Hovedsiden

Liten annonse
    Landslagssjefen slit med sjukdom før avskjedskampen

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (tirsdag 12. mai 2026 KL:13.28)
    avtroppande landslagssjef jonas wille stod over dagens trening med handballandslaget. haldensaren følte seg ikkje i form og lot resten av trenarteamet stå for siste trening før vm-kvalifiseringskampen mot tyrkia i morgon. vm-kvalifiseringa er siste opptreden for wille som landslagssjef. han fekk ikkje fornya tillit etter em-nedturen tidlegare i vinter. landslagslege thomas torgalsen seier til nrk at han forventar at wille vil leie laget under onsdagens kamp. returkampen blir spelt i tyrkia 16. mai og laget som vinn samanlagt er kvalifisert for vm i tyskland neste år. wille tar over som trenar for den sveitsiske klubben kadetten schaffhausen i sommar.

    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (søndag 3. mai 2026 KL:18.25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Dei engelske laga vidare i Europa

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 16. april 2026 KL:22.58)
    aston villa og nottingham forest tok seg vidare frå kvartfinale i europaligaen, medan crystal palace tok seg vidare i serieligaen. det stod likt mellom nottingham forest og porto før torsdagens oppgjer. berre åtte minutt var spelt då jan bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla wood i kneet. bortelaget var derfor med ein mann mindre. jørgen strand larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom palace og fiorentina. det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane. det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til crystal palace. det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. morgan gibbs-white fyrte av frå 20 meter. i kampen mellom aston villa og bologna hadde villa eit solid forsprang frå førre kamp. med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1. i semifinalen i europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal nottingham forrest spele mot aston villa.

Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »