2024 KL:20:29)
    aston villa-keeper emiliano martínez stod for ei feberredning på stillinga 0-0, men birmingham-laget tapte likevel 2–1 borte mot nottingham forest laurdag kveld. etter martinez si spektakulære redning sende jhon durán bortelaget opp i 1–0. mål av nikola milenkovic i det 87. minutt og anthony elanga tre minutt på overtid snudde derimot kampen til fordel nottingham forest. det gamle storlaget har overraska stort i årets premier league og ligg no på fjerdeplass. forest kan bli tatt igjen av manchester city om dei slår manchester united søndag.








    Glimt tilbake på tabelltoppen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, June 2, 2024 KL:18:56)
    ulrik saltnes blei kampens helt då bodø/glimt vann 1-0 borte mot fk haugesund på søndag. eit mål av det spektakulære slaget sendte glimt tilbake på tabelltoppen i eliteserien. den første store sjansen kom då patrick berg satte frisparket i stolpen like før 30 spelte minutt. dermed gjekk begge lag i garderoba med stillinga 0-0. i andre omgang gjekk det vegen for bortelaget. nordlendingane beit seg fast etter eit hjørnespark på heimelaget sin banehalvdel. saltnes vendte opp og lobba ballen på utroleg vis over målvakt egil saltnes og i mål. brann overtok tabelltoppen i laurdag, men gultrøyene frå bodø har to kampar til gode. med siger over haugesund og tre nye poeng er dei dermed tilbake på tabelltoppen.


    Blomberg helten da Brann tok over tabelltopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 1, 2024 KL:20:01)
    brann fekk ein pangstart på kampen da svenn crone sprang innover i hamkam sin 16-meter etter sju minutt og 26 sekund. eitt sekund seinare låg crone i bakken da william kurtovic var litt for hardhendt, og dommar mathias støfringshaug strakk fram armen og peika på straffemerket. kurtovic var tydeleg ueinig og hadde ein grøn og kvit vegg med hamarsinger på sitt lag, men straffa vart ståande. – ja, eg kjem inn med foten der, men eg føler han fell lett, seier kurtovic til tv 2 i pausen. frå 11-meteren var joachim soltvedt bombesikker og brann tok leiinga 0–1 på briskeby. scoringa var venstreback soltvedt si femte scoring i årets eliteserie. – eg byrjar å kome meg opp på eit bra antal scoringar nå, så det er bra det, seier soltvedt til tv 2 i pausen. hamkam hadde også sine sjansar i fyrste omgang, og etter 13 minutt hadde dei grøne og kvite ei stor moglegheit. gard simenstad drog seg innover frå høgrekanten og inn i 16-meteren, banka til inn framfor mål, men ballen gjekk i ein brannspelar og ut til hjørnespark. etter 35 minutt burde kanskje brann gått opp til 2-0, da bård finne fekk ballen midt i hamkams 16-meter, men avslutninga gjekk utanfor, og stillinga til pause var «berre» 0–1. andre omgang starta med eit brak da hamkam fekk frispark på hjørnet av 16-meteren. gard simenstad har vist fram sin fantastiske dødballfot fleire gonger denne sesongen – det gjorde han også i dag. for han bøyde ballen over muren og inn i det ledige hjørnet i brann-målet. beint fram ei nydeleg scoring. – åjjj, utbrøt amankwah da simenstad løfta ballen i mål. – simenstad stiller seg opp på det som i utgangspunktet er ein vanskeleg vinkel, men så lurer han dyngeland i brann-målet trill rundt. svingar den elegant inn i kassen, kommenterte amankwah. så fekk brann nok ei moglegheit frå straffemerket da emil kornvig fekk seg ein kakk på hælen inne i 16-meteren og gjekk i bakken. da stilte joachim soltvedt seg opp nok ein gong. men denne gongen var straffa på mange måtar håplaus, og hamkams målvakt marcus sandberg redda forsøket frå soltvedt. men berre minuttet etterpå kom leiarmålet frå brann. ein ball spratt litt fram og tilbake inne framfor hamkams mål, og enda til slutt hjå ole didrik blomberg som sparka ballen i mål frå fire-fem meter. med sigeren klatrar brann opp på tabelltopp, tre poeng framfor bodø/glimt. brann har spelt to fleire kampar enn bodø/glimt.




Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »