Sport

    Italia slapp med skrekken i VM-omspelet
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, March 26, 2026 KL:22:38)
    Italia tok seg vidare til finale i VM-omspelet, då dei slo Nord-Irland 2–0 på heimebane. Italia var det førande laget i Bergamo utan å skape dei største sjansane. Men like før timen fekk dei hol på byllen, då Sandro Tonali sette inn kampens første scoring. Etter 80 minutt var Tonali servitør då Moise Kean dobla leiinga for dei blå og kvite. Italia har ikkje vore i VM sidan 2014, og no gjenstår berre ein kamp før dei kan kvalifisere seg. Dei møter vinnaren av Wales og Bosnia-Hercegovina i finalen, som vert spelt neste tysdag. Dei andre oppgjera i semifinalane i VM-omspelet: Tyrkia – Romania, 1–0 Tsjekkia – Irland, 2–2 (ekstraomgangar held på) Danmark – Nord-Makedonia, 4–0 Polen – Albania, 2–1 Slovakia – Kosovo, 3–4 Ukraina – Sverige, 1–3 Wales – Bosnia-Hercegovina, 1–1 (ekstraomgangar held på)

Ord sky bassert på artikkel: 1079635
skrekken - omspelet - heimebane - førande - Bergamo - største - sjansane - kampens - scoring - servitør - leiinga - gjenstår - kvalifisere - vinnaren - Hercegovina - finalen - oppgjera - semifinalane - Romania - Tsjekkia - (ekstraomgangar - Danmark - Makedonia - Albania - Slovakia - Ukraina - Sverige -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »