Hovedsiden

Liten annonse

    Jæger med norsk rekord i London

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 18, 2026 KL:21:45)
    henriette jæger klarte for første gong å springe 400 meter under 49 sekund under eit stemne i london fredag kveld. tida 48,78 er ny norsk rekord på distansen. jæger låg lenge i tet i løpet, men ol-vinnar og storfavoritt marileidy paulino vart for sterk på slutten. ho spurta nok ein gong inn til siger hårfint framfor den norske 23-åringen på tida 48,73. stemnet på stonex stadium i den britiske hovudstaden er eit arrangement med berre kvinner på startstreken. i tillegg til norsk rekord kan den norske sprintaren glede seg over ein pengepremie på 35.000 dollar, tilsvarande om lag 330.000 norske kroner.

    Lekre Molde-mål då «Kåffa» vart sett på plass

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 6, 2026 KL:18:59)
    molde tok sin tredje seier på rappen i eliteserien då kfum oslo vart sendt heim til hovudstaden med 2–0 i sekken. det var heimelaget som tok føringa i kampen. moldes oskar spiten kom seg fri på rundt 30 meter og sette fart framover. på lekkert vis fekk han plassert ballen i lengste hjørne og molde gjekk til pause med 1–0. kfum oslo måtte i store delar av andre omgang klare seg med ti mann på bana, etter at jakob blixt flaten blei sendt i dusjen etter to gule kort. i ein duell med moldes emil breivik var han litt for ivrig med armbruken og trefte breivik i ansiktet. dette gav rom for heimelaget og trent koné-doherty kunne doble for molde og trilla inn 2–0 midtvegs i den andre omgangen.



    Snø i Madrid berre timar før skjebnekamp mot Bodø/Glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 28, 2026 KL:12:10)
    den spanske hovudstaden er ramma av eit snøfall, berre timar før bodø/glimt møter atlético madrid i meisterligaen onsdag. – det er koseleg for glimt-spelarane å vakne opp til snøvêr, så dei føler seg litt heime. når dei ser at det er kaldt og litt kvitt på biltaka, så tenker dei kanskje at sjansane deira aukar litt. madrid-spelarane er nok ikkje så vande til at det snør såpass, men eg trur ikkje det kjem til å påverke banen, seier nrks ekspert carl erik torp. då heimelaget skulle trene tysdag, sørga hagl og regn for at bana flaut over av vatn, og økta måtte utsetjast i 30 minutt. det er meldt rundt fem grader under kveldens kamp. glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot manchester city på aspmyra stadion. sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. i tillegg må fleire andre resultat gå glimt sin veg. madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale. kampen blir spelt kl. 21.00, du kan høyre han på nrk radio.







    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 27, 2025 KL:21:14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

    Bryne sjokkopna i Bergen – Brann snudde etter straffescoring

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 27, 2025 KL:18:57)
    bryne hadde ikkje vunne ein bortekamp i eliteserien sidan 2002. 23 år etter at dei audmjuka bergensarane på sjølvaste 16-mai såg det lenge ut som historia skulle gjenta seg. men på overtid får brann straffe og snudde kampen til 3–2 siger etter scoring av niklas castro. bryne sjokkopna i vestlandshovudstaden, då duarte moreira tok jærbuene opp til 0–1 alt etter åtte minutt. nicklas strunck skyt frå 16-meteren, ein ball mathias dyngeland i brann-målet må gi retur på. moreira får ei enkel oppgåve med å sette den returen i buret. men det skulle bli verre for heimepublikumet i regnvêret på brann stadion. før kvarteret er spelt varta dyngeland opp med nok ein gåvebakke av ein retur. der står alfred scriven som sørger for at gjestane leiar 0–2. etter sidebyte blir bård finne bytta inn og 30-åringen brukar ikkje lang tid på å gi bergensarane nytt håp, då han smeller reduseringa i mål frå 10 meter. felix horn myhre utlikna for bergensarane eit kvarter før full tid, før brann på overtid snudde det heile og sikra seg tre poeng. med det toppar bergensarane tabellen i eliteserien etter fem rundar med 12 poeng.



























Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »