Sport

    Luis Pimenta får sparken frå Sogndal Fotball
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: Idag. - (Monday, September 7, 2026 KL:20:16)
    Det melder klubben i ei pressemelding. Sogndal Fotball vedtok tidlegare å gjennomføra eksterne undersøkingar. Grunnen var «motteke bekymringsmeldingar og interne undersøkingar vedrørande hovudtrenar Luis Pimenta», skriv dei i meldinga. Dei har måndag avslutta arbeidsforholdet til Pimenta. Klubben vil ikkje kommentera saka ytterlegare no. Det har tidlegare kome fram at bekymringsmeldingane gjeld påstandar knytt til åtferda til Pimenta og til haldningane hans. Eirik Bakke held fram som hovudtrenar ut sesongen. – Me er glade for at Eirik ønskjer å halda fram som hovudtrenar. Han kjenner klubben svært godt og har gjort ein viktig jobb for klubben og laget dei siste månadene. Me opplever at han har skapt ro, tryggleik og utvikling, seier dagleg leiar Ingrid Narum. Bakke har vore mellombels hovudtrenar sidan slutten av juni.

Ord sky bassert på artikkel: 1112017
Pimenta - sparken - Sogndal - Fotball - klubben - pressemelding - tidlegare - gjennomføra - eksterne - undersøkingar - Grunnen - motteke - bekymringsmeldingar - interne - vedrørande - hovudtrenar - avslutta - arbeidsforholdet - Klubben - kommentera - ytterlegare - bekymringsmeldingane - påstandar - åtferda - haldningane - sesongen - ønskjer - kjenner - månadene - opplever - tryggleik - utvikling - mellombels - slutten -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »