Hovedsiden

Liten annonse
    Branns draumerekke tok slutt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (tirsdag 29. april 2025 KL:19.53)
    i den sjuande serierunden av toppserien gjekk brann på sitt første poengtap for sesongen da dei spelte 1–1 heime mot lsk kvinner. amalie eikeland sette inn leiinga for heimelaget etter dryge ti minutt, men bortelaget slo tilbake i andre omgang da thea kyvåg sette inn utlikninga. – det er litt rart å seie det, men det kjennest nesten ut som ein siger, seier kyvåg til tv 2 etter kampen. brann leiar serien med fire poeng ned til vålerenga på plassen bak. lsk kvinner ligg på 5. plass med åtte poeng opp til ligaleiaren. andre resultat i toppserien: rosenborg – kolbotn 1–0 stabæk – røa 2–1 hønefoss – vålerenga 0–4 lyn – bodø/glimt 0–0

    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 27. april 2025 KL:21.14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »