Sport

    Vålerenga klare for finale etter kontroversar
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 28. september 2025 KL:17.53)
    Vålerenga tok seg til cupfinalen etter å ha vunne 2–1 mot Brann, men det var ikkje utan kontroversar. For Karina Sævik blei felt to gonger i motstandarens sekstenmeter og var krystallklar i pausen på kva ho synest om den første situasjonen. – Det er openbert for alle som kan fotball at det er straffe. Eg spurte dommaren etterpå om det er lov til å springe folk ned bakfrå og fekk ikkje noko svar på det, så det er tydelegvis lov, sa Vålerenga-spelaren til NRK i pausen. I andre omgang skjedde det igjen. Sævik blei riven i trøya og sparka i foten inne i boksen. – Det er jo straffe det. Mister jo heile balansen, både med haldinga og sparket i foten, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp. Like etter pause sette Diljá Zomers inn leiinga for Brann. Halvvegs i andre omgang utlikna Olaug Tvedten. Med dryge ti minutt att fekk heimelaget straffespark. Den sette Elise Thorsnes i mål. – Eg er framleis forbanna. Eg synest det er dårleg dømt, båe dei situasjonane. Men ho klarer det på tredje forsøk å dømme rett, me vinn i dag, så det får vere greitt, seier Sævik etter kampen. Vålerenga møter Rosenborg i cupfinalen. Den blir spelt 23. november og blir sendt på NRK 1.

Ord sky bassert på artikkel: 1048822
Vålerenga - kontroversar - cupfinalen - motstandarens - sekstenmeter - krystallklar - situasjonen - openbert - fotball - straffe - dommaren - etterpå - springe - tydelegvis - spelaren - skjedde - balansen - haldinga - sparket - fotballekspert - leiinga - Halvvegs - utlikna - Tvedten - heimelaget - straffespark - Thorsnes - framleis - forbanna - situasjonane - Rosenborg - november -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »