Hovedsiden

Liten annonse

    Fotballfantasien

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: Igår. - (Saturday, September 26, 2026 KL:21:49)
    kvinnelege fotballspelarar legg opp langt tidlegare enn menn. no er det forska på kva som kan vere grunnen – og kva som kan hindre det.

    Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, September 8, 2026 KL:10:08)
    styret i sogndal fotball il har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser klubben. på årsmøtet skal det veljast nytt styre. – avgjerda er teken med omsut for klubben og eit ønske om å leggje best mogleg til rette for vegen vidare, skriv styret i meldinga. styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover. det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar. dagens styre består av jan rune årøy, trude ramstad, nina olsen munthe, knut armand iversen, øyvind heimset larsen og tom rune kongelf. dei siste månadane har klubben vore prega av uro. i sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar luis pimenta. måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta, etter at han vore borte frå rolla sidan 26. juni.


    Scora fire minutt etter innhoppet – Bodø/Glimt tok komfortabel siger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, July 12, 2026 KL:16:26)
    i solsteika i oslo tok kfum imot bodø/glimt søndag ettermiddag. starten på kampen var prega av mykje spel fram og tilbake, med sjansar til begge lag. det var likevel bortelaget som fekk den første scoringa. etter 24 minutt klinka sondre brunstad fet ballen høgt opp i nettmaskene og sende glimt i føringa. mot slutten av den første omgangen festa bodø/glimt grepet om kampen og pressa vertane tilbake på eiga banehalvdel. kfum hadde sine moglegheiter til å svare. magnus grødem kom til eit par sjansar, men jærbuen greidde ikkje å finne vegen til mål. bodø/glimt måtte klare seg utan sentrale spelarar som patrick berg, jens petter hauge og fredrik bjørkan, men det hindra ikkje dei gulkledde i å ta kontroll etter pause. i det 69. minutt kom andreas helmersen inn for kasper høgh. berre fire minutt seinare markerte innbytaren seg då han sette inn 2–0 til bortelaget. sigeren gjer at bodø/glimt held fram på tredjeplass i eliteserien, bak viking og tromsø. kfum blir ståande på 13. plass på tabellen.

    Pimenta tek pause som Sogndal-trenar – Bakke tar over

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, June 26, 2026 KL:10:50)
    sogndal fotball er samde med hovudtrenar luis pimenta om han trer til side fram til 3. juli. det opplyser klubben i ei pressemelding. bakgrunnen er ei uromelding frå spelargruppa om framferda til pimenta overfor nokre spelarar, ei sak mellom anna sogn avis har omtalt. sogndal fotball skriv at begge partar er opptekne av å undersøkt saka grundig. eirik bakke er mellombels hovudtrener for klubben. han vil leie laget mot egersund på laurdag og mot kongsvinger 3. juli.







    Noregs VM-kvalifiseringstropp mot Slovenia

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 30, 2026 KL:14:09)
    dei norske fotballkvinnene skal ut i eit dobbeltoppgjer mot slovenia i vm-kvalifiseringa. først på heimebane på ullevaal stadion 14. april, før dei reiser til slovenia 18. april. noreg har tre poeng på dei første to kampane og ligg på andreplass i gruppa. noreg vann sin første kamp 1–0 mot austerrike, før dei tapte stort for tyskland 0–4. – vi ønsker å prestere og fortsette slik vi gjorde mot austerrike og tyskland. slovenia er eit velorganisert lag, det blir ein stor test for oss, sa landslagstrenar gemma grainger på pressekonferansen. guro reiten sin overgang til usa og gotham fc vart eit tema på pressekonferansen. – for meg er det viktig at guro er glad både på og utanfor bana, og dette verka som ein veldig positiv overgang for ho. og det er det viktigaste for oss. dette er troppen: keeperar: cecilie hauståker fiskerstrand, selma panengstuen, sunniva skoglund forsvar: tuva hansen, guro bergsvand, thea bjelde, marit bratberg lund, mathilde hauge harviken, julie blakstad, ingrid syrstad engen, marthine østenstad midtbane: vilde bøe risa, guro reiten, justine kvaleng kielland, lisa fjeldstad naalsund, frida leonhardsen maanum, karina sævik, emilie joramo angrep: signe gaupset, synne sofie kinden jensen, caroline graham hansen, ada martine stolsmo hegerberg, elisabeth terland, cathinka tandberg emilie woldvik og andrea norheim er også med som treningsspelarar i troppen. kvinnene sitt fotball-vm går av stabelen i brasil sommaren 2027. berre gruppevinnaren i kvalifiseringa tar seg direkte dit, medan resten skal ut i omspel.




    Landslagstroppen er klar – Reiten står over kampar for Noreg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, November 19, 2025 KL:14:50)
    28. november møter noreg brasil til privatlandskamp. tre dagar seinare skal dei spele mot danmark. landslagssjef gemma grainger har tatt ut troppen til dei to kampane. 26 spelarar er tatt ut: målvakter: cecilie hauståker fiskerstrand, selma panengstuen, sunniva skoglund. forsvarsspelarar: tuva hansen, guro bergsvand, thea bjelde, marit bratberg lund, emilie woldvik, mathilde hauge harviken, andrea norheim, ingrid syrstad engen, julie blakstad. midtbanespelarar: vilde bøe risa, emilie joramo, justine kvaleng kielland, lisa naaslund, frida maanum, karina sævik, emma stølen godø. angrepsspelarar: signe gaupset, synne jensen, cathinka tandberg, caroline graham hansen, ada hegerberg, elisabeth terland, anna jøsendal. chelsea-spelar guro reiten er ikkje med i troppen. ho og sambuaren har ho fått ein son. – me gratulerer og gir ho tid til å vere i lag med sine næraste, sa grainger då ho presenterte troppen onsdag.





    Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 19, 2025 KL:12:03)
    det er berre nokre dagar sidan patrick thoresen la skøytene på hylla. no er han klar for ein ny rolle i noregs ishockeyforbund. han skal vere sportsleg ansvarleg for a-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – me håpar at han kan bli forlenga, men der patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær petter salsten. – det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier thoresen. thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. då var han ein del av djurgården i den svenske toppdivisjonen. han har også spelt for fleire storklubbar som philadelphia flyers (nhl), edmonton oilers (nhl) og ska st. petersburg (khl). hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i ol og vm for noreg. (nrk/ntb)

    Ingen avtale mellom Lyn og amerikanske investorar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 8, 2025 KL:10:29)
    lyn og sporting jax og ubuntu går ikkje vidare i prosessen, melder vg. det bekreftar klubben i eit informasjonsskriv i klubbens aksjonærar. –hovudårsaka til at prosessen ikkje førte fram, handla primært om at me ikkje fann ein samarbeidsmodell i kvardagen som var god nok for begge partar, seier styreleiar i lyn john-arne grøsland. grøsland skriv vidare at sporting jax og ubuntu ynskja å vere ein aktiv og involvert eigar, særleg knytt til utvikling og utveksling av spelarar gjennom akademiet sitt i sør-afrika.

    Montenegrinsk klubb straffast for kampfiksing – blir utestengt frå europeiske turneringar i ti år

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, July 16, 2025 KL:20:50)
    den montenegrinske klubben arsenal tivat får ikkje lov til å delta i europeiske turneringar dei neste ti åra. uefa straffar klubben for kampfiksing. utestenginga er knytt til ein kvalifiseringskamp i conferenceligaen i 2023. det europeiske fotballforbundet gjev klubben ein bot på 500 000 euro, tilsvarande nesten 6 millionar kroner. fire spelarar og ein klubbfunksjonær er blitt sanksjonert i saka. uefa gjev ikkje detaljar om sjølve kampfiksinga, men seier at klubben sitt regelbrot i ein kvalifiseringskamp mot amenske alashkert. laga spelte uavgjort 1–1 i armenia, medan alashkert vann returoppgjeret i montenegro 6–1. (ntb)

    Walisisk EM-lag i trafikkulykke

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, July 8, 2025 KL:16:43)
    wales sitt fotball-lag hamna i ei trafikkulykke på veg til trening på st gallen arena tysdag, melder bbc. ingen blei skadd i ulykka. det walisiske landslaget var på veg til trening før kampen mot frankrike på onsdag, men måtte avlyse treninga. – fotball er sekundært, sa trenar rhian wilkinson. fotballforbundet i wales bekreftar at landslagsbussen har vore i eit trafikkulykke. – vi har prioritert å fjerne spelarar frå staden og returnert til treningsbasen for å fullføre førebuingane før morgondagens kamp. – det handlar om å ikkje overreagere – berre passe på at dei er samla og med dei riktige personane rundt seg for å kunne ta avgjerder, sa rhian wilkinson på pressekonferansen etter ulykka.


    HamKam signerte ny spelar – avslørar at 18-åringen har trent under «falsk» namn

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 26, 2025 KL:19:19)
    nigerianaren peter sunday (18) signerte torsdag kontrakt med fotballklubben hamkam. namnet fekk enkelte til å stusse. sunday har trent med hamkam i ei lengre periode, og fekk sine fyrste minutt som innbytar i treningskampen mot kfum. i lokalpressa har han likevel blitt omtala som peter monday. no viser det seg at han eigentleg heiter sunday. «i ein fotballverd der alle er ute etter dei største talenta er det viktig å halde korta tett til brystet når ein finn spennande spelarar», skriv hamkam på eigne nettsider. – det er heilt bevisst at vi har kalla han peter monday. når du har eit slikt namn så er det enkelt å lage ein spøk på det og ha det litt moro, seier sportssjef jørgen bjørn. (ntb)

    Røssing-Lelesiit herja for G19-landslaget i 2-2-kamp mot England i EM-sluttspelet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, June 14, 2025 KL:18:13)
    alexander røssing-lelesiit storspelte og leverte mål og assist då noregs g19-landslag spilte 2–2 mot england i fyrste kamp i em-sluttspelet i romania. den 18-årige hamburg-spillaren herja på venstresida, og motspelarar frå premier league-klubbar makta ikkje å stoppe han. røssing-lelesiit utlikna med eit soloraid der han rykte forbi chelsea-spelar harrison murray-campbell og skaut i mål bak arsenal-keeper tommy setford. seinare la han opp til leiarmålet, som blei scora av sondre granaas. med mathias øren i ryggen fall shumaira mheuka då dei venta på eit engelsk innlegg. dommaren peika på straffemerket. i det 80. minutt sette mikey moore inn 2–2. (©ntb)


    Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, June 3, 2025 KL:17:51)
    kven som kvalifiserer seg til vm i 2026 avheng stort av fredagens kamp på ullevaal. vinnaren av gruppa går direkte til vm i usa, canada og mexico. – det er ein viktig kamp. me møter vår tøffaste motstandar. me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa giovanni di lorenzo da han møtte pressen før italia møter noreg. napoli-spelaren fortel at italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er noregs farlegaste våpen. – me er klar over dei gode spelarane noreg har. som haaland, ødegaard og sørloth. det er kvalitetsspelarar. noreg fekk ein draumestart på vm-kvalifiseringa ved å slå moldova og israel på bortebane. italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter noreg. kampen på fredag kan du høyre på nrk sport frå 20.15. kampstart er 20.45.







    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hattrick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hattrick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.

    Solskjærs menn snudde kampen mot botnlag - Hat-trick av Immobile

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, April 25, 2025 KL:20:55)
    ein hard pressa ole gunnar solskjær og hans besiktas fekk ein brutal start mot botnlaget hatayspor antakya i den tyrkiske superligaen, men vann til slutt kampen komfortabelt 5–1. abdulkadir parmak gav gjestane ei 0–1 leiing 20 minutt ut i kampen, etter eit vakkert innlegg frå bilal boutobba. heimelaget utlikna vel kvarteret seinare på eit straffespark signert ciro immobile. rafa silva var på full fart mot mål, då han innanfor 16-meteren vart felt, omringa av to hatayspor-spelarar. vel fem minutt ut i andre omgang blir det nytt straffespark til besiktas etter ein hands. igjen er det italienske immobile som set ballen trygt i mål og solskjærs menn har snudd kampen. berre minutta seinare tar rafa silva heimelaget opp til 3–1. immobile sikra seg hat-trick med kveldens tredje mål like etterpå. den definitive spikaren i kista blir sett av keny arroyo som fastsette sluttresultatet til 5–1. besiktas ligg etter kvelden oppgjer i istanbul på 3. plass med 52 poeng etter 31 kampar, 25 poeng bak serieleiar galatasaray. hatayspor ligg nest sist på tabellen med 20 poeng.



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »