Hovedsiden

Liten annonse



    Jæger: Tok NM-gull på 400 meter

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 23, 2026 KL:21:59)
    henriette jæger innfridde forventningane og tok gullet på 400-meteren under nm i friidrett i trondheim. 23-åringen, som nyleg sette noregsrekord med 49,15 under diamond league i london, krysset mållinja på tida 50,41. – det ser greitt ut. eg er fornøgd, sa jæger om tida si etter løpet. likevel var det ikkje heilt slik ho såg for seg at løpet skulle bli. – dei som kjenner meg veit at eg kan bli litt lei meg når eg ikkje heilt får til det eg ynskjer. eg hadde lyst til å sjå 49-talet i dag, det er ikkje så rart det. men eg gav mitt i dag og så var det her det heldt til, utdjupar ho. sjølv om jæger ikkje var fornøgd med resultatet, sette ho ny meisterskapsrekord på distansen. – det nærmar seg eit em, korleis kjennest det ut no for deg? – det kjennest bra ut, eg glede meg mykje, la ho kort til. em i friidrett startar 10. august og tar plass i birmingham. mor og trenar unn merete jæger var fornøgd med dottera si prestasjon, trass vêret under meisterskapen. – forholda er vel ikkje heilt optimale, det er ganske kaldt og litt regntungt, men eg synest ho setter saman eit veldig godt løp. under litt tunge forhold så er det her veldig bra.

    Noregs raskaste har talt: Fremstad-Waldron og Rønningen tok NM-gull

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, July 23, 2026 KL:20:16)
    under opningsdagen av nm i friidrett i trondheim var det knytt stor spenning til sprintduellen og kven som eigentleg er noreg sin raskaste mann. feltet låg jamt ute frå startblokkene ein liten stund, men halvvegs i løpet sette per tinius fremstad-waldron inn eit ekstra gir, og tok sigeren med tida 10,35 på 100-meteren. like bak kom salum ageze kashafali inn på tida – målet for denne sesongen er å kvalifisere til em, så det er viktig å få ein god tid her, sa fremstad-waldron til nrk etter løpet. på kvinnenes 100 meter var det helene rønningen som stakk av med sigeren på tida 11,57. dette er hennar fjerde nm-gull på distansen. ein ekstra sterk opptur etter eit år ho sjølve har beskrive som brutalt. – veldig deilig! eg er veldig stolt over meg sjølv og at eg klarer å gjennomføre det veldig greitt, med tanke på at eg hadde ein elendig start, sa rønningen til nrk under noregsmeisterskapen i fjor pådrog ho seg to beinbrot, då ho slengde seg over målstreken. – korleis er det å få til dette her, når vi har det som skjedde i fjor friskt i minne? – eg føler meg sterkt mentalt som klarer å kome tilbake igjen, sidan det blei såpass mykje trøbbel etterpå. så eg er veldig stolt over at eg har kome i såpass god form og vinnar her i dag.


    Tapte leiinga på tampen – enda med norsk bronse

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, July 11, 2026 KL:16:43)
    dei norske orienteringsløparane enda opp med bronse på laurdagens blanda sprintstafett i vm. det norske laget sikra den siste pallplassen etter at ankerkvinne pia young vik måtte sjå seg slått av både sveits og sverige heilt på tampen av løpet. noreg var med i teten heilt frå start då victoria hæstad bjørnstad sprang inn til ein god tredjeplass på den første etappen. etter eit mindre tidstap innleiingsvis på den andre etappen, henta eirik langedal breivik inn att det tapte med eit sterkt løp og sende noreg opp i leiinga. kasper harlem fosser heldt fram i eit høgt tempo og gav young vik ei luke på eit halvminutt ut på sisteetappe. – eg hadde lova pia 45 sekunders leiing ut på sisteetappe. no gav eg henne berre 30 sekund, og då vart det litt for tøft, sa kasper fosser etter løpet. i den steikande sommervarmen vart sveits og sverige for sterke på tampen, men bronsemedaljen gjer at pia young vik blir den einaste utøvaren som tek medalje i samtlige øvingar i meisterskapen. medaljen kom på den aller siste dagen av vm i genova. pallplasseringar: 1. sveits: 1.03.14,9 2. sverige: 1.03.35,0 3. noreg: 1.03.53,5


    Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 25, 2026 KL:23:57)
    elfenbeinskysten vann 2-0 over curaçao og sikra andreplassen i gruppe e. det afrikanske laget kan difor bli noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i vm. allereie etter sju minutt spelt gjekk elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa. yan diomande gjorde forarbeidet og fann nicolas pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. med det fekk pépé også si fyrste skåring i meisterskapet. curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for vm-debutanten. i andre omgang fekk pépé ein sjanse til å doble leiinga. han fekk ein pasning av ibrahim sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet. elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. det afrikanske laget kan møte noreg i ein 16.-delsfinale, dersom noreg tapar eller spelar uavgjort mot frankrike på fredag.

    Mexicos keeperlegende bytt inn i ny siger: – Velfortent hyllest

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 25, 2026 KL:04:56)
    guillermo ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for mexico i 3-0-sigeren over tsjekkia. mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens tsjekkia no er ute. etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause. det starta på mexico sin halvdel, før romo spelar gjennom mateo chávez som hamna aleine mot keeper. han sikra mexico sitt første mål i kampen. seks minutt etter skåra julián quiñones det andre målet for mexico. eit fullsett azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende guillermo ochoa blei bytt inn. han har vore involvert i seks vm-sluttspel, men berre spelt i fire. – det var eit rørande augneblikk. han kjem inn i sitt sjette verdsmeisterskap og får ein velfortent hyllest, seier nrks ekspert under vm, vegard moberg. tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. álvaro fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå ochoa.










    barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 3, 2026 KL:18:25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Noregs stafettlag klare for friidretts-VM – tok norsk rekord

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, May 2, 2026 KL:16:19)
    henriette jæger kunne ta det norske laget lett vidare til finale i stafett-vm. det norske laget sprang inn til tida 3.22.78, og tok ny norsk rekord på 4*400 meter stafett laurdag. dei tok også andreplassen i det siste heatet i kvalifiseringa til finalen i botswana, og tok med det også den andre beste tida i kvalifiseringa. berre slått av storbritannia som sprang på tida 3.21.28. canada var tredje best med tida 3.23.53 det norske rekordlaget bestod av josefine tomine eriksen aks, amalie iuel, lakeri ertzgaard og henriette jæger. aks starta sterkt og kunne veksle som nummer tre med iuel, som sprang som nummer to store delar av sin etappe. både ertzgaard og jæger heldt andreplassen. også ein billett til vm i friidrett i beijing i 2027 sto på spel under stafett-vm i botswana. dei to beste laga i kvart kvalifiseringsheat får ein plass i meisterskapet. finalen i stafett-vm går søndag.


    marerittkveld for syrstad engen i meisterligaen: – det er blytungt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 26, 2026 KL:18:24)
    ingrid syrstad engen var i sentrum då hennar ol lyonnes tapte mot arsenal i den første semifinalen i meisterligaen. to absurde situasjonar inne i eigen boks sørga for at arsenal kunne stikke av med sigeren. ol lyonnes opna best og jule brand sette inn kampens først mål etter 18 minutt. men på ein innøvd dødball svarar arsenal. heimelaget får frispark ute til venstre, eit godt stykke frå mål. mariona på arsenal slår eit lågt innlegg. ol lyonnes-målvakt endler blir forstyrra av arsenal spissen blackstenius, og klarar å fomle ballen forbi seg sjølv og mot målet. ingrid syrstad engen ser ut til å nå igjen ballen før den kryssar målstreken, men klareringa treff stolpen og trillar inn i målet. ho blir kreditert med sjølvmål. – det er blytungt å ryke på ein sånn goal på bortebane i semifinalen, sa tv 2 sin kommentator endre olav osnes. etter 83 minutt får syrstad engen ein dårleg pasning som ho prøver å redde inn. då kolliderer ho med målvakt endler, og olivia smith set inn arsenal sitt andre mål. arsenal vinn 2–1 mot ol lyonnes i den første kampen i meisterligaen.

    bayern münchen og barcelona står likt i semifinalen i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, April 25, 2026 KL:20:13)
    bayern münchen og barcelona får likt utgangspunkt når dei møtest til sitt andre oppgjer i semifinalen i meisterligaen. laga møttest til første kamp i semifinalen laurdag. caroline graham hansen sitt barcelona tok leiinga tidleg i kampen. barcelona skåra etter åtte minutt. ewa pajor sette ballen direkte i mål etter eit innlegg. etter pausen skåra franzizka kett for heimelaget. det blei 1-1 i tyskland. finalen i meisterligaen blir spelt på ullevaal stadion i oslo i slutten av mai.

    Bullen snudde finalen – tok sitt tredje strake EM-gull

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 24, 2026 KL:19:21)
    grace bullen møtte russiske amina tandelova i em-finalen i bryting i tirana i albania fredag. russaren, som deltek uavhengig, tok fire poeng tidleg i gullkampen. etter det såg det tøft ut for det norske håpet i 62-kiloklassa. tandelova gjekk opp til ei 9-0-leiing med eitt minutt att av kampen. men bullen slo tilbake og vann direkte på fall med eit halvt minutt att av finalen. bullen har fire em-gull frå før, ho har også ein ol-bronse får leikane i paris i 2024. ho har også sølv og bronse frå verdsmeisterskap.



    dembélé blei tomålsskårar då psg tok seg til semifinale i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 14, 2026 KL:23:00)
    psg er klar for sin tredje strake semifinale i meisterligaen etter å ha slått liverpool 4-0 i kvartfinalen. etter ein halvtime spelt datt liverpools hugo ekitiké av eigen maskin og blei liggande. han måtte berast ut på båre. inn kom mohamed salah, som bidrog til kampens første store sjanse. han kom med eit innlegg til konaté som stod framfor mål. lenger kom ikkje ballen. i andre omgang hadde liverpool føringa heilt til psgs ousmane dembélé fekk ballen etter 73 minutt. han skåra frå 20 meter. – det var nok nådestøyten det. liverpool skal ha for forsøket. dei har vore veldig gode etter pause, men dette er klasse av ousmane dembélé, sa tv2s simen stamsø møller. på overtid blei dembélé tomålsskårar for psg. han skaut mellom beina på keeperen eitt minutt på overtid. psg vann samanlagt 4-0 og er klar for sin tredje strake semifinale i meisterligaen. der kjem dei til å møte enten bayern münchen eller real madrid.


    Draumekveld for Sørloth – braut 20 års forbanning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 8, 2026 KL:22:55)
    atletico madrid vann for første gang på 20 år mot barcelona på camp nou. scoringar av julian alvarez og alexander sørloth sørga for 2-0-siger og eit solid utgangspunkt før returmøtet i madrid i neste veke. atletico tok leinga like før pause etter ei nydeleg scoring av alvarez. – for eit kunstverk. det kan ikkje gjerast betre, ropte tv 2-kommentator jesper mathisen. argentinaren bøygde ballen over muren frå 25 meter og i krysset i den første kvartfinalen i meisterligaen. opptakta til målet kom ikkje utan dramatikk. julian alvarez spelte fram lagkamerat giuliano simeone som blei felt som sistemann av barcelona-forsvarar pau cubarsí. dommaren trakk først opp det gule kortet. men etter å ha sjekka på var-skjermen blei kortet omgjort til raudt. dermed var heimelaget blitt ti mann. og på det etterfølgande frisparket kom kalddusjen frå alvarez sitt høgrebein. etter kvarteret i andre omgang blei alexander sørloth bytta inn. ti minutt seinare fiksa han 2-0 til bortelaget. nordmannen var nådelaus i feltet og breisida ballen i nettet på volley med venstrebeinet. ein nydeleg prestasjon av noregs landslagsspiss.

    kane og diaz straffa real madrid – gav bayern draumeutgangspunkt i kvartfinalen i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 7, 2026 KL:22:53)
    bayern münchen sjokkerte real madrid på bortebane i den første kvartfinalen i meisterligaen tysdag. tyskarane dominerte frå start, og etter 41 minutt trilla luis díaz inn 0–1. etter pausen trengte harry kane berre 20 sekund for å doble leiinga. han skåra frå 20 meter. no står engelskmannen med 49 mål på 41 kampar denne sesongen. det mestvinnande laget i turneringas historie måtte ta seg saman for å i det heile tatt ha moglegheit til å nå ein semifinale i meisterligaen. etter 70 minutt klarte kylian mbappé endeleg å skåre for heimelaget. han var nådelaus då han fekk sjansen han hadde venta på i over ein time. han sette inn 1-2. trass i at heimelaget vakna mot slutten, heldt bayern münchen ut. dermed har det tyske storlaget eit svært godt utgangspunkt før returoppgjeret i münchen.


    maanums arsenal vann byderby i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, March 24, 2026 KL:22:57)
    arsenal vann 3-1 i den første av to kvartfinalekampar i meisterligaen mot chelsea. men dei mørkeblå starta best. etter sju minutt hadde to ballar truffe stanga. men så snudde det. stina blackstenius skåra for arsenal etter 23 minutt. så dobla arsenal leiinga. chloe kelly skåra det andre målet. etter pausen fekk chelsea eit mål, men knappe ti minutt etter fekk alessia russo moglegheiten til å skåre for arsenal igjen. frida maanum blei bytt inn i det 77 minutt. arsenal vinn 3-1 før returoppgjeret 1. april.

    arsenal vann mot chelsea i meisterliga-kvartfinale

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, March 24, 2026 KL:22:57)
    arsenal vann 3-1 i den første av to kvartfinalekampar i meisterligaen mot chelsea. men dei mørkeblå starta best. etter sju minutt hadde to ballar truffe stanga. men så snudde det. stina blackstenius skåra for arsenal etter 23 minutt. så dobla arsenal leiinga. chloe kelly skåra det andre målet. etter pausen fekk chelsea eit mål, men knappe ti minutt etter fekk alessia russo moglegheiten til å skåre for arsenal igjen. frida maanum blei bytt inn i det 77 minutt. arsenal vinn 3-1 før returoppgjeret 1. april.

    hegerberg mållaus i meisterliga-kvartfinale – wolfsburg tok første stikk

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, March 24, 2026 KL:20:36)
    ada hegerberg klarte ikkje kome på skåringslista då ol lyonnes tapte 0-1 i den første av to kvartfinalekampar i meisterligaen mot wolfsburg. hegerberg var ein av fire norske frå start i oppgjeve, saman med lagvenninne ingrid syrstad engen. på motsett banehalvdel stilte thea bjelde og justine kielland frå start for wolfsburg, som vann kampen. laget i grønt tok leiinga allereie etter 14 minutt. vivien endemann plukka opp ein feilpasning frå lyoness og sende ballen opp til lineth beerensteyn, som sette ballen i nettet for dei grøne. kielland blei bytt ut etter 70 minutt, like før hegerberg blei tatt av banen for lyoness. laget møtes att til nytt oppgjer 2. april.

    wolfsburg vann mot ol lyonnes i meisterligaen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, March 24, 2026 KL:20:36)
    wolfsburg vann den første kampen mot ol lyonnes i kvartfinalen i meisterligaen. wolfsburg tok leiinga allereie etter 14 minutt. vivien endemann plukka opp ein feilpasning frå lyoness og sende ballen opp til lineth beerensteyn, som sette ballen i nettet for dei grøne. andre omgang var mållaus. laget møtes att til nytt oppgjer 2. april.


    Nusa med målpoeng trass tap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, January 31, 2026 KL:18:21)
    antonio nusa noterte seg for ein målgivande pasning til conrad harder, i kampen mellom rb leipzig og mainz 05 i tyske bundesliga. mainz 05 vann kampen 2–1 etter scoringar av amiri og silas. rb leipzig ligg førebels på den viktige 4. plass på tabellen, som sikrar meisterligaspel neste sesong. men fleire lag rundt dei på tabellen har ein kamp til gode.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »