Sport

Liten annonse
    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 27. april 2025 KL:21.14)
    Det vart ein skikkeleg målfest mellom Viking og Tromsø. På overtid vart det scora tre mål. Kampen enda 4–4 og poengdeling i Stavanger. Tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. Målet kom etter at Vikings Marin Over Roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. Ballen spratt vidare til Jakob Romsaas som serverte ballen vidare til Vegard Erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. Same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til Tromsø. Så starta målfesten i Stavanger. Henrik Heggheim reduserte først til 1-2, før Jens Hjertø-Dahl tok Tromsø opp til 1-3. To minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert Edvin Austbø. På ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. Men festen var lang frå over. Viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for Herman Haugen som utlikna, før Martin Ove Roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. Men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå Tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i Stavanger og hattrick for Vegard Erlien. Viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

Ord sky bassert på artikkel: 1010948
Fotballfest - Stavanger - overtid - skikkeleg - målfest - poengdeling - gjestane - kalddusj - leiinga - oljehovudstaden - Vikings - hjørnet - Romsaas - serverte - sidebyte - målfesten - Heggheim - reduserte - seinare - heimelaget - signert - starten - omgangen - utlikning - sluttminutta - utlikna - dommaren - hattrick - sesongen - kveldens - oppgjer -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »