Hovedsiden

Liten annonse
    15-åring redda poeng for Vålerenga 

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, September 6, 2026 KL:18:55)
    vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein henrik bjørdal til viking på tampen av «deadline day». på overtid borte mot sarpsborg 08 redda 15 år gamle gabriel rajkovic poeng for oslo-laget etter å ha lege under 2–0 i store delar av kampen. – det var veldig deilig å få den scoringa og poenget. eg såg at ole (sæter) gjekk opp i duell, og då tenkte eg at eg skulle luske meg bak der, og ballen kom, sa rajkovic til tv 2 etter kampen. heimelaget tok leiinga midtvegs i første omgang. claus niyukuri kom på eit vakker løp framover og etter litt veggspel med victor halvorsen fekk han plassert ballen i nettmaskene. 10 minutt før full tid får sarpsborg 08 frispark. frå 17 meter får innbytar sondre sørli draumetreff. han smeller ballen forbi muren og tek heimelaget opp til 2–0. minutta seinare kjem reduseringa frå hovudstadslaget som bankar inn 2–1 signert petter strand. dette tente tydelegvis ein flamme hjå vålerenga. rajkovic dukka opp i feltet og sende ballen i nettmaskene på overtid etter å ha komme inn frå benken.

    Evjen måtte av med skade – Glimt tilbake på tabelltopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, July 26, 2026 KL:18:52)
    på ein utseld jotun arena tok sandefjord imot bodø/glimt søndag ettermiddag. gjestene fekk ein drøymestart då ole brynhildsen sende dei gulkledde i føringa allereie etter eitt minutt. bodø/glimt var laget som styrte det meste før pause, og skapte dei største sjansane. sandefjord kom likevel til nokre moglegheiter, men utan å få ballen i mål. etter kvilen var det heimelaget som kom best i gang og fekk ein stor sjanse tidleg i omgangen, men avslutninga gjekk utanfor. håkon evjen kom inn for glimt – men midtbanespelaren måtte forlate bana igjen etter rundt eit kvarter med skade. i sluttminutta jagde sandefjord mål og kom til fleire store sjansar, men utan utteljing. bodø/glimt fekk også sine moglegheiter, og med eit halvt minutt igjen til full tid sette jens petter hauge inn 2–0. på overtid fastsette mikkel bro hansen sluttresultatet til 3–0. med sigeren tok bodø/glimt med seg tre poeng og klatra til toppen av tabellen. like bak ligg viking, som har to kampar mindre spelt. dei møter ålesund klokka 19.15 og kan ta tilbake tabelltoppen med siger.

    Evjen måtte av etter skade – Glimt tilbake på tabelltopp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, July 26, 2026 KL:18:52)
    på ein utseld jotun arena tok sandefjord imot bodø/glimt søndag ettermiddag. gjestene fekk ein drøymestart då ole brynhildsen sende dei gulkledde i føringa allereie etter eitt minutt. bodø/glimt var laget som styrte det meste før pause, og skapte dei største sjansane. sandefjord kom likevel til nokre moglegheiter, men utan å få ballen i mål. etter kvilen var det heimelaget som kom best i gang og fekk ein stor sjanse tidleg i omgangen, men avslutninga gjekk utanfor. håkon evjen kom inn for glimt – men midtbanespelaren måtte forlate bana igjen etter rundt eit kvarter med skade. i sluttminutta jagde sandefjord mål og kom til fleire store sjansar, men utan utteljing. bodø/glimt fekk også sine moglegheiter, og med eit halvt minutt igjen til full tid sette jens petter hauge inn 2–0. på overtid fastsette mikkel bro hansen sluttresultatet til 3–0. med sigeren tok bodø/glimt med seg tre poeng og klatra til toppen av tabellen. like bak ligg viking, som har to kampar mindre spelt. dei møter ålesund klokka 19.15 og kan ta tilbake tabelltoppen med siger.

    Bodø/Glimt herja med Start – vann 4-1

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, May 20, 2026 KL:19:57)
    bodø/glimt vann 4-1 over eit start-lag som måtte spele halvanna omgang med ti mann. bortelaget tok leiinga etter 24 minutt. fredrik sjøvold sette ballen i mål for bodø/glimt. så blei det tøffare for start, som ligg på botn av tabellen. berre minuttar att av første omgang prøvde ousmane diallo toure å stoppe jens petter hauge. hauge datt over ende, og dommaren meinte toure brukte tjuvtriks. han fekk raudt kort og start blei redusert til ti mann. då det var eitt minutt att av omgangen dobla sondre auklend leiinga. åtte minutt på overtid fekk start ein redusering. patrick berg forårsaka eit straffespark. omar jebeli tok det og skåra. bodø/glimt var ikkje ferdige i andre omgang. patrick berg skåra det tredje målet for gjestane. før glimt skåra igjen. håkon evjen sette inn 4-1.

    Haaland assisterte draumemål då Manchester City vann FA-cup finalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, May 16, 2026 KL:17:56)
    på fotballens nasjonaldag her i noreg var det duka for fa-cup finale i england mellom chelsea og manchester city. erling braut haaland heldt på å straffe chelsea midt i den første omgangen då han rappa ballen på kanten av 16-meteren. men vinkelen vart for spiss og skotet gjekk til side for mål. like etter spelte matheus nunes nordmannen på blank kasse og haaland hadde få problem med å score, men førstnemnde var i offside i situasjonen før. elles var den første timen ein sjansefattig affære. og det måtte noko heilt spesielt til for å få ballen lovleg i nettmaskene. etter 72 minutt blir haaland spelt gjennom på kanten av 16-meteren. han slår hardt inn langs bakken. inne framfor mål hælsparkar antoine semenyo innlegget lekkert bort i lengste hjørnet. 1–0. i dei etterfølgande minutta bølgar kampen fram og tilbake, der chelsea er nærme på eit innlegg. men ingen av laga klarar å få ein ny ball i nota. manchester city vinn kampen 1–0 og tek sitt åttande fa-cup trofé i historia.

    Arsenal tok første stikk i ligacupsemifinalen – slo Chelsea 3–2

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 14, 2026 KL:22:55)
    arsenal sikra seg eit godt utgangspunkt då dei slo chelsea 3–2 på bortebane i den første ligacup-semifinalen tysdag. bortelaget tok kommandoen frå start. ben white sytte for leiing då han kriga inn det første målet, noko som også var den einaste skåringa i første omgang. etter kvilen skrudde arsenal opp tempoet. viktor gyökeres dobla leiinga etter forarbeid frå nettopp white, og bortelaget såg ut til å kontrollere alt på stamford bridge. alejandro garnacho tente håpet for heimefansen då han reduserte til 1–2 etter 57 minutt, men martín zubimendi slo raskt tilbake. i det 71. minutt smalt han ballen i hjørnet og sytte for tomålsleiing til arsenal. chelsea nekta å gje seg, og i det 83. minutt var garnacho frampå på ny. reduseringa til 2–3 skapte ny nerve i kampen, men arsenal heldt ut sluttminutta og tek med seg ei eittmålsleiing til returoppgjeret.

    Viktig Lyn-siger i botnoppgjeret mot Glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, September 5, 2025 KL:19:53)
    lyn slo bodø/glimt 2–1 borte i toppseriekampen på fredag, og skaffa seg avstand til nedrykksstriden. bortelaget tok leiinga 1–0 etter 26 minutt spelt på aspmyra. knappe to minutt etter fekk gjestane ein sjanse til å doble leiinga. lyn blei tildelt straffe, men jenny røsholm olsen skaut ballen rett i hanskane til målvakta. minutta etter fekk begge lag fleire sjansar til å skåre, utan å få ballen i mål. i andre omgang klarte olsen på lyn endeleg å skåre – 2–0 til lyn. vertane fekk eit trøystemål då claudia cagnina skåra ti minutt etter. kampen som var eit viktig oppgjer i botnen av toppserie-tabellen, enda 2–1 til lyn. laga ligg som tabellnaboar med kort veg ned til nedrykkskvalifisering.

    Vill walisisk jubel – enda med stortap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 9, 2025 KL:22:56)
    frankrike var enorme favorittar mot wales i gruppespelet i em. dei innfridde til slutt ved å vinne 4-1, men wales klarte å sjokkere. etter rundt 13 minuttar spelt utlikna jessica anne fishlock for wales. det såg ut til at dei hadde vunne em, da dei feira hemningslaust. det er det første målet wales har scora i eit meisterskap nokosinne. dei heldt unna ganske lenge, men like før pause sende kadidiatou diani frankrike tilbake i leiinga med ein straffescoring. andre omgang var prega av keepertabbar. safia middleton-patel rota først med ballen i beina, deretter bomma ho på ballen etter eit innlegg. frankrike vann kampen 4–1. etter to kampar har dei full pott, medan england og nederland har tre poeng. wales har null poeng før siste gruppespelkamp.

    Slo tilbake etter pipekonsert

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, June 30, 2025 KL:20:56)
    eit frustrert publikum buet og sende brann i garderoben med pipekonsert mot sandefjord i pausen, men då joachim soltvedt scora i sluttminutta og sikra tre poeng var nok alt tilgitt. – denne kampen her må vi lære litt av. det er ein dårleg kamp av oss, sa matchvinnaren til tv 2 etter kamp. brann klatrar med sigeren måndag forbi rosenborg og opp på sølvplass i eliteserien. laget ligg sju poeng bak serieleiar viking. trass at «vi vinnar serien i år» til tider runga over brann stadion, var det tydleg eit skuffa heimepublikum som sende laga i garderoben til pause. – dei kan pipe viss dei vil. vi gjere vårt beste. vi prøver og vinne og så er vi ikkje heilt skarpe nok framfor mål. vi har iallfall lukka igjen og så har vi ein omgang igjen, så alt kan skje, sa felix horn myhre til tv 2 i pausen. brann-trenar freyr alexandersson fekk spørsmål om pipekonserten var fortent. – det synst eg ikkje, men folk må ha sine haldningar, svarte islendingen til tv 2. pipekonserten frå dei over 15.000 tilskodarane var ikkje til å misforstå. heller ikkje gjestane frå sandefjord varta opp med festfotball i første del av kampen. gjestane fekk eit mål annullert i første omgang for offside.

    Bizet Ildhusøy lagde straffe da Chelsea og Reiten vann FA-cupen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 18, 2025 KL:16:32)
    celin bizet ildhusøy blei blant syndarane da chelsea og guro reiten vann 3–0 mot manchester united i fa-cupfinalen. like før pause kom ein ball ut i returrommet. erin cuthbert tok med seg ballen og bizet ildhusøy strekte ut ein fot og felte ho. trass i protestar frå den norske spelaren var ikkje dommaren i tvil. sandy baltimore sette inn 1–0. på tribunen kunne ein sjå tennisstjerna serena williams feire målet saman med dottera og mannen alexia ohanian som eig ein andel av chelsea. i andre omgang heada catarina macario inn kampens andre mål. på overtid la baltimore på til 3–0. ingrid terland starta også kampen for manchester united. lisa naalsund blei bytta inn for raudtrøyene. på overtid fekk også guro reiten nokre minuttar på banen.

    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 27, 2025 KL:21:14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hattrick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hattrick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hat-trick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hat-trick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Horneland i fransk drama: Kamp stoppa etter skandalescener

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 20, 2025 KL:21:37)
    rivaloppgjeret mellom saint etienne og lyon blei avbroten like før pause då ein gjenstand trefte assistentdommaren i hovudet. det kunne sjå ut til at det var ein mynt som blei kasta. eirik horneland er trenaren til saint etienne som er i djup poengnaud for å ikkje rykke ned frå den øvste divisjonen i frankrike. etter ti minuttar sende lucas stassin saint etienne i leiinga. hornelands lag låg på 17. plass på tabellen før kampen. det var seks poeng opp til trygg grunn.

    Rekdal med krass pausekritikk: Poengdeling mot opprykksrivalen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 31, 2025 KL:20:53)
    det enda 2–2 då 1. divisjon braka i gang med to av opprykksfavorittane i aalesund og lillestrøm. aalesund-trenar kjetil rekdal likte ikkje det han såg frå laget før pause. – me har vore elendige, synest eg. me har vore pinglete på alt, tør ikkje spele sjølv. svake defensivt, eit veldig engsteleg aalesund-lag. viss me ikkje hevar oss, så kjem me til å tape, sa rekdal til tv 2 i pausen. første omgang var prega av mykje mål. tangotrøyene gjekk i leiinga etter fem minutt med scoring frå claudio braga. knappe ti minuttar seinare utlikna eric kitolano, men heimelaget gjekk opp i leiinga att med scoring frå david jóhannsson. like før pause sørgde thomas lehne olsen for at laga gjekk inn til pause på stillinga 2–2. rekdals menn fekk ein god start på annan omgangen ved å få tildelt eit straffespark, men mads hedenstad redda forsøket frå paul ngongo. – eg rekker å få opp foten der. det er sjølvsagt deilig det. poengdeling er vel for så vidt greitt, seier hedenstad til tv 2 etter kampen. det blei ikkje fleire mål i kampen og det enda 2–2. – viss du ser alt i alt så fortener me ikkje å vinne, såpass ærlege må me vere. me blei betre i andre omgang, men me er framleis eit stykke frå det nivået me bør vere på, seier rekdal. andre resultat i 1. divisjon: odd – skeid 2–1 start – sogndal 2–1 stabæk – hødd 1–1 egersunds ik – mjøndalen 3–2 kongsvinger – åsane 1–1 ranheim – lyn 0–3

    Slot varslar samtaler etter megabommen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, February 20, 2025 KL:13:36)
    liverpool-manager arne slot likte dårleg det han såg av darwin núñez etter supermissen i premier league-møtet med aston villa onsdag. nunez kunne sendt liverpool framfor med 3–2 og sikra sigeren på villa park, men sette ballen høgt over da målet stod gapande opent. liverpool-manager arne slot seier han kan akseptere ein bom og peikar på at nunez har scora fleire viktige mål tidlegare denne sesongen. – det som var litt vanskelegare å akseptere, var oppførselen hans etter bommen. eg trur den gjekk litt for mykje utover hovudet hans. han var ikkje den vanlege darwin som jobbar sokkane av seg, seier nederlendaren. utsegna er omtalt av sky sports. – for meg handlar det ikkje om den sjansen. det er heller dei 20 minuttane som følgde etterpå eg ønsker å snakke med han om, legg slot til. 2-2-kampen onsdag betyr at arsenal kjem litt nærmare i tittelkampen i premier league. sundag skal liverpool ut mot manchester city på bortebane.




    Nasjonsligaen: Sverige rykker opp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, November 16, 2024 KL:22:42)
    viktor gyökeres og alexander isak scora måla for heimelaget då sverige slo slovakia 2–1 i nasjonsligaen laurdag kveld. sigeren betyr at sverige har vunne si gruppe på nivå c og rykker opp til nivå b. slovakia blir nummer to og får spele kvalifisering mot eit lag som endar på tredjeplass i si gruppe på nivå b. dávid hanck scora slovakia sitt mål. dei fekk milan skriniar utvist i sluttminutta.

    L`Équipe: Mbappé startar på benken mot Nederland

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, June 21, 2024 KL:13:27)
    den franske storavisa l`équipe melder at frankrike si store stjerne kylian mbappé startar på benken em-kampen mot nederland i kveld. spissen pådrog seg eit nasebrot i opningskampen mot austerrike i gruppe d sist måndag. sidan har det blitt laga ei ansiktsmaske som det er tenkt at han skal bruke resten av meisterskapen. mbappé brukte maska på den siste treninga før kampen mot nederlendarane. dei første 15 minuttane av treninga var open for media, og det var tydeleg at 25-åringen sleit med å få den skikkeleg tilpassa. han var stadig oppe i fjeset og justerte den. mbappé var berre med på dei enklaste delane av treninga, skreiv avisa la parisien. det er venta at frankrike sitt angrep vil bestå av antoine griezmann og marcus thuram. (©ntb/nrk)

    Romania utklassa Ukraina etter draumemål

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, June 17, 2024 KL:16:52)
    eit draumetreff frå romanias kaptein nicolae stanciu sette standaren. ukraina måtte til slutt sjå seg slått 3-0 av eit effektiv rumensk lag. ukraina pressa frå start, men etter nesten halvtimen var det romania som kunne sleppe jubelen laus. eit frykteleg utspel hamna rett i beina på romanias lunin. ballen finn etter kvart kaptein nicolae stanciu som kliner til frå 16-meteren. eit effektiv rumensk lag dobla leiinga like etter pause. denne gong er det razvan marin som får eit draumetreff frå 25-meter. berre minuttar seinare aukar denis dragus til 3–0. man tek eit kort hjørnespark og drar seg inn i ukrainas 16-meter, før han finn dragus, som får ei enkelt oppgåve med å setje ballen i mål.

    Sveits slo Ungarn etter praktmål

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 15, 2024 KL:16:54)
    to nydelege nettkjenningar i første omgang og eit mål på overtid sikra sveitsarane 3–1 siger mot ungarn i ems andre kamp. 12 minutt ut i kampen spelar michel aebischer opp i bakrommet og leverer ein draumepasning til kwadwo duah, som i kveld spelte sin andre landskamp for sveits. han er iskald og skyt ballen lekkert opp i det venstre hjørnet. sveitsarane måtte imdlertidig vente før dei kunne sleppe jubelen laus for fult. målet vart først annullert, men ein var-sjekk gjorde om på offsiden. på tampen av første omgang var det mannen som serverte første mål som viste fram meir ballkunst. frå 20 meter tar michel aebischer ein touch i bana før han bøyer ballen elegant ned i lengste ved stolperota. ungarn meir på hogget etter sidebyte og i det 66 minutt kom reduseringa. barnavás varga styrer ballen i mål med pannebrasken. ungarn heldt fram med å presse, men i sluttminutta opna dette mogelegheit for sveits, og breel embolo med ein utsøkt lobb punkterte kampen tre minutt på overtid.




    Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, October 3, 2023 KL:22:59)
    galatasaray audmjuka manchester united på eiga gras og vann 3–2 i kveldens meisterligaoppgjer. to mål frå danske rasmus højlund var ikkje det nok til å få erik ten hag og united ut av krisa. raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. innlegget går frå casemiro til marcus rashford som sender ballen presist til højlund framfor mål. gjestane frå tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. den tidlegare united-spelaren wilfried zaha får eit hjarteleg gjensyn med old trafford og utliknar fem minutt seinare. han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet. men dette så lenge ut til å bli united sin danske dreng sin store kveld. først får han eit mål annullert for offside. minutta seinare kjem han på ei kontring. iskaldt lempar han ballen over fernando muslera i målet til galatasaray. som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. kerem aktürkoglu utliknar for galatasaray berre minutta etterpå. så får gjestane straffe og casemiro blir sendt i garderoben etter to gule kort. mauro icardi bommar på mål. men han får sin revansj like etterpå. leverer ein lekker chip frå 15 meter i dette møtet med onana, og sender galatasaray-fansen til himmels. gjestane frå tyrkia kan reise heim frå old trafford med tre poeng.




    Sterk innspurt gir Jerv nytt håp

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, October 30, 2022 KL:19:03)
    med siste spark på ballen sette mikael ugland inn 2-2 for jerv mot tromsø, og heldt dermed liv i jervs håp om ein ny sesong i eliteserien. alle måla kom i dei siste 20 minutta i kampen. to tromsø-mål i løpet av eitt minutt gav tromsø 2-0. sakarias opsahl dundra inn det første etter 75 minutt. mindre enn eit minutt etterpå la same opsahl pasninga som eric kitolano dobla leiinga på. jerv slo tilbake med redusering fire minutt før ordinær tid var ute, då peter wilson scora på retur frå tromsø-keeperen. og åtte minutt på overtid kom utlikninga. jerv er framleis solid plassert i tabellbotnen, men avstanden fram til sandefjord på kvalikplass er berre fire poeng når to kampar står att.

    Brann-maskinen durar vidare

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, August 14, 2022 KL:20:14)
    brann er framleis utan tap i 1. divisjon, og slo raufoss 3–0 i bergen søndag. fredrik pallesen knudsen gav brann 1–0 i første omgang, og aune heggebø plussa på med to mål i løpet av dei ti siste minutta. brann har 16 poeng ned til ranheim på andreplass og 18 til sandnes ulf på tredje etter 19 serierundar. både ranheim og ulf tapte poeng søndag. ranheim spela 1–1 i fredrikstad, og ulf tapte 2–3 for kfum oslo. kfum avgjorde med tre mål på fem minutt midt i andre omgang, og er nummer fire. stabæk forverra sin situasjon ved å tape 2–3 for nedrykkstrua stjørdals-blink, og slapp sogndal heilt opp i ryggen. sogningane slo til med 4–0 i bortekampen mot mjøndalen. grorud er solid plassert i botnen, og er framleis utan siger etter 1–2 for bryne. også blink er under streken, trass sigeren, ettersom skeid slo åsane 2–0.

    Overtidsdrama i Cardiff

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, June 8, 2022 KL:22:50)
    wales trudde dei hadde teke poeng mot nederland då rhys norrington-davis utlikna etter to av seks overtidsminutt. men etter fire av dei seks minutta greidde wout weghorst å gjenopprette nederlands leiing, og gjestene vann 2-1. teun koopmeiners hadde gitt nederland leiing like etter pause. nederland har full pott etter to rundar i gruppe a4. wales har tapt bege sine kampar.


    Idrettsminister ber om unnskyldning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, May 30, 2022 KL:14:53)
    frankrikes idrettsminister ber om unnskyldning for dei 2700 tilskodarane med billettar som aldri fekk sett finalen i meisterligaen mellom real madrid og liverpool. – vi er ekstremt lei for at dei ikkje kom seg inn på stade de france, seier idrettsministeren amelie oudea-castera. innanriksminister gérald darmanin seier at politiets resolutte innblanding hindra at det gjekk liv tapt utanfor stadion i timane og minutta før kampstart. darmanin erkjenner at enkelte polititenestemenn hadde brukt tåregass for å roe gemytta, men at dei ikkje kunne lastast for dette. – den avgjerda blei tatt for å redde liv, seier innanriksministeren. i storbritannia uttrykte ein talsmann for statsminister boris johnsen skuffelse over politiets handlemåte laurdag kveld. – vi er svært skuffa over korleis dei (liverpool-supporterane) blei behandla, seier talsmannen, ifølge afp.

    Ildhusøy fransk cupmeister

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 15, 2022 KL:21:03)
    paris saint-germain valsa over nivå-to-laget yzeure med 8-0-siger i den franske cupfinalen. frå benken såg celin bizet ildhusøy lagvenninnenes målshow. det blei som venta aldri ein spennande duell i dijon. psg leidde 3–0 allereie etter ni minutt, og storlaget heldt ikkje igjen. to nye mål følgde de fire neste minutta. 0–6 sto det på lystavla ved pause. marie-antoinette katoto herja og noterte hattrick i første omgang. i tillegg blei ashley lawrence og sara däbritz tomålsscorarar. cuptittelen var paris saint-germains tredje. dei to tidlegare kom i 2010 og 2018. ildhusøy blei sitjande på psg-benken gjennom kampen. ho forlét vålerenga til fordel for den franske klubben i fjor sommar. lyon hadde før sesongen vunne åtte av de ni siste cupfinalane, men ada hegerbergs lag rauk i vinter ut mot psg (0–3) i åttedelsfinalen.

    Everton i trøbbel etter to raude

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 15, 2022 KL:19:29)
    everton såg lenge ut til å berge seg ut av nedrykksstriden i premier league. men med to raude kort tapte dei 2-3 for brentford, og er framleis i fare. dominic calvert-lewin gav heimelaget 1-0, og everton dominerte, før jarrad braintwaithe blei utvist etter 18 minutt. seamus coleman laga sjølvmål, men richarlison gav everton 2-1 på straffe like før pause. etter pause dominerte brentford, og youane wissa og rico henry snudde kampen med to raske mål. i evertons offensiv for utlikning i sluttminutta blei salomon rondon også utvist, og heimelaget måtte avslutte med ni mann. men everton, som har spela på øvste nivå i england sidan 1954, har likevel lagnaden sin i eigne hender. ettersom burnley tapte og leeds spela uavgjort, vil everton vere sikre med ein siger til. dei møter crystal palace onsdag og arsenal søndag.

    Straffe til Real

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 26, 2022 KL:20:52)
    manchester city tar imot real madrid til den første av to semifinalar i champions league tysdag kveld. følg og høyr kampen direkte her. etter to minutt sørga kevin de bruyne for 1-0 til heimelaget etter ei stupheading av verdsklasse. etter 11 minutt sørga gabriel jesus for at city no er oppe i tomålsleiing. i det 33. minuttet sørga karim benzema for redusering for real madrid. det stod 2-1 til pause, no er 2. omgang blåst i gang. etter sju minutt sørga phil foden for at city gjekk opp til 3-1. berre minuttar seinare kom det ny spenning i kampen då vinícius júnior gjekk på aleine og skåra real sitt andre mål. etter 74 minutt sørga city for ny tomålsleiing då bernardo silva dunka ballen i krysset. men så reduserte real madrid igjen, denne gongen på straffe. karim benzema var sikker i si sak og reduserte til 4-3.

    Ny spenning

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 26, 2022 KL:20:52)
    manchester city tar imot real madrid til den første av to semifinalar i champions league tysdag kveld. følg og høyr kampen direkte her. etter to minutt sørga kevin de bruyne for 1-0 til heimelaget etter ei stupheading av verdsklasse. etter 11 minutt sørga gabriel jesus for at city no er oppe i tomålsleiing. i det 33. minuttet sørga karim benzema for redusering for real madrid. det stod 2-1 til pause, no er 2. omgang blåst i gang. etter sju minutt sørga phil foden for at city gjekk opp til 3-1. berre minuttar seinare kom det ny spenning i kampen då vinícius júnior gjekk på aleine og skåra real sitt andre mål. etter 74 minutt sørga city for ny tomålsleiing då bernardo silva dunka ballen i krysset.

    Sørloth mest verdfull i Sociedad

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, April 26, 2022 KL:12:40)
    alexander sørloth (26) er kåret til real sociedads mest verdfulle spelar i april. det opplyser den spanske klubben på sin twitter-konto tysdag. sørloth har scora eitt mål på dei fire ligakampane som er spelt denne månaden. det kom i 2-1-sigeren borte mot elche. trønderen har fått mykje speletid på klubblaget den siste tida. han spelte alle 90 minutta i tre av kampane i april. mot elche blei han bytta ut etter 68 minutt. sørloth er lånt ut til real sociedad frå leipzig denne sesongen. avtalen går ut i sommar. spekulasjonane rundt trønderen si framtid er for lengst starta. nyleg blei det kjent at den tyrkiske storklubben besiktas har plassert den norske landslagsspissen høgt på si ønskjeliste før sommarens overgangsvindauge. sørloth har ei høg stjerne i tyrkisk fotball frå tida i trabzonspor. der hadde den norske landslagsstjerna stor suksess. no håpar besiktas å lokke trønderen tilbake til superligaen.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »