Hovedsiden

Liten annonse
    Vålerenga klare for finale etter kontroversar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot brann, men det var ikkje utan kontroversar. for karina sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa vålerenga-spelaren til nrk i pausen. i andre omgang skjedde det igjen. sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – det er jo straffe det. mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier nrks fotballekspert carl-erik torp. like etter pause sette diljá zomers inn leiinga for brann. halvvegs i andre omgang utlikna olaug tvedten. med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. den sette elise thorsnes i mål. – eg er framleis forbanna. eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier sævik etter kampen. vålerenga møter rosenborg i cupfinalen. den blir spelt 23. november og blir sendt på nrk 1.

    Viking rakna fullstendig

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (lørdag 27. september 2025 KL:20.00)
    viking leia 3–1 da det sto 97 minutt på kampuret. men likevel tok dei ikkje med seg alle tre poenga mot sarpsborg 08. – me skal sjølvsagt vinne når me leiar så langt ut på overtid. det er utilgiveleg det som skjer, seier viking-kaptein zlatko tripic til tv 2. på eit frispark druste sveinn aron gudjohnsen eit frispark i mål sju minutt på overtid. da det var spelt 99 minutt utlikna michael opoku for sarpsborg. med siger hadde viking fått ei luke på tre poeng ned til bodø/glimt på 2. plass, men med sju kampar att har dei berre ei luke på eitt poeng ned til glimt, som også har ein kamp mindre spelt.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »