Hovedsiden

Liten annonse

    Mexicos keeperlegende bytt inn: – Eit vakkert siste kapittel

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, June 25, 2026 KL:04:56)
    guillermo ochoa (40) fekk eit høgt hylla innhopp for mexico i 3-0-sigeren over tsjekkia. og det på heimebane, på den mektige azteca-stadion i mexico by. – min første kamp; azteca. min siste kamp; azteca. eit vakkert siste kapittel i min karriere. takk skal dykk ha, alle saman, sa keeperlegenda på mexicansk tv etter kampen. mexicanarane var allereie gruppevinnar, mens tsjekkia no er ute. etter ein start på kampen utan dei store sjansane, fekk vertsnasjonen hol på byllen ti minutt etter pause. det starta på mexico sin halvdel, før romo spelar gjennom mateo chávez som hamna aleine mot keeper. han sikra mexico sitt første mål i kampen. seks minutt etter skåra julián quiñones det andre målet for mexico. eit fullsett azteca var storfornøgde med leiinga, men kvarteret før slutt fekk dei noko nytt å juble for då keeperlegende guillermo ochoa blei bytt inn. han har vore involvert i seks vm-sluttspel, men berre spelt i fire. tre minutt på overtid kom den tredje skåringa for heimelaget. álvaro fidalgo sette ballen i mål etter ein lang ball frå ochoa. – han er et eksempel for oss alle. han er den første som kjem på treningssenteret, og den siste som drar, seier målscorar chávez om ochoa. – dette er glasuren på kaka for ein fantastisk karriere. han er eit forbilde, han har veileda gruppa med sin erfaring og eg er veldig glad på hans vegne, seier chávez.






    Nye tre poeng til Tromsø – slo Sandefjord 

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, April 26, 2026 KL:18:57)
    tromsø toppar tabellen etter nok ein trepoengar i eliteserien. søndag vann til 3-1 mot sandefjord. mennene til jørgen vik har storspelt i serieopninga, og bortsett frå 1–1 mot lillestrøm har bronsevinnaren frå i fjor vunne samtlige kamper i eliteserien. heine åsen larsen starta målfesten for heimelaget. etter eit kvarter spelt skaut han ballen mellom beina på hadaya. etter ein halvtime doblatromsø leiinga, vetle skjærvik fekk hjelp av ruben yttergård jenssen. i andre omgang tente sandefjord eit lite håp, evangelos patoulidis skåra frå hjørnet på 16. meteren. men ti minutt etter fekk tromsø eit mål til. då var det troy nyhammer som sette ballen i nettet. onsdag ventar ny kamp for tromsø, som nok ein gong møter brann til dyst i ein framskunda kamp, denne gongen på heimebane. i andre serierunde vann tromsø 2–1 borte mot brann.

    Dei engelske laga vidare i Europa

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, April 16, 2026 KL:22:58)
    aston villa og nottingham forest tok seg vidare frå kvartfinale i europaligaen, medan crystal palace tok seg vidare i serieligaen. det stod likt mellom nottingham forest og porto før torsdagens oppgjer. berre åtte minutt var spelt då jan bednarek fekk raudt kort etter å ha stempla wood i kneet. bortelaget var derfor med ein mann mindre. jørgen strand larsen kom på banen etter pausen i kampen mellom palace og fiorentina. det engelske laget hadde eit solid forsprang frå førre kamp, men fiorentina klarte å gjere det spennande på heimebane. det italienske laget vann kampen 2-1, men det var ikkje nok til å ta att forspranget. etter to kampar blei det samanlagt 4-2 til crystal palace. det utnytta heimelaget som skåra etter 12 minutt. morgan gibbs-white fyrte av frå 20 meter. i kampen mellom aston villa og bologna hadde villa eit solid forsprang frå førre kamp. med fire nye mål i det andre oppgjeret, tok det engelske laget seg vidare til semifinale etter samanlagt 7-1. i semifinalen i europaligaen møter dei engelske laga kvarandre, då skal nottingham forrest spele mot aston villa.

    Noregs VM-kvalifiseringstropp mot Slovenia

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 30, 2026 KL:14:09)
    dei norske fotballkvinnene skal ut i eit dobbeltoppgjer mot slovenia i vm-kvalifiseringa. først på heimebane på ullevaal stadion 14. april, før dei reiser til slovenia 18. april. noreg har tre poeng på dei første to kampane og ligg på andreplass i gruppa. noreg vann sin første kamp 1–0 mot austerrike, før dei tapte stort for tyskland 0–4. – vi ønsker å prestere og fortsette slik vi gjorde mot austerrike og tyskland. slovenia er eit velorganisert lag, det blir ein stor test for oss, sa landslagstrenar gemma grainger på pressekonferansen. guro reiten sin overgang til usa og gotham fc vart eit tema på pressekonferansen. – for meg er det viktig at guro er glad både på og utanfor bana, og dette verka som ein veldig positiv overgang for ho. og det er det viktigaste for oss. dette er troppen: keeperar: cecilie hauståker fiskerstrand, selma panengstuen, sunniva skoglund forsvar: tuva hansen, guro bergsvand, thea bjelde, marit bratberg lund, mathilde hauge harviken, julie blakstad, ingrid syrstad engen, marthine østenstad midtbane: vilde bøe risa, guro reiten, justine kvaleng kielland, lisa fjeldstad naalsund, frida leonhardsen maanum, karina sævik, emilie joramo angrep: signe gaupset, synne sofie kinden jensen, caroline graham hansen, ada martine stolsmo hegerberg, elisabeth terland, cathinka tandberg emilie woldvik og andrea norheim er også med som treningsspelarar i troppen. kvinnene sitt fotball-vm går av stabelen i brasil sommaren 2027. berre gruppevinnaren i kvalifiseringa tar seg direkte dit, medan resten skal ut i omspel.

    Noregs landslagstropp mot Slovenia

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, March 30, 2026 KL:14:09)
    dei norske fotballkvinnene skal ut i eit dobbeltoppgjer mot slovenia i vm-kvalifiseringa. først på heimebane på ullevaal stadion 14.4 før dei reiser til slovenia 18.4. noreg har tre poeng på dei første to kampane og ligg på andreplass i gruppa. noreg vann sin første kamp 1–0 mot austerrike, før dei tapte stort for tyskland 0–4. – slovenia er eit velorganisert lag, det blir ein stor test for oss, sa landslagstrenar gemma grainger på pressekonferansen. dette er troppen: keeperar: cecilie hauståker fiskerstrand, selma panengstuen, sunniva skoglund forsvar: tuva hansen, guro bergsvand, thea bjelde, marit bratberg lund, mathilde hauge harviken, julie blakstad, ingrid syrstad engen, marthine østenstad midtbane: vilde bøe risa, guro reiten, justine kvaleng kielland, lisa fjeldstad naalsund, frida leonhardsen maanum, karina sævik, emilie joramo angrep: signe gaupset, synne sofie kinden jensen, caroline graham hansen, ada martine stolsmo hegerberg, elisabeth terland, cathinka tandberg emilie woldvik og andrea norheim er også med som treningsspillere i troppen.

    Italia slapp med skrekken i VM-omspelet

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, March 26, 2026 KL:22:38)
    italia tok seg vidare til finale i vm-omspelet, då dei slo nord-irland 2–0 på heimebane. italia var det førande laget i bergamo utan å skape dei største sjansane. men like før timen fekk dei hol på byllen, då sandro tonali sette inn kampens første scoring. etter 80 minutt var tonali servitør då moise kean dobla leiinga for dei blå og kvite. italia har ikkje vore i vm sidan 2014, og no gjenstår berre ein kamp før dei kan kvalifisere seg. dei møter vinnaren av wales og bosnia-hercegovina i finalen, som vert spelt neste tysdag. dei andre oppgjera i semifinalane i vm-omspelet: tyrkia – romania, 1–0 tsjekkia – irland, 2–2 (ekstraomgangar held på) danmark – nord-makedonia, 4–0 polen – albania, 2–1 slovakia – kosovo, 3–4 ukraina – sverige, 1–3 wales – bosnia-hercegovina, 1–1 (ekstraomgangar held på)


    Noreg fortset å imponere i EM-kvalifiseringa – vann mot Bosnia-Hercegovina

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 18, 2025 KL:19:49)
    noreg sitt u21-landslag held fram med poengfangsten i em-kvalifiseringa. dei norske herrane vann 1-0 over bosnia-hercegovina i den tredje kampen i kvalifiseringa, og tar med seg tre poeng frå sarajevo. men det skulle ikkje bli enkelt for u21-laget. i styrtregnet i bosnia-hercegovina hadde noreg fleire sjansar i fyrste omgang, utan at ballen hamna i nettmaskene. det snudde i andre omgang. i det 70. minutt skyt sindre walle egeli ballen i nærmaste stolpe. bosnia-målvakta glepp ballen med dei våte hanskane sine, og han trillar over streken. noreg vinn 1-0 og leiar gruppa si etter tre kampar spelt. neste motstandar er nederland på heimebane i mars. em blir spelt i albania og serbia i 2027.


    Bodø/Glimt knuste Molde: – Dei leikar seg

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, October 26, 2025 KL:18:50)
    bodø/glimt held fram det gode spelet i eliteserien, etter 4-1-mot molde søndag kveld, er nordlendingane berre eitt poeng bak viking i eliteserien, med ein kamp mindre spelt. i sigeren mot molde var det sjølvsagt bodø/glimt som tidleg tok grep om kampen. allereie etter kvarteret spelt opna dei gulkledde målkontoen. bodø/glimt rulla opp ei herleg angrep. fredrik sjøvold la ballen attende til kaptein patrick berg som frå 16–17 meter enkelt skrudde ballen rundt molde si målvakt karlström. berg sitt mål var på sin plass i kampen glimt brukar til å feire 50-årsjubileum for cuptriumfen deira over vard i 1975, der bestefar harald berg var kaptein. – det var ein 50-årsdag verdig etter triumfen i 1975, seier patrick berg til tv 2 etter kampen. ifølgje tv2-kommentator peder mørtvedt har bodø/glimt scora først i 25 av 25 kampar i eliteserien 2025. og det heldt fram med å gå på skeiner for glimt i jubileumskampen på aspmyra. dei gule fekk straffe etter at jalal abdullai tok eit godt grep rundt kasper høgh, og med det vart det dømt straffe til heimelaget. sondre brunstad fet var sikker frå kritmerket, og glimt gjekk til pause med 2–0. men da mange trudde at molde var køyrt, så dukka oskar spiten-nysæter opp. han tek ballen frå risa ned på brystkassa, dyttar unna fredrik bjørkan før han fossa inn i glimt sin 16-meter, og med venstrefoten banka han inn sitt første molde-mål. halvvegs inn i andre omgang så slukna molde sitt håp igjen. molde sin målvakt karlström blir sett under press, og spelar da ballen ut til jacob christensen. håkon evjen snik seg framfor dansken og klinkar til å direkten. ballen går i mål, og så var bodø/glimt oppe i 3–1. – dei leikar seg mot slutten av kampen her, kommenterte tv 2 sin kommentator peder mørtvedt. banens beste patrick berg tykte etter kampen at dei måtte få godkjent i 4-1-sigeren. – det er heilt ok. det er lenge sidan vi har vore så gode mot molde på heimebane, seier berg til tv 2. mot slutten av kampen heldt bodø/glimt i gang overkøyringa av molde. andreas helmersen var sistemann på ballen. kampen enda med det 4–1 til bodø/glimt. molde har det på andre sida noko verre. med fire serierundar att ligg dei på 13.-plass i ligaen, fem poeng framfor bryne som ligg på plassen som gjev nedrykkskvalifisering.

    Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, October 19, 2025 KL:20:11)
    vålerengas mathias grundetjern var klar i talen då han prata med nrk etter 2-1-tapet mot hamkam, søndag. ylldren ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «klanen». «uspiselig» kallar grundetjern det. i eit intervju med tv 2 før kampen, kalla ibrahimaj også vålerenga-fansen for «søpla». – dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. at dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier ibrahimaj til nrk. grundetjern, som skåra vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen. – han er tidlegare lsk-spelar, så det seier jo sitt, seier vålerenga-spissen. – fotball er følelsar. dei meine kva dei vil. men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier ibrahimaj.

    Brann-trenaren før Utrecht-kampen: – Galskap

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, October 1, 2025 KL:13:45)
    viss me presterer vårt beste kan me slå alle, spesielt på heimebane, seier brann-trenar freyr alexandersson på pressekonferansen før torsdagens kamp. brann skal spele sin andre kamp i ligaspelet i europaligaen mot nederlandske utrecht. i den fyrste kampen blei det eit knipent 1-2-tap mot franske lille. trenaren er ikkje einig med dei som meiner at den gode prestasjonen hadde null verdi sidan brann treng alle poenga dei kan få om dei skal vidare i ligaspelet. – det er galskap å seie at kampen mot lille ikkje hadde noko verdi sidan det enda med tap. me får mykje ut av kvar kamp, seier alexanderrson. han møtte pressa i lag med keeper mathias dyngeland, onsdag. alexandersson meiner brann har blitt betre dei siste månadane og har utvikla seg bra. – me har blitt dyktigare på mange område, legg han til. (nrk/ntb)



    Nypan klar for Middlesbrough

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 19, 2025 KL:11:01)
    sverre nypan (18) blir lånt ut til middlesbrough, det bekreftar klubben på sine nettsider. nypan blei i sommar seld frå rosenborg til manchester city. det blei tidleg klart at han skulle bli lånt bort. med riverside stadium i middlesbrough som hans nye heimebane, er nypan klar for nivå to i engelsk fotball. nypan møtte middlesbrough-fansen for fyrste gong på måndag, der han mellom anna skreiv autografar under den årlege opne treningsøkta til klubben. nypan slo gjennom for rosenborg i 2024 med åtte mål og sju målgjevande pasningar på 28 kampar. han har sidan vore ein viktig brikke for laget. sidan blei nypan seld til city, noko trønderane meldte som noregs største sal nokon gong. klubben gjekk ikkje ut med salssummen.






    Kongshaug med gull på 1500-meteren!

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, March 16, 2025 KL:12:37)
    peder kongshaug var i tårer og rista på hovudet da gullet på 1500-meteren på heimebane var eit faktum. det er det første norske gullet på distansen sidan håvard bøkko tok det i 2011. – han slår store gigantar med merittlister lange som bøker. det er eit ganske stort rykk opp sånn cv-messig, seier skøyteekspert i nrk even wetten. for i det nest siste paret klokka nordmannen inn på 1:44.64, og stjernene kjeld nuis og jordan stolz klarte ikkje å slå tida hans. stolz fekk sølv og connor howe tok bronsen. ungguten didrik eng strand (19) imponerte stort med tida 1:45.67 og kom med det på 7. plass. gullvinnaren på 5000-meteren, sander eitrem fekk det litt tungt og klokka inn på 1:45.75 på plassen bak eng strand.





    Cupsmell for Ødegaard og Arsenal

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, January 7, 2025 KL:22:53)
    arsenal har eit tøft utgangspunkt før returoppgjeret mot newcastle i ligacupen. det første semifinale-oppgjeret tapte arsenal nemleg 2–0 på heimebane tysdag kveld. alexander isak sende høgtflygande newcastle i leiinga tidleg i første omgang, medan anthony gordon dobla leiinga tidleg i andre omgang. arsenal hadde ei rekkje store sjansar. blant anna hamra gabriel martinelli ballen i stonga før pause, medan kai havertz ikkje fekk treff med hovudet då han fekk ballen på sølvfat i 2. omgang. men det ville seg ikkje for dei raudkledde denne kvelden. martin ødegaard spelte heile kampen for arsenal. returoppgjeret i newcastle blir spelt 5. februar. tottenham hotspur og liverpool møtest i den andre semifinalen.









Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »