Hovedsiden

Liten annonse
    15-åring redda poeng for Vålerenga 

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 6, 2026 KL:18:55)
    vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein henrik bjørdal til viking på tampen av «deadline day». på overtid borte mot sarpsborg 08 redda 15 år gamle gabriel rajkovic poeng for oslo-laget etter å ha lege under 2–0 i store delar av kampen. – det var veldig deilig å få den scoringa og poenget. eg såg at ole (sæter) gjekk opp i duell, og då tenkte eg at eg skulle luske meg bak der, og ballen kom, sa rajkovic til tv 2 etter kampen. heimelaget tok leiinga midtvegs i første omgang. claus niyukuri kom på eit vakker løp framover og etter litt veggspel med victor halvorsen fekk han plassert ballen i nettmaskene. 10 minutt før full tid får sarpsborg 08 frispark. frå 17 meter får innbytar sondre sørli draumetreff. han smeller ballen forbi muren og tek heimelaget opp til 2–0. minutta seinare kjem reduseringa frå hovudstadslaget som bankar inn 2–1 signert petter strand. dette tente tydelegvis ein flamme hjå vålerenga. rajkovic dukka opp i feltet og sende ballen i nettmaskene på overtid etter å ha komme inn frå benken.


    Scora fire minutt etter innhoppet – Bodø/Glimt tok komfortabel siger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, July 12, 2026 KL:16:26)
    i solsteika i oslo tok kfum imot bodø/glimt søndag ettermiddag. starten på kampen var prega av mykje spel fram og tilbake, med sjansar til begge lag. det var likevel bortelaget som fekk den første scoringa. etter 24 minutt klinka sondre brunstad fet ballen høgt opp i nettmaskene og sende glimt i føringa. mot slutten av den første omgangen festa bodø/glimt grepet om kampen og pressa vertane tilbake på eiga banehalvdel. kfum hadde sine moglegheiter til å svare. magnus grødem kom til eit par sjansar, men jærbuen greidde ikkje å finne vegen til mål. bodø/glimt måtte klare seg utan sentrale spelarar som patrick berg, jens petter hauge og fredrik bjørkan, men det hindra ikkje dei gulkledde i å ta kontroll etter pause. i det 69. minutt kom andreas helmersen inn for kasper høgh. berre fire minutt seinare markerte innbytaren seg då han sette inn 2–0 til bortelaget. sigeren gjer at bodø/glimt held fram på tredjeplass i eliteserien, bak viking og tromsø. kfum blir ståande på 13. plass på tabellen.


    Ny storsiger for Noreg – slo Italia i ishockey-VM

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, May 19, 2026 KL:18:38)
    noreg slo italia 4-0 i gruppespelet i ishockey-vm i sveits. noreg tok kontroll tidleg i kampen og sette det første målet etter 11 minutt, då eskild bakke olsen sette pucken i krysset. i andre periode skåra noah steen 2-0-målet for noreg, før chirstian kasastaul sette inn 3-0 etter 39 minutt. også i tredje periode viste noreg form. med fem minutt att på klokka sette 18 år gamle tinus luc koblar inn 4-0-målet. etter siger over italia ligg noreg på ein fjerdeplass i gruppe b. dei fire øvste laga kjem til kvartfinale. noreg tapte 1–2 for slovakia i opningskampen, men sidan har det blitt overtydande 4–0-siger mot slovenia og italia. det norske laget har i dei fleste vm måtte konsentrere seg om å berge plassen, men med seks poeng på tre kampar kan ein byrje å drøyme om noregs første vm-kvartfinale sidan 2012. seinare i turneringa ventar tøffe oppgjer mot blant anna canada og tsjekkia.

    Pogacar tok sin tredje strake monument-siger – Tobias Halland Johannessen imponerte

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 26, 2026 KL:15:51)
    ingen kunne stoppe tadej pogacar under liège – bastogne – liège søndag, ofte omtalt som sesongens hardaste eindagsritt. – det er ein atombombe som skjer no opp côte de la redoute, kom det frå tv 2 kommentator mads kaggestad. det var då tadej pogacar rykka ifrå feltet, 34 kilometer frå mål. og med seg fekk han 19-åringen paul seixas. ungguten var på bakhjula ei god stund, men når det stod att 14 kilometer klarte han ikkje henge på den slovenske verdseinaren. dette var pogacar sin tredje strake siger i rittet, fjerde totalt. det var knytt store forventningar til tobias halland johannessen, som før start drøymde om ein topplassering. – topp ti hadde vore veldig stort, og ligg ein topp 10 kan alt skje, sa han til nrk. halland johannessen var med heile vegen inn i kampen om ein topplassering, men kom seg ikkje fram i spurten. han enda på 9. plass. – det er by far det beste eindagsrittet, kom det frå christian paasche om nordmannens prestasjon. det er den nest beste norske plasseringa i rittet gjennom historia. berre tredjeplassen til dag erik pedersen frå 1986 er betre.

    Gigantane på desperat poengjakt: – Det kan ikkje gjerast betre

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, April 25, 2026 KL:19:53)
    to gigantar på nedre halvdel var på desperat poengjakt då brann gjesta rosenborg i trondheim. ein fartsfylt kamp som hadde det meste, også eit kraftig snøvêr. – minner meir om ein desemberkamp dette her i augneblinken, slik snøen ligg tett over lerkendal, meldte victor kjeldstad for ntb. før kvarteret var omme fann rosenborgs emil konradsen ceïde ein iver fossum aleine framfor mål. midtbanespelaren hadde få problem med å sette inn leiarmålet frå kloss hold. berre fem minutt seinare fekk brann eit frispark i farleg posisjon. venstrevingen til brann, jón dagur thorsteinsson, var eigentleg ikkje tenkt å starte kampen. men det gjorde han, og viste seg tilliten verdig. frå 20 meter sende islendingen ballen over muren og inn i nærmaste kryss. eit kunstverk av eit frispark. – det kan ikkje gjerast betre, sa ekspertkommentator i tv 2, jesper mathisen. intensiteten var høg kampen gjennom og brann skapte dei farlegaste sjansane. men fleire mål vart dei ikkje. det enda uavgjort i ein kamp der begge jakta tre poeng. rosenborg ligg på 12. plass med fem poeng etter seks kampar. brann er plassen bak, og har fire poeng.


    Draumekveld for Sørloth – braut 20 års forbanning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 8, 2026 KL:22:55)
    atletico madrid vann for første gang på 20 år mot barcelona på camp nou. scoringar av julian alvarez og alexander sørloth sørga for 2-0-siger og eit solid utgangspunkt før returmøtet i madrid i neste veke. atletico tok leinga like før pause etter ei nydeleg scoring av alvarez. – for eit kunstverk. det kan ikkje gjerast betre, ropte tv 2-kommentator jesper mathisen. argentinaren bøygde ballen over muren frå 25 meter og i krysset i den første kvartfinalen i meisterligaen. opptakta til målet kom ikkje utan dramatikk. julian alvarez spelte fram lagkamerat giuliano simeone som blei felt som sistemann av barcelona-forsvarar pau cubarsí. dommaren trakk først opp det gule kortet. men etter å ha sjekka på var-skjermen blei kortet omgjort til raudt. dermed var heimelaget blitt ti mann. og på det etterfølgande frisparket kom kalddusjen frå alvarez sitt høgrebein. etter kvarteret i andre omgang blei alexander sørloth bytta inn. ti minutt seinare fiksa han 2-0 til bortelaget. nordmannen var nådelaus i feltet og breisida ballen i nettet på volley med venstrebeinet. ein nydeleg prestasjon av noregs landslagsspiss.

    Suveren seier til Ruud mot frustrert franskmann

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, April 8, 2026 KL:17:25)
    casper ruud var overlegen mot franske corentin moutet i 16.-delsfinalen i master 1000-turneringa i monte carlo i ettermiddag. nordmannen vann første sett 7–5. han starta også det andre settet godt. men franskmannen beit seg fast, sjølv om han til tider var svært frustrert på grusen. ruud vann det andre settet 6–3. ruud nådde finalen i turneringa i 2024, då han slo verdseinaren novak djokovic i semifinalen. franskmannen er ranger som nummer 31 i verda, medan ruud er nummer 12.


    Sundling vann fellesstarten – Diggins datt i avskjedsrenn

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, March 22, 2026 KL:20:21)
    det blei dramatikk då kvinnene gjekk 20 km fellesstart i lake placid søndag. jonna sundling spurta frå feltet i verdscupavslutninga og tok førsteplassen. linn svahn gjekk inn til andreplass, medan heidi weng tok tredjeplassen i det som blei eit dramatisk renn. for då det var ein halv kilometer att datt jessie diggins i ein nedoverbakke. ho datt då frå pallmoglegheiter i sitt aller siste verdscuprenn i karrieren. – veldig kjedelig å dette så nære mål, seier therese johaug i viaplays studio og held fram: – men ein såg det var krevjande føre. personen sjølv prata ikkje om fallet etter rennet, men var tydeleg rørt då ho prata med viaplay etter rennet. – det var fantasisk, så mange i publikum. eg følte eg gjekk for heile verda, seier diggins, som vinn verdscupen samanlagt. også astrid øyre slind opplevde dramatikk midtvegs i rennet. etter ni kilometer gjekk ho i bakken, og med seg i fallet tok ho med seg frida karlsson. ho klarte å hente seg inn att. seinare i løpet tok svensken med seg karoline grøtting i eit fall. grøtting hamna til slutt på ein fjerdeplass.

    Sørloth skriven ut frå sjukehus etter hovudsmell – reiser heim til Madrid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, January 31, 2026 KL:18:56)
    landslagsstjerna alexander sørloth pådro seg ein tøff hovudsmell og måtte ut på båre då atlético madrid spelte 0–0 mot levante. den norske spissen blei send rett til sjukehus, og i nokre timar var alvorlegheitsgraden uviss. nokre timar seinare laurdag kveld kunne klubben melde at han var skriven ut igjen, og at han ikkje hadde pådrege seg nokon alvorlege skadar. – undersøkingar av alexander sørloth utelukkar brot og blødingar i kraniet, skriv atletico på x. nordmannen starta kampen mot levante. 22 minutt ut i kampen skulle sørloth forsvare eit hjørnespark i eigen sekstenmeter. etter ein duell med levante-spelar matias moreno vart spissen liggande i over tre minutt med medisinsk personell rundt seg. han vart etter kvart frakta ut på båre. han var ved bevisstheit, men med tydelege smerter. julian alvarez erstatta nordmannen. moreno vart også bytta ut like etter. det endte med 0-0 og poengdeling på ciudad de valencia. (nrk/ntb)




    Landslagstroppen er klar – Reiten står over kampar for Noreg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, November 19, 2025 KL:14:50)
    28. november møter noreg brasil til privatlandskamp. tre dagar seinare skal dei spele mot danmark. landslagssjef gemma grainger har tatt ut troppen til dei to kampane. 26 spelarar er tatt ut: målvakter: cecilie hauståker fiskerstrand, selma panengstuen, sunniva skoglund. forsvarsspelarar: tuva hansen, guro bergsvand, thea bjelde, marit bratberg lund, emilie woldvik, mathilde hauge harviken, andrea norheim, ingrid syrstad engen, julie blakstad. midtbanespelarar: vilde bøe risa, emilie joramo, justine kvaleng kielland, lisa naaslund, frida maanum, karina sævik, emma stølen godø. angrepsspelarar: signe gaupset, synne jensen, cathinka tandberg, caroline graham hansen, ada hegerberg, elisabeth terland, anna jøsendal. chelsea-spelar guro reiten er ikkje med i troppen. ho og sambuaren har ho fått ein son. – me gratulerer og gir ho tid til å vere i lag med sine næraste, sa grainger då ho presenterte troppen onsdag.

    Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, October 19, 2025 KL:21:10)
    med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var strømsgodset i poengjakt då dei møtte fredrikstad i eliteserien, søndag. men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt. etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok ffk leiinga i det 67. minutt. oskar øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0. like etter banka ulrik fredriksen 2-0 i krysset. henrik skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. bryne spelte 2-2 mot rosenborg laurdag, og med siger over ffk ville godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. i staden er avstanden fem poeng. (nrk/ntb)


    Haaland mestscorande nordmann i Premier League

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, September 27, 2025 KL:17:55)
    manchester city sleit ein stund med burnley, men i andre omgang var ting tilbake til normalen. med både målgivande og mål for erling braut haaland. haalands to mål gjer han til tidenes mestscorande nordmann i premier league med 93 scoringar. den førre rekorden delte han med ole gunnar solskjær som noterte seg for 91. etter ti minutt sette maxime estève ballen i eiget nett. men seinare i første omgang svarte burnley. jaidon anthony sette inn utlikninga. i andre omgang fekk erling braut haaland ein målgivande til matheus nunes. da timen var spelt kom oscar bobb inn for manchester city. det såg ut til at han sette inn 3-1, men reprisen viste at estèveblei tomålsscorar, dessverre for han i eiget nett. like før slutt sette haaland inn 4–1 og 5-1 med kort mellomrom.

    Brasil forsvarte tittelen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, August 3, 2025 KL:03:14)
    brasil forsvarte copa america-tittelen for kvinner med ein dramatisk 5–4-siger over colombia etter straffesparkkonkurranse i finalen laurdag i quito. dermed sikra brasil seg sin niande kontinentale triumf. kampen enda 4–4 etter ekstraomgangar. linda caicedo gav colombia leiinga i det 25. minutt, før angelina utlikna frå straffemerket rett før pause. eit sjølvmål av tarciane gav colombia ny leiing i det 69. minutt, men amanda gutierres utlikna igjen ti minutt seinare. mayra ramirez sende colombia i føringa to minutt før full tid, men brasils legende marta utlikna langt på overtid og scora igjen i ekstraomgangane. leicy santos sørga for 4–4 med eit praktfullt frispark, og kampen gjekk til straffar. der redda brasils målvakt lorena eit avgjerande skot frå carabali og sikra sigeren. (reuters)



    PSG knuste Real Madrid: – Smertefullt tap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 9, 2025 KL:23:03)
    paris saint-germain høvla over real madrid, ved å vinne 4–0 i semifinalen i klubb-vm. – det var et smertefullt tap, vi må innrømme at vi ikke holdt mål i dag, sa real madrid-manager xabi alonso etter kampen. to enorme tabbar frå raúl asencio og antonio rüdiger i midtforsvaret gjorde at psg leia med to mål før det var spelt ti minutt. fabián ruiz blei seinare i omgang tomålsscorar. gonçalo ramos gjorde audmjukinga komplett like før kampslutt ved å sette inn det fjerde. i målfeiringa heidra han hans avdøde landsmann diogo jota, ved å gjere portugisarens kjende feiring, ved å sette seg ned og late som han spelar videospel. i finalen møter dei chelsea.

    alcaraz enkelt til semifinale i wimbledon – verdseinaren måtte slite

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, July 8, 2025 KL:20:43)
    Carlos Alcaraz jaktar på sin tredje strake tittel i Grand Slam-turneringa Wimbledon i London. Han tok seg til semifinale med å slå heimehåpet Cameron Norrie. Spanjolen vann med settsifra 6-2, 6-3, 6–3 på graset tysdag. Alcaraz har slått Novak Djokovic i finalen i Wimbledon dei to siste åra og står med i alt fem GS-titlar sidan den fyrste i 2022. Då slo han Casper Ruud i finalen i US Open. (NTB)


    Røssing-Lelesiit herja for G19-landslaget i 2-2-kamp mot England i EM-sluttspelet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 14, 2025 KL:18:13)
    alexander røssing-lelesiit storspelte og leverte mål og assist då noregs g19-landslag spilte 2–2 mot england i fyrste kamp i em-sluttspelet i romania. den 18-årige hamburg-spillaren herja på venstresida, og motspelarar frå premier league-klubbar makta ikkje å stoppe han. røssing-lelesiit utlikna med eit soloraid der han rykte forbi chelsea-spelar harrison murray-campbell og skaut i mål bak arsenal-keeper tommy setford. seinare la han opp til leiarmålet, som blei scora av sondre granaas. med mathias øren i ryggen fall shumaira mheuka då dei venta på eit engelsk innlegg. dommaren peika på straffemerket. i det 80. minutt sette mikey moore inn 2–2. (©ntb)




    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 27, 2025 KL:21:14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hattrick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hattrick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hat-trick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hat-trick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Arsenal gjorde jobben – Ødegaard med målgivande

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 20, 2025 KL:16:56)
    arsenal var nøydd til å vinne for å halde liv i det ørlite ligagull-håpet. mot ipswich fekk dei små problem, då dei vann 4–0. det tok knappe femten minutt før leandro trossard sende bortelaget opp i leiinga. nest sist på ballen var martin ødegaard. før det var gått ein halvtime la gabriel martinelli på til 2–0. vondt blei til verre for nedrykkstrua ipswich da leif davis fekk raudt kort etter ein stygg takling på bukayo saka i første omgang. trossard blei tomålsscorar i andre omgang og like før slutt scora ungguten ethan nwaneri. med fem kampar igjen å spele for arsenal har dei 10 poeng opp til liverpool. ligaleiaren spelar mot leicester seinare på sundag. andre resultat i premier league sundag: manchester united – wolverhampton 0–1 fulham – chelsea 1–2


    Rekdal med krass pausekritikk: Poengdeling mot opprykksrivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 31, 2025 KL:20:53)
    det enda 2–2 då 1. divisjon braka i gang med to av opprykksfavorittane i aalesund og lillestrøm. aalesund-trenar kjetil rekdal likte ikkje det han såg frå laget før pause. – me har vore elendige, synest eg. me har vore pinglete på alt, tør ikkje spele sjølv. svake defensivt, eit veldig engsteleg aalesund-lag. viss me ikkje hevar oss, så kjem me til å tape, sa rekdal til tv 2 i pausen. første omgang var prega av mykje mål. tangotrøyene gjekk i leiinga etter fem minutt med scoring frå claudio braga. knappe ti minuttar seinare utlikna eric kitolano, men heimelaget gjekk opp i leiinga att med scoring frå david jóhannsson. like før pause sørgde thomas lehne olsen for at laga gjekk inn til pause på stillinga 2–2. rekdals menn fekk ein god start på annan omgangen ved å få tildelt eit straffespark, men mads hedenstad redda forsøket frå paul ngongo. – eg rekker å få opp foten der. det er sjølvsagt deilig det. poengdeling er vel for så vidt greitt, seier hedenstad til tv 2 etter kampen. det blei ikkje fleire mål i kampen og det enda 2–2. – viss du ser alt i alt så fortener me ikkje å vinne, såpass ærlege må me vere. me blei betre i andre omgang, men me er framleis eit stykke frå det nivået me bør vere på, seier rekdal. andre resultat i 1. divisjon: odd – skeid 2–1 start – sogndal 2–1 stabæk – hødd 1–1 egersunds ik – mjøndalen 3–2 kongsvinger – åsane 1–1 ranheim – lyn 0–3

    80-åring klar for VM-debut

    Kilde: NRK - Innenriks | Publisert: (Thursday, March 6, 2025 KL:16:48)
    på 1960 -og 70 talet sanka norge mengder av mesterskapsmedaljar på skøyte-isen. mange vil sei at ingvar kjell bjorland då var i sin beste alder. men han hadde då valgt vekk skøytekarrieren. seksti år seinare er 80-åringen klar for vm-debut - og går for gull.




Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »