Sport

    New Zealand før Noreg-kampen: Meiner dei har betre sjansar utan Haaland
       Kilde: NRK - Sport | Publisert: (Monday, October 13, 2025 KL:09:35)
    Det er alltid bra å spele mot dei beste spelarane i verda, seier Darren Bazeley, landslagstrenar for New Zealand då han prata pressa på måndag. Søndag kom nyheita om at Ståle Solbakken sender heim fleire landslagsstjerner før privatlandskampen mot New Zealand på tysdag. Felix Horn Myhre dreg heim på grunn av ankeltrøbbel. I tillegg dreg Alexander Sørloth, Julian Ryerson, Fredrik André Bjørkan og Erling Braut Haaland heim. Bazeley meiner New Zealand har betre sjansar utan Haaland på topp. – Han er ein stor målskårar. Når han ikkje er på banen er dei ikkje like gode. Men dei kan framleis vere gode. Det hadde vore fint å møtt han tett på. Men det er sikkert bra for oss, seier han. Solbakken kunne mellom anna dele at Sebastian Sebulonsen og Sverre Nypan får prøve seg mot New Zealand på Ullevaal stadion, tysdag.

Ord sky bassert på artikkel: 1052316
Zealand - sjansar - Haaland - spelarane - Bazeley - landslagstrenar - nyheita - Solbakken - landslagsstjerner - privatlandskampen - ankeltrøbbel - tillegg - Alexander - Sørloth - Ryerson - Fredrik - Bjørkan - målskårar - framleis - sikkert - Sebastian - Sebulonsen - Ullevaal - stadion -



Om 123Nyheter.no

123nyheter.no's kompliserte og automatiserte søkemotor-crawler er satt opp etter en rekke avanserte menneskelig manipulerte variabler som den arbeider kontinuerlig ut ifra. Ingen nettsteder kan betale seg høyere opp på treffsidene. Nettstedene hvor nyheters-overskriftene hentes fra, er håndplukket.

123nyheter.no utvikles
av Tveit MEDIA. »