Hovedsiden

Liten annonse
    Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, September 8, 2026 KL:10:08)
    styret i sogndal fotball il har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser klubben. på årsmøtet skal det veljast nytt styre. – avgjerda er teken med omsut for klubben og eit ønske om å leggje best mogleg til rette for vegen vidare, skriv styret i meldinga. styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover. det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar. dagens styre består av jan rune årøy, trude ramstad, nina olsen munthe, knut armand iversen, øyvind heimset larsen og tom rune kongelf. dei siste månadane har klubben vore prega av uro. i sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar luis pimenta. måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta, etter at han vore borte frå rolla sidan 26. juni.


    Luis Pimenta får sparken frå Sogndal Fotball

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, September 7, 2026 KL:20:16)
    det melder klubben i ei pressemelding. sogndal fotball vedtok tidlegare å gjennomføra eksterne undersøkingar. grunnen var «motteke bekymringsmeldingar og interne undersøkingar vedrørande hovudtrenar luis pimenta», skriv dei i meldinga. dei har måndag avslutta arbeidsforholdet til pimenta. klubben vil ikkje kommentera saka ytterlegare no. det har tidlegare kome fram at bekymringsmeldingane gjeld påstandar knytt til åtferda til pimenta og til haldningane hans. eirik bakke held fram som hovudtrenar ut sesongen. – me er glade for at eirik ønskjer å halda fram som hovudtrenar. han kjenner klubben svært godt og har gjort ein viktig jobb for klubben og laget dei siste månadene. me opplever at han har skapt ro, tryggleik og utvikling, seier dagleg leiar ingrid narum. bakke har vore mellombels hovudtrenar sidan slutten av juni.










    Smerud ferdig som Brann-trenar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 25, 2025 KL:19:49)
    leif gunnar smerud er ferdig som trenar for brann kvinner. det melder klubben på sine nettsider. smerud blei henta inn i august i år. sesongen enda med seriegull, og brann vann alle kampar i toppserien sidan august. smerud blei òg kåra til årets trenar i toppserien. – etter sesongen har me hatt gode samtalar, som viser at me tenker ulikt om vegen vidare, skriv klubben. – sjølv om ein går inn i noko med dei aller beste intensjonar, så veit alle som har hatt nokre jobbar, at det ikkje er alt ein ser før ein har tatt fatt, seier smerud i pressemeldinga. – eg vil takke spelarane, støtteapparatet, klubben og supporterane for tida saman – og ønsker brann alt det beste vidare.













    Femsteinevik og Tandrevold står over Blink-konkurransar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, August 8, 2025 KL:08:57)
    ragnhild femsteinevik og ingrid landmark tandrevold står over helgas blink-konkurransar, melder noregs skiskyttarforbund i ei pressemelding. femsteinevik har pådratt seg ein forkjøling som gjer at ho må stå over helgas konkurransar, – det er sjølvsagt veldig kjedeleg, men helsa kjem fyrst og eg er dessverre ikkje i form til å gå konkurransar. eg skal heie frå sofaen, seier femsteinevik. lagvenninna ingrid landmark tandrevold står over årets blinkfestival. ho har ikkje respondert på trening og føler seg ikkje i form til å gå tøffe konkurransar, står det i pressemeldinga.


    Etterforskinga etter Ødegaard-bryllaupet er over

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, July 29, 2025 KL:11:27)
    påtaleansvarleg hanna sofie karlsdatter aronsen seier til vg at etterforskinga no er over. no ligg saka til vurderinga hos påtaleansvarleg. det blei levert to meldingar til politiet etter bryllaupet til martin ødegaard og helene spilling i juni. sikkerheitsansvarleg geir ellefsen, som også er ansvarleg for det norske fotballandslaget, blei meldt til politiet for kroppskrenking av ein dagbladet-journalist. ellefsen har ikkje ønskt å kommentere noko rundt avhøyret til vg. også se og hør meldte til politiet to andre sikkerheitsvaktar, som fysisk fjerna bladets fotograf ved gjerdrum kyrkje.




    Hushovd om netthetsen mot Uno-X-profilen: – Det finst nett-troll overalt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, July 18, 2025 KL:07:50)
    uno-x-ryttar tobias halland johannessen fekk trugslar i innboksen etter kollisjonen med tadej pogacar onsdag. – hatmeldingar er ubehageleg, men dei har blitt ein del av toppidretten i dag. når ein driv med toppidrett, må ein vere førebudd på å motta trugslar i sosiale medium, seier uno-x-sjef thor hushovd. tobias halland johannessen delte på x at han hadde fått masse hatmeldingar etter onsdagens 11. etappe i tour de france. årsaka var at det norske samanlagthåpet var involvert i velten der sykkelstjerna pogacar gjekk i asfalten i slutten av etappen. hushovd meiner at det ikkje burde vere slik, men at ein likevel må vere førebudd. – det finst nett-troll overalt, seier 47-åringen frå grimstad og held fram: – det er ein del av idretten i dag. det skjer også med ein fotballkeeper som gjer ein tabbe og slepp inn mål, og med dommarar. slik er livet og sosiale medium. (ntb)

    Mbappé trekkjer mobbemelding mot gamleklubben

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, July 7, 2025 KL:20:20)
    fotballstjerna kylian mbappé leverte i juni ei melding der han skulda paris saint-germain for moralsk trakassering, men no har han droppa ho. det opplyser mbappés advokatar til nyheitsbyrået afp måndag. bakteppe for den opphavlege meldinga er ein langvarig krangel om uteståande lønn. (ntb)







    NM-gull til Weng

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Friday, March 28, 2025 KL:14:10)
    heidi weng frå bul il tok gull på 5-kilometeren under nm del 2 på hovden fredag – eg er veldig nøgd. eg var eigentleg stiv frå start til mål, sa heidi weng til tv 2 etter løpet. midt i rennet var weng åtte sekund bak julie myhre frå byåsen il, som tok sølvet. myhre sikra seg dermed sin andre nm-medalje på to dagar, sidan ho også var med på å vinne lagsprinten torsdag. – dette var tøft. eg prøvde å disponere det eg hadde, men det var tungt på slutten, sa myhre til tv 2 etter ho hadde kome i mål, men før ho visste at løpet heldt til medalje. i mål var myhre ni sekund bak weng. bronsen gjekk til guro bostad frå strindheim il. ho var 15 sekund bak weng i mål. – det var ein krig. det var berre å gi gass. fem kilometer, så det er berre å gi gass og miste hovudet, sa bostad til tv 2. ps. i ein tidlegare versjon av meldinga stod det at weng tok sitt første nm-gull sidan 2016. det er feil. ho vart også noregsmeister i fjor.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »