Sport

    Arsenal tok første stikk i ligacupsemifinalen – slo Chelsea 3–2
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 14, 2026 KL:22:55)
    Arsenal sikra seg eit godt utgangspunkt då dei slo Chelsea 3–2 på bortebane i den første ligacup-semifinalen tysdag. Bortelaget tok kommandoen frå start. Ben White sytte for leiing då han kriga inn det første målet, noko som også var den einaste skåringa i første omgang. Etter kvilen skrudde Arsenal opp tempoet. Viktor Gyökeres dobla leiinga etter forarbeid frå nettopp White, og bortelaget såg ut til å kontrollere alt på Stamford Bridge. Alejandro Garnacho tente håpet for heimefansen då han reduserte til 1–2 etter 57 minutt, men Martín Zubimendi slo raskt tilbake. I det 71. minutt smalt han ballen i hjørnet og sytte for tomålsleiing til Arsenal. Chelsea nekta å gje seg, og i det 83. minutt var Garnacho frampå på ny. Reduseringa til 2–3 skapte ny nerve i kampen, men Arsenal heldt ut sluttminutta og tek med seg ei eittmålsleiing til returoppgjeret.

Ord sky bassert på artikkel: 1074050
Arsenal - ligacupsemifinalen - Chelsea - utgangspunkt - bortebane - Bortelaget - kommandoen - einaste - skåringa - skrudde - tempoet - Gyökeres - leiinga - forarbeid - nettopp - bortelaget - kontrollere - Stamford - Alejandro - Garnacho - heimefansen - reduserte - Zubimendi - tilbake - hjørnet - tomålsleiing - Reduseringa - sluttminutta - eittmålsleiing - returoppgjeret -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »