Hovedsiden

Liten annonse

    Mexicos keeperlegende bytt inn i ny siger: – Velfortent hyllest

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 25, 2026 KL:04:56)
    guillermo ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for mexico i 3-0-sigeren over tsjekkia. mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens tsjekkia no er ute. etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause. det starta på mexico sin halvdel, før romo spelar gjennom mateo chávez som hamna aleine mot keeper. han sikra mexico sitt første mål i kampen. seks minutt etter skåra julián quiñones det andre målet for mexico. eit fullsett azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende guillermo ochoa blei bytt inn. han har vore involvert i seks vm-sluttspel, men berre spelt i fire. – det var eit rørande augneblikk. han kjem inn i sitt sjette verdsmeisterskap og får ein velfortent hyllest, seier nrks ekspert under vm, vegard moberg. tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. álvaro fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå ochoa.

    Bullen snudde finalen – tok sitt tredje strake EM-gull

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 24, 2026 KL:19:21)
    grace bullen møtte russiske amina tandelova i em-finalen i bryting i tirana i albania fredag. russaren, som deltek uavhengig, tok fire poeng tidleg i gullkampen. etter det såg det tøft ut for det norske håpet i 62-kiloklassa. tandelova gjekk opp til ei 9-0-leiing med eitt minutt att av kampen. men bullen slo tilbake og vann direkte på fall med eit halvt minutt att av finalen. bullen har fire em-gull frå før, ho har også ein ol-bronse får leikane i paris i 2024. ho har også sølv og bronse frå verdsmeisterskap.



























    Diskuterte ikkje menneskerettsbrot
    verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport' title='Les mer detaljer om artikkelen: alpinstjerna blei verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 15, 2022 KL:15:55)
    tidlegare fifa-president sepp blatter fortel at dei ikkje diskuterte det som skal vere qatars menneskerettsbrot før landet fekk tildelt fotball-vm i 2022. 86-åringen annonserte sjølv qatar som vm-arrangør i 2010. han var president i det internasjonal fotballforbundet (fifa) frå 1998 til 2015. i månadene før den omstridde meisterskapen i qatar har blatter uttalt seg til fleire medium om at det ikkje var rett å gi golfstaten meisterskapen. qatar har fått kritikk for brot på menneskerettane. den sterkaste kritikken har komme rundt behandlinga av migrantarbeidarar i landet. i bbc-podkasten «powerplay» seier blatter at dei aldri «diskuterte det» før dei valde qatar som årets vm-arrangør. først i etterkant vart «sosiale og kulturelle forhold for potensielle vertsland» innført. det var ingen slike vedtekter før qatar-avgjerda. styresmaktene i ørkenstaten hevdar på si side at det er gjort reformer som har gitt betring for migrantarbeidarane, og landet har avvist dei mange påstandane om tusenvis av dødsfall under førebuingane til vm. blatter seier også at ein rapport beskreiv qatar som «det minst eigna» landet til å arrangere verdsmeisterskap. bbc har kontakta fifa og vm-komiteen for kommentarar på blatters utspel.








    VM-sjefen: – Konsentrer dykk om fotball, ikkje politikk
    verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport' title='Les mer detaljer om artikkelen: alpinstjerna blei verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, October 13, 2022 KL:08:59)
    qatars vm-sjef nasser al khater meiner fleire europeiske forbund må fokusere på laga sine i staden for å krevje kompensasjon for migrantarbeidarar. – dette er ei idrettsturnering som folk ønskjer å kome til og nyte. å gjere den om til ei plattform for politiske utsegn trur eg ikkje er riktig for sporten, sa al khater til sky sports. fleire europeiske nasjonar, inkludert noreg, har brukt oppkøyringa til verdsmeisterskapen til å framheve bekymringar rundt forholda til migrantarbeidarar. – mange av dei som tar opp dette spørsmålet om arbeidarane si velferd er ikkje ekspertar. og dei er ikkje ekspertar på det dei snakkar om, sa vm-sjefen og heldt fram: – eg føler at dei kjenner seg forplikta til å snakke om det. eg trur dei verkeleg treng å lese seg opp litt meir på kva som skjer på bakken i qatar. uefas arbeidsgruppe for arbeidsrettar i qatar heldt samtaler ved fifas hovudkvarter i sveits onsdag. – når folk kjem ut og seier: «ja, vi er samde om at det må vere eit slags kompensasjonsfond`», så les dei berre frå et stykke papir, sa al khater og bad dei europeiske forbunda om no å fokusere på fotball.

    Kane med regnboge-armbind i VM
    verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport' title='Les mer detaljer om artikkelen: alpinstjerna blei verdsmeister i vinter – legg opp | Skrevet av NRK - Sport'>
    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 11, 2022 KL:09:33)
    det engelske fotballforbundet (fa) opplyser at landslagskaptein harry kane skal bere «onelove»-bindet i qatar-vm, sjølv om fifa skulle forby det. fa kunngjorde at england vil bere eit regnbogekapteinsbind under turneringa, som ein del av eit antidiskrimineringsinitiativ, og til støtte for lhbtq+-samfunnet. fifa har enno ikkje sanksjonert bruk av bindet, men fa er fast bestemt på at kane skal bere det sjølv om det risikerer bøter frå fifa. kapteinar frå ni europeiske land, inkludert england og wales, planlegg å bere armbinda under verdsmeisterskapen, skriv sky sports. det krevst løyve frå fifa for å bere kapteinsbinda. uefas arbeidsgruppe for qatar bad fifa om løyve for tre veker sidan og ventar på svar. i qatar er homofili forbode og kan straffast med inntil sju år i fengsel. styresmaktene i landet har lova at alle er velkomne under det kommande vm-sluttspelet, uavhengig av seksuell orientering. vm blir spelt frå 20. november til 18. desember.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »