Sport

    PGA lanserer meir pengar og nytt format
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, August 25, 2022 KL:08:28)
    PGA-touren i golf lanserte onsdag nye planer med fleire pengesterke turneringar og meir tilpassa turneringsplan for dei beste. Planen går ut på at det skal vere minst 20 turneringar i ein sesong, av dei er 12 større turneringar med 20 millionar dollar i premiepotten. Håpet er at alle dei beste skal møtest oftare. Det er eit forsøk på å demme opp for den kontroversielle saudiarabisk-finansierte LIV-touren, der det er premiepott på 25 millionar dollar, i tillegg til store summar for å signere for touren. Fleire toppnamn har allereie hoppa over til LIV, og det er venta at fleire går same vegen når PGAs FedEx-sluttspel blir avslutta i helga. Mellom dei er verdstoar Cameron Smith, som nyleg vann British Open.

Ord sky bassert på artikkel: 766089
lanserer - lanserte - pengesterke - turneringar - tilpassa - turneringsplan - millionar - premiepotten - kontroversielle - saudiarabisk - finansierte - tillegg - signere - toppnamn - allereie - sluttspel - avslutta - verdstoar - Cameron - British -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »