Sport

    Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 25. juni 2026 KL:23.57)
    Elfenbeinskysten vann 2-0 over Curaçao og sikra andreplassen i gruppe E. Det afrikanske laget kan difor bli Noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i VM. Allereie etter sju minutt spelt gjekk Elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa. Yan Diomande gjorde forarbeidet og fann Nicolas Pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. Med det fekk Pépé også si fyrste skåring i meisterskapet. Curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for VM-debutanten. I andre omgang fekk Pépé ein sjanse til å doble leiinga. Han fekk ein pasning av Ibrahim Sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet. Elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. Det afrikanske laget kan møte Noreg i ein 16.-delsfinale, dersom Noreg tapar eller spelar uavgjort mot Frankrike på fredag.

Ord sky bassert på artikkel: 1103083
Curaçao - motstandar - Elfenbeinskysten - andreplassen - afrikanske - delsfinale - Allereie - leiinga - Diomande - forarbeidet - Nicolas - skåring - meisterskapet - overgangsmoglegheiter - lukkast - debutanten - pasning - Ibrahim - Sangaré - venstre - hjørnet - uavgjort - Frankrike -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »