Sport

    Kane med regnboge-armbind i VM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 11, 2022 KL:09:33)
    Det engelske fotballforbundet (FA) opplyser at landslagskaptein Harry Kane skal bere «OneLove»-bindet i Qatar-VM, sjølv om Fifa skulle forby det. FA kunngjorde at England vil bere eit regnbogekapteinsbind under turneringa, som ein del av eit antidiskrimineringsinitiativ, og til støtte for LHBTQ+-samfunnet. Fifa har enno ikkje sanksjonert bruk av bindet, men FA er fast bestemt på at Kane skal bere det sjølv om det risikerer bøter frå Fifa. Kapteinar frå ni europeiske land, inkludert England og Wales, planlegg å bere armbinda under verdsmeisterskapen, skriv Sky Sports. Det krevst løyve frå Fifa for å bere kapteinsbinda. Uefas arbeidsgruppe for Qatar bad Fifa om løyve for tre veker sidan og ventar på svar. I Qatar er homofili forbode og kan straffast med inntil sju år i fengsel. Styresmaktene i landet har lova at alle er velkomne under det kommande VM-sluttspelet, uavhengig av seksuell orientering. VM blir spelt frå 20. november til 18. desember.

Ord sky bassert på artikkel: 772987
regnboge - armbind - engelske - fotballforbundet - opplyser - landslagskaptein - OneLove - kunngjorde - England - regnbogekapteinsbind - turneringa - antidiskrimineringsinitiativ - samfunnet - sanksjonert - bestemt - risikerer - Kapteinar - europeiske - inkludert - planlegg - armbinda - verdsmeisterskapen - kapteinsbinda - arbeidsgruppe - homofili - forbode - straffast - fengsel - Styresmaktene - velkomne - kommande - sluttspelet - uavhengig - seksuell - orientering - november - desember -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »