Sport

    Dei engelske laga vidare i Europa
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (torsdag 16. april 2026 KL:22.58)
    Aston Villa og Nottingham Forest tok seg vidare frå kvartfinale i Europaligaen, medan Crystal Palace tok seg vidare i Serieligaen. Det stod likt mellom Nottingham Forest og Porto før torsdagens oppgjer. Berre åtte minutt var spelt då Jan Bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla Wood i kneet. Bortelaget var derfor med ein mann mindre. Jørgen Strand Larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom Palace og Fiorentina. Det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men Fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane. Det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. Etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til Crystal Palace. Det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. Morgan Gibbs-White fyrte av frå 20 meter. I kampen mellom Aston Villa og Bologna hadde Villa eit solid forsprang frå førre kamp. Med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1. I semifinalen i Europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal Nottingham Forrest spele mot Aston Villa.

Ord sky bassert på artikkel: 1084555
engelske - Nottingham - kvartfinale - Europaligaen - Crystal - Serieligaen - torsdagens - oppgjer - Bednarek - stempla - Bortelaget - Fiorentina - forsprang - spennande - heimebane - italienske - forspranget - samanlagt - utnytta - heimelaget - Bologna - oppgjeret - semifinale - semifinalen - kvarandre - Forrest -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »