Hovedsiden

Liten annonse
    Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 27. april 2025 KL:21.14)
    det vart ein skikkeleg målfest mellom viking og tromsø. på overtid vart det scora tre mål. kampen enda 4–4 og poengdeling i stavanger. tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden. målet kom etter at vikings marin over roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. ballen spratt vidare til jakob romsaas som serverte ballen vidare til vegard erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål. same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til tromsø. så starta målfesten i stavanger. henrik heggheim reduserte først til 1-2, før jens hjertø-dahl tok tromsø opp til 1-3. to minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert edvin austbø. på ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål. men festen var lang frå over. viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for herman haugen som utlikna, før martin ove roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i stavanger og hattrick for vegard erlien. viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »