Hovedsiden

Liten annonse



    Gakpo vart helten på overtid etter raudt kort og straffedrama

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, June 8, 2026 KL:22:54)
    privatlandskampen mellom nederland og usbekistan fekk ei svært hendingsrik avslutning og enda til slutt med 2–1-siger til nederland. nederland tok leiinga etter ein dryg halvtime då cody gakpo skåra på straffespark. etter 67 minutt vart heimelaget tvinga til eit keeperbyte då bart verbruggen måtte gå av med ein skade, og mark flekken kom inn. kampen endra karakter tre minutt før full tid då nederlands innbytar, guus til, fekk direkte raudt kort for ei hands utanfor 16-meteren. usbekistan utnytta overtalet, og eitt minutt inn i tilleggstida utlikna innbytar igor sergeev til 1–1. sju minutt på overtid fekk derimot nederland eit nytt straffespark. gakpo sette inn sitt andre mål for kvelden og avgjorde kampen til 2–1. dei usbekiske spelarane protesterte og meinte at gakpo stansa opp i tilløpet, men dommaren lét målet stå.




    Barcelona vann måldrama – skal spele meisterligafinale i Oslo

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Sunday, May 3, 2026 KL:18:25)
    barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 4–2 (5–3 samanlagt) over bayern münchen søndag. det stod 1–1 før det siste og avgjerande oppgjeret i semifinalen. barcelona spelte føre ein fullsett stadion og skåra det første målet i kampen. – dette er ein draum, sa lianne sanderson på disney +. den tidlegare engelske landslagsspelaren snakka om den målgjevande pasninga caroline graham hansen serverte til salma paralluelo. men det tok ikkje lang tid før laga var like langt att, då linda dallmann skåra for bayern münchen. alexia putellas sende heimelaget i leiinga, før både ewa pajor og putellas auka for barcelona. bayern münchen tente eit lite håp då pernille harder reduserte i det 71. minutt. ho skapte ny spenning då ho sette ballen i mål att i det 89. minutt, men målet blei annullert. barcelona skal spele finale i meisterligaen etter at dei vann 5–3 samanlagt. i finalen møter dei franske lyon. finalen blir spelt på ullevaal stadion i oslo laurdag 23. mai. i finalen møter barcelona-spelarane graham hansen og martine fenger dei norske stjernene ingrid syrstad engen og ada hegerberg, som spelar for lyon.

    Snø i Madrid berre timar før skjebnekamp mot Bodø/Glimt

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Wednesday, January 28, 2026 KL:12:10)
    den spanske hovudstaden er ramma av eit snøfall, berre timar før bodø/glimt møter atlético madrid i meisterligaen onsdag. – det er koseleg for glimt-spelarane å vakne opp til snøvêr, så dei føler seg litt heime. når dei ser at det er kaldt og litt kvitt på biltaka, så tenker dei kanskje at sjansane deira aukar litt. madrid-spelarane er nok ikkje så vande til at det snør såpass, men eg trur ikkje det kjem til å påverke banen, seier nrks ekspert carl erik torp. då heimelaget skulle trene tysdag, sørga hagl og regn for at bana flaut over av vatn, og økta måtte utsetjast i 30 minutt. det er meldt rundt fem grader under kveldens kamp. glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot manchester city på aspmyra stadion. sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. i tillegg må fleire andre resultat gå glimt sin veg. madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale. kampen blir spelt kl. 21.00, du kan høyre han på nrk radio.



    Smerud ferdig som Brann-trenar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, November 25, 2025 KL:19:49)
    leif gunnar smerud er ferdig som trenar for brann kvinner. det melder klubben på sine nettsider. smerud blei henta inn i august i år. sesongen enda med seriegull, og brann vann alle kampar i toppserien sidan august. smerud blei òg kåra til årets trenar i toppserien. – etter sesongen har me hatt gode samtalar, som viser at me tenker ulikt om vegen vidare, skriv klubben. – sjølv om ein går inn i noko med dei aller beste intensjonar, så veit alle som har hatt nokre jobbar, at det ikkje er alt ein ser før ein har tatt fatt, seier smerud i pressemeldinga. – eg vil takke spelarane, støtteapparatet, klubben og supporterane for tida saman – og ønsker brann alt det beste vidare.


    New Zealand før Noreg-kampen: Meiner dei har betre sjansar utan Haaland

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, October 13, 2025 KL:09:35)
    det er alltid bra å spele mot dei beste spelarane i verda, seier darren bazeley, landslagstrenar for new zealand då han prata pressa på måndag. søndag kom nyheita om at ståle solbakken sender heim fleire landslagsstjerner før privatlandskampen mot new zealand på tysdag. felix horn myhre dreg heim på grunn av ankeltrøbbel. i tillegg dreg alexander sørloth, julian ryerson, fredrik andré bjørkan og erling braut haaland heim. bazeley meiner new zealand har betre sjansar utan haaland på topp. – han er ein stor målskårar. når han ikkje er på banen er dei ikkje like gode. men dei kan framleis vere gode. det hadde vore fint å møtt han tett på. men det er sikkert bra for oss, seier han. solbakken kunne mellom anna dele at sebastian sebulonsen og sverre nypan får prøve seg mot new zealand på ullevaal stadion, tysdag.




    Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, August 19, 2025 KL:12:03)
    det er berre nokre dagar sidan patrick thoresen la skøytene på hylla. no er han klar for ein ny rolle i noregs ishockeyforbund. han skal vere sportsleg ansvarleg for a-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag. kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år. – me håpar at han kan bli forlenga, men der patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær petter salsten. – det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier thoresen. thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak. – eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier thoresen. 41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. då var han ein del av djurgården i den svenske toppdivisjonen. han har også spelt for fleire storklubbar som philadelphia flyers (nhl), edmonton oilers (nhl) og ska st. petersburg (khl). hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i ol og vm for noreg. (nrk/ntb)

    Solskjær-opptur i Irland

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Thursday, August 7, 2025 KL:22:42)
    ole gunnar solskjær har vore under litt press i besiktas etter skuffande resultat, men i serieliga-kvalifiseringa mot st. patrick`s gjekk det godt. det tyrkiske laget vann 4–1 i det første oppgjeret. joao mario kom på scoringslista og nyervervinga tammy abraham scora hat-trick. mot det irske laget hadde dei også ei markering på draktene før kampen mot det som skjer i gaza. «stopp forbytingane mot menneska», sto det på draktene til besiktas-spelarane.



    Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Tuesday, June 3, 2025 KL:17:51)
    kven som kvalifiserer seg til vm i 2026 avheng stort av fredagens kamp på ullevaal. vinnaren av gruppa går direkte til vm i usa, canada og mexico. – det er ein viktig kamp. me møter vår tøffaste motstandar. me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa giovanni di lorenzo da han møtte pressen før italia møter noreg. napoli-spelaren fortel at italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er noregs farlegaste våpen. – me er klar over dei gode spelarane noreg har. som haaland, ødegaard og sørloth. det er kvalitetsspelarar. noreg fekk ein draumestart på vm-kvalifiseringa ved å slå moldova og israel på bortebane. italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter noreg. kampen på fredag kan du høyre på nrk sport frå 20.15. kampstart er 20.45.



    Dro ned shorts på motstandar

    Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Saturday, April 19, 2025 KL:18:35)
    i oppgjeret mellom crystal palace og bournemouth blei det så høg temperatur at justin kluivert valde å dra av shortsen til ismaïla sarr. situasjon hende like etter pause då palace lagde eit frispark. sarr valde å stille seg framfor kluivert for å hindre han i å sette i gang raskt. medan palace-spelaren stod framfor kluivert tok nederlendaren tak i shortsen til sarr og drog han ned på knea. sarr stod der dermed i berre undertøyet. og hadde ikkje nemneverdig hastverk med å dra dei opp igjen, og valde heller å signalisere til dommaren kva som hadde hendt. kluivert og sarr begynte deretter å dytte på kvarandre. hovuddommar samuel barrott valde å gi båe spelarane gult kort for situasjonen. kampen enda 0–0.
















Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »