Sport

    Ildhusøy fransk cupmeister
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 15, 2022 KL:21:03)
    Paris Saint-Germain valsa over nivå-to-laget Yzeure med 8-0-siger i den franske cupfinalen. Frå benken såg Celin Bizet Ildhusøy lagvenninnenes målshow. Det blei som venta aldri ein spennande duell i Dijon. PSG leidde 3–0 allereie etter ni minutt, og storlaget heldt ikkje igjen. To nye mål følgde de fire neste minutta. 0–6 sto det på lystavla ved pause. Marie-Antoinette Katoto herja og noterte hattrick i første omgang. I tillegg blei Ashley Lawrence og Sara Däbritz tomålsscorarar. Cuptittelen var Paris Saint-Germains tredje. Dei to tidlegare kom i 2010 og 2018. Ildhusøy blei sitjande på PSG-benken gjennom kampen. Ho forlét Vålerenga til fordel for den franske klubben i fjor sommar. Lyon hadde før sesongen vunne åtte av de ni siste cupfinalane, men Ada Hegerbergs lag rauk i vinter ut mot PSG (0–3) i åttedelsfinalen.

Ord sky bassert på artikkel: 740703
Ildhusøy - cupmeister - Germain - franske - cupfinalen - lagvenninnenes - målshow - spennande - allereie - storlaget - minutta - lystavla - Antoinette - noterte - hattrick - tillegg - Lawrence - Däbritz - tomålsscorarar - Cuptittelen - Germains - tidlegare - sitjande - gjennom - Vålerenga - klubben - sesongen - cupfinalane - Hegerbergs - åttedelsfinalen -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »