Hovedsiden

Liten annonse


    Scora fire minutt etter innhoppet – Bodø/Glimt tok komfortabel siger

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 12. juli 2026 KL:16.26)
    i solsteika i oslo tok kfum imot bodø/glimt søndag ettermiddag. starten på kampen var prega av mykje spel fram og tilbake, med sjansar til begge lag. det var likevel bortelaget som fekk den første scoringa. etter 24 minutt klinka sondre brunstad fet ballen høgt opp i nettmaskene og sende glimt i føringa. mot slutten av den første omgangen festa bodø/glimt grepet om kampen og pressa vertane tilbake på eiga banehalvdel. kfum hadde sine moglegheiter til å svare. magnus grødem kom til eit par sjansar, men jærbuen greidde ikkje å finne vegen til mål. bodø/glimt måtte klare seg utan sentrale spelarar som patrick berg, jens petter hauge og fredrik bjørkan, men det hindra ikkje dei gulkledde i å ta kontroll etter pause. i det 69. minutt kom andreas helmersen inn for kasper høgh. berre fire minutt seinare markerte innbytaren seg då han sette inn 2–0 til bortelaget. sigeren gjer at bodø/glimt held fram på tredjeplass i eliteserien, bak viking og tromsø. kfum blir ståande på 13. plass på tabellen.



    Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 25. juni 2026 KL:23.57)
    elfenbeinskysten vann 2-0 over curaçao og sikra andreplassen i gruppe e. det afrikanske laget kan difor bli noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i vm. allereie etter sju minutt spelt gjekk elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa. yan diomande gjorde forarbeidet og fann nicolas pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. med det fekk pépé også si fyrste skåring i meisterskapet. curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for vm-debutanten. i andre omgang fekk pépé ein sjanse til å doble leiinga. han fekk ein pasning av ibrahim sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet. elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. det afrikanske laget kan møte noreg i ein 16.-delsfinale, dersom noreg tapar eller spelar uavgjort mot frankrike på fredag.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »