Sport

Liten annonse
    Weng: – Kan ha gått mitt siste VM
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 9. mars 2025 KL:15.36)
    Heidi Weng klinka til med sølv på femmila i ski-VM søndag. No røper ho at det kan ha vore hennar siste VM. – Det får me sjå. I utgangspunktet trur eg det, men ein veit aldri. Eg kjenner det snart er tida for å takke for seg, men ein skal aldri seie aldri. Eg har ikkje bestemt meg for noko, men eg merkar at det har vore mykje stong ut, seier Weng til NRK. Og utdjupar: – Eg veit ikkje om eg orkar å legge ned så mykje jobb, som å legge ned mykje trening. Eg har lagt ned mykje trening i år for å kome tilbake på eit høgt nivå. Det er eg veldig stolt og fornøgd over at eg har klart. – Vurderer du å gi deg etter denne sesongen? – Nei, det har eg eigentleg ikkje tenkt til. Men me får sjå. Eg må gjere ferdig sesongen og kvile litt, så får me sjå, seier Weng. Som sa seg spesielt godt nøgd med VM-sølv etter at ho fall tidleg i løpet.

Ord sky bassert på artikkel: 997786
femmila - utgangspunktet - kjenner - bestemt - utdjupar - trening - tilbake - fornøgd - Vurderer - sesongen - eigentleg - spesielt -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »