Sport

    Evjen måtte av med skade – Glimt tilbake på tabelltopp
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Idag. - (søndag 26. juli 2026 KL:18.52)
    På ein utseld Jotun Arena tok Sandefjord imot Bodø/Glimt søndag ettermiddag. Gjestene fekk ein drøymestart då Ole Brynhildsen sende dei gulkledde i føringa allereie etter eitt minutt. Bodø/Glimt var laget som styrte det meste før pause, og skapte dei største sjansane. Sandefjord kom likevel til nokre moglegheiter, men utan å få ballen i mål. Etter kvilen var det heimelaget som kom best i gang og fekk ein stor sjanse tidleg i omgangen, men avslutninga gjekk utanfor. Håkon Evjen kom inn for Glimt – men midtbanespelaren måtte forlate bana igjen etter rundt eit kvarter med skade. I sluttminutta jagde Sandefjord mål og kom til fleire store sjansar, men utan utteljing. Bodø/Glimt fekk også sine moglegheiter, og med eit halvt minutt igjen til full tid sette Jens Petter Hauge inn 2–0. På overtid fastsette Mikkel Bro Hansen sluttresultatet til 3–0. Med sigeren tok Bodø/Glimt med seg tre poeng og klatra til toppen av tabellen. Like bak ligg Viking, som har to kampar mindre spelt. Dei møter Ålesund klokka 19.15 og kan ta tilbake tabelltoppen med siger.

Ord sky bassert på artikkel: 1109988
tilbake - tabelltopp - Sandefjord - ettermiddag - Gjestene - drøymestart - Brynhildsen - gulkledde - føringa - allereie - største - sjansane - likevel - moglegheiter - heimelaget - omgangen - avslutninga - utanfor - midtbanespelaren - forlate - kvarter - sluttminutta - sjansar - utteljing - overtid - fastsette - sluttresultatet - sigeren - tabellen - Ålesund - tabelltoppen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »