Hovedsiden

Liten annonse
    Bayern München sin trenar kollapsa på treningsfeltet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, October 23, 2026 KL:18:52)
    hovudtrenaren til bayern münchen, vincent kompany, vart frakta til sjukehus etter å ha kollapsa på treningsfeltet, melder klubben sjølv. – vincent kompany måtte fredag få medisinsk behandling etter å ha kollapsa under ei trening for fc bayern sitt amatørlag, heiter det i ei uttale frå bundesliga-klubben. han skal ha sett på ei andrelagstrening då hendinga skjedde. klubben skriv vidare at kompany vil gjennomgå grundige undersøkingar på sjukehuset og vere under medisinsk tilsyn. – helsa til vincent kompany er vår høgste prioritet. vi i fc bayern kjem til å gjere alt vi kan for å sikre at han blir tatt hand om raskt og håpar på rask betring, står det vidare i pressemeldinga. inntil vidare vil trenarteamet hans leie treningar og kampar. fc bayern sin neste kamp er mot freiburg søndag.


    Nytt styre på plass i Sogndal Fotball

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 15, 2026 KL:18:19)
    egil mundal er vald som ny styreleiar i sogndal fotball under det ekstraordinære årsmøtet torsdag kveld. trine lerum hjellhaug er vald til nestleiar, medan hilde østbø, jan tollefsen og marie tefre birkeland kjem inn som styremedlemmer. – dette kjem til å vere krevjande, men eg er nøgd med styret vi har fått med oss, seier mundal til nrk. han seier at han ønsker å bidra til at sogndal fotball skal utvikle seg i rett retning. det nye styret tek over etter at det tidlegare styret stilte plassane sine til disposisjon i kjølvatnet av uroa rundt den tidlegare hovudtrenaren luis pimenta. – vi har stått i ein krevjande periode som har vore krevjande for klubben og dei som engasjerer seg rundt. det eg har hatt fokus på no er å følge opp tilsette og den jobben vil eg halde fram med, fortel dagleg leiar, ingrid narum. det nye styret skal sitte fram til mars neste år, då det er ordinært styremøte.







    Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, September 8, 2026 KL:10:08)
    styret i sogndal fotball il har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser klubben. på årsmøtet skal det veljast nytt styre. – avgjerda er teken med omsut for klubben og eit ønske om å leggje best mogleg til rette for vegen vidare, skriv styret i meldinga. styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover. det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar. dagens styre består av jan rune årøy, trude ramstad, nina olsen munthe, knut armand iversen, øyvind heimset larsen og tom rune kongelf. dei siste månadane har klubben vore prega av uro. i sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar luis pimenta. måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta, etter at han vore borte frå rolla sidan 26. juni.










    Hyllar Sørloth før skjebnekampen: – Kanskje i sitt livs form
    trenaren: – nei, gud kvar er ho? | Skrevet av NRK - Sport' title='Les mer detaljer om artikkelen: blir sett ut av avsløringa til trenaren: – nei, gud kvar er ho? | Skrevet av NRK - Sport'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, January 27, 2026 KL:15:53)
    kjetil knutsen via tid til å snakke om landslagsspiss alexander sørloth før storkampen atlético madrid i meisterligaen. – han er ein verdsklassespelar, seier glimt-trenaren. på onsdag spelar bodø/glimt mot madrid-laget i meisterligaen. på andre banehalvdel står mellom andre sørloth. – han er kanskje i sitt livs form. du ser at det er ein spelar som sprudlar, at han har det bra i livet. han er ekstremt fysisk sterk, sa knutsen då han møtte pressa tysdag. – han er undervurdert på ein del ting: feilvendt, jobbar hardt, spring veldig mykje med nesa også mot motstandarmålet, sa knutsen vidare. glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot manchester city på aspmyra stadion førre veke. sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, er knutsen no mest oppteken av den kollektive styrken til sitt eige mannskap før onsdagens oppgjer. glimt må ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. i tillegg må fleire andre resultat gå glimt sin veg. – det blir ein ekstremt tøff kamp å møte lag som kjempar om topp åtte. me håpar at atlético madrid ikkje er ein av dei laga, det må vere lov å seie, seier knutsen. madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale.





















Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »