Sport

    Hyllar Sørloth før skjebnekampen: – Kanskje i sitt livs form
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, January 27, 2026 KL:15:53)
    Kjetil Knutsen via tid til å snakke om landslagsspiss Alexander Sørloth før storkampen Atlético Madrid i Meisterligaen. – Han er ein verdsklassespelar, seier Glimt-trenaren. På onsdag spelar Bodø/Glimt mot Madrid-laget i Meisterligaen. På andre banehalvdel står mellom andre Sørloth. – Han er kanskje i sitt livs form. Du ser at det er ein spelar som sprudlar, at han har det bra i livet. Han er ekstremt fysisk sterk, sa Knutsen då han møtte pressa tysdag. – Han er undervurdert på ein del ting: feilvendt, jobbar hardt, spring veldig mykje med nesa også mot motstandarmålet, sa Knutsen vidare. Glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot Manchester City på Aspmyra stadion førre veke. Sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, er Knutsen no mest oppteken av den kollektive styrken til sitt eige mannskap før onsdagens oppgjer. Glimt må ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. I tillegg må fleire andre resultat gå Glimt sin veg. – Det blir ein ekstremt tøff kamp å møte lag som kjempar om topp åtte. Me håpar at Atlético Madrid ikkje er ein av dei laga, det må vere lov å seie, seier Knutsen. Madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale.

Ord sky bassert på artikkel: 1077383
Sørloth - skjebnekampen - Kanskje - Knutsen - landslagsspiss - Alexander - storkampen - Atlético - Meisterligaen - verdsklassespelar - trenaren - banehalvdel - kanskje - sprudlar - ekstremt - undervurdert - feilvendt - motstandarmålet - krutsterk - Manchester - Aspmyra - stadion - sigeren - engelske - meistrane - sjølvtillit - oppteken - kollektive - styrken - mannskap - onsdagens - oppgjer - spanske - storklubben - avansement - tillegg - resultat - kjempar - innanfor - åttedelsfinale -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »