Sport

Liten annonse
    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hattrick av Immobile
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (fredag 25. april 2025 KL:20.55)
    Ein hard pressa Ole Gunnar Solskjær og hans Besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget Hatayspor Antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. Abdulkadir Parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå Bilal Boutobba. Heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert Ciro Immobile. Rafa Silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to Hatayspor-spelarar. Vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til Besiktas etter ein hands. Igjen er det italienske Immobile som set ballen trygt i mål og Solskjærs menn har snudd kampen. Berre minutta seinare tar Rafa Silva heimelaget opp til 3–1. Immobile sikra seg hattrick med kveldens tredje mål like etterpå. Den definitive spikaren i kista blir sett av Keny Arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. Besiktas ligg etter kvelden oppgjer i Istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar Galatasaray. Hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

Ord sky bassert på artikkel: 1010534
Solskjærs - botnlag - Hattrick - Immobile - Besiktas - botnlaget - Hatayspor - Antakya - tyrkiske - superligaen - komfortabelt - Abdulkadir - gjestane - vakkert - innlegg - Boutobba - Heimelaget - utlikna - kvarteret - seinare - straffespark - signert - innanfor - meteren - omringa - spelarar - italienske - minutta - heimelaget - hattrick - kveldens - etterpå - definitive - spikaren - fastsette - sluttresultatet - oppgjer - Istanbul - serieleiar - Galatasaray - tabellen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »