Hovedsiden

Liten annonse

    Gigantane på desperat poengjakt: – Det kan ikkje gjerast betre

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 25. april 2026 KL:19.53)
    to gigantar på nedre halvdel var på desperat poengjakt då brann gjesta rosenborg i trondheim. ein fartsfylt kamp som hadde det meste, også eit kraftig snøvêr. – minner meir om ein desemberkamp dette her i augneblinken, slik snøen ligg tett over lerkendal, meldte victor kjeldstad for ntb. før kvarteret var omme fann rosenborgs emil konradsen ceïde ein iver fossum aleine framfor mål. midtbanespelaren hadde få problem med å sette inn leiarmålet frå kloss hold. berre fem minutt seinare fekk brann eit frispark i farleg posisjon. venstrevingen til brann, jón dagur thorsteinsson, var eigentleg ikkje tenkt å starte kampen. men det gjorde han, og viste seg tilliten verdig. frå 20 meter sende islendingen ballen over muren og inn i nærmaste kryss. eit kunstverk av eit frispark. – det kan ikkje gjerast betre, sa ekspertkommentator i tv 2, jesper mathisen. intensiteten var høg kampen gjennom og brann skapte dei farlegaste sjansane. men fleire mål vart dei ikkje. det enda uavgjort i ein kamp der begge jakta tre poeng. rosenborg ligg på 12. plass med fem poeng etter seks kampar. brann er plassen bak, og har fire poeng.


Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »